Semje om Fosen-avtale

Meklinga mellom Sør-Fosen sijte og Fosen Vind har resultert i ein minneleg avtale mellom partane, opplyser Olje- og energidepartementet. For den nordlege gruppa med reineigarar er det framleis ikkje semje.

NPK-NTB/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Departementet tok i april 2023 initiativ til ein meklingsprosess mellom partane for å løyse saka. Meklinga har vore leidd av riksmeklar Mats Ruland saman med tingrettsdommar Hanne Sofie Bjelland og reindriftsutøvar Tom Kristian Lifjell. Det er denne prosessen som no har ført fram til ein avtale mellom partane på Sør-Fosen.

– Fosen-saka har vore krevjande for alle partar, og det er ikkje tvil om at saka har vore aller mest belastande for dei familiane som driv med reindrift på Fosen, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Dei samiske familiane har levd med konfliktsaka i mange år.

– Eg er derfor glad for at partane og staten gjennom meklingsprosessen har komme fram til ei samlande, god og framtidsretta løysing. Mitt håp er med dette at også nye generasjonar kan sjå moglegheita for å føre vidare reindrifta på Fosen, seier Aasland.

– Reindrifta sikra i generasjonar

Leif Arne Jåma, som er leiar i Sør-Fosen sijte, seier det er godt å få ei avslutning på ein årelang og uføreseieleg situasjon.

– Avtalen gir føreseielegheit og sikrar reindrifta på Sør-Fosen i generasjonar. Gjennom avtalen er vi sikra tilleggsareal og vetorett på vidare vindkraft etter enda konsesjonstid. Vi ser fram til positive utfordringar og vil arbeide for at vi får ei god samisk reindrift, seier han.

Ifølgje Jåma er det no opp til politikarane å sørgje for at dette ikkje skjer igjen.

– Vi har sett stor pris på den støtta vi har fått gjennom aksjonane og engasjementet frå det norske folket og særleg frå det samiske samfunnet, seier han.

Vetorett

Avtalen skal bidra til å sikre vidare reindrift, mildne dei driftsmessige ulempene og dessutan gi eit grunnlag for framtidig kulturutøving for Sør-Fosen sijte i eit generasjonsperspektiv, ifølgje Olje- og energidepartementet.

«Det legges til rette for at Sør-Fosen sijte skal kunne ta i bruk et tilleggsareal for vinterbeite utenfor Fosen reinbeitedistrikt. Et aktuelt areal må være egnet som vinterbeite og må ligge i akseptabel transportavstand fra Sør-Fosen. På ønske fra partene har staten tatt på seg ansvaret for å gjennomføre en prosess med sikte på å skaffe et slikt tilleggsareal. Det tas sikte på at et areal skal kunne tas i bruk av Sør-Fosen sijte vinteren 2026/27», heiter det i ei pressemelding.

Sør-Fosen sijte samtykkjer til at Fosen Vind får tilgang til å halde fram med å nytte området på Storheia til vindkraftproduksjon ut konsesjonsperioden.

Etter utløpet av konsesjonsperioden er det avtalt at Sør-Fosen sijte får vetorett over den vidare drifta til vindkraftanlegget. Det betyr at rettshavarane ikkje kan søkje om forlenging eller fornying av konsesjonen utan samtykkje frå Sør-Fosen sijte.

– Ikkje løyst

– Det er kjempeviktig å presisere at Fosen-saka ikkje er løyst. Det kjenner eg at eg er veldig redd for, at vi skal sleppe dette no. Det ville vore eit nytt svik mot reindrifta, seier Ella Marie Hætta Isaksen, ifølgje NRK. Ho har vore ein av aktivistane som har fronta Fosen-saka det siste året.

Den nordlege gruppa med reineigarar, Nord-Fosen Siida, er ikkje omfatta av avtalen. Dei forhandlar med utbyggjaren Aneo, og der er det ikkje blitt semje. Isaksen meiner det er sannsynleg at det blir nye demonstrasjonar.

– Eg vil love på vegner av aksjonen at vi vil halde fram å kjempe saman med Nord-Fosen heilt til dei også er i ein situasjon som dei også kan leve med, seier Isaksen.