Ungdomsorganisasjonar om klimarapport: – Forskingas siste naudskrik

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marte Hansen Haugan. Foto: Changemaker

– Dei kan ikkje lenger ignorere ein vitskapleg konsensus som seier vi må slutte å leite etter meir olje.

Det seier Marte Hansen Haugan, 1. nestleiar i Changemaker, i ei pressemelding.

Ungdom frå Changemaker, Framtiden i våre hender, KFUK-KFUM, Spire og Extinction Rebellion set seg i dag framfor Stortinget med bind for auga. Dei markerer ein ny stor klimarapport frå klimapanelet til FN som vart lansert i dag.

Klimaorganisasjonane for unge meiner det er ein ting som gjeld for å nå klimamåla innan 2050: Stans all oljeleiting.

Jonas Kittelsen frå Extinction Rebellion Ung. Foto: Pressemelding Changemaker

– Det er vår felles framtid som står på spel. Noreg blir ikkje eit lågutsleppssamfunn ved å pumpe opp den siste dropen olje, seier Jonas Kittelsen frå Extinction Rebellion Ung.

Markeringa skal vare i tre dagar.

Den største klimarapporten til no

Rapporten frå FN er ein såkalla synteserapport. Det vil seie at det er ei samanfatting av dei forskjellige rapportane som FNs Klimapanel har publisert mellom 2018 og 2022. Den neste gongen ein liknande rapport blir lansert er på 2030-talet.

Over 700 forskarar frå 90 forskjellige land har vore med på å gå gjennom eksisterande klimaforsking og skrive desse rapportane.

Ein ting peikar seg ut: Vi har dårleg tid. Jorda har allereie blitt 1,1 gradar varmare, og oppvarminga er menneskeskapt.

Nokre av tinga rapporten framhevar:

  • Klimaendringar kjem av menneskeskapte utslepp av klimagassar.
  • Dei som slepper ut minst er dei som er påverka mest av klimaendringar.
  • Vi ser allereie konsekvensane av klimaendringar i dag, med blant anna meir ekstremvêr.
  • Verda vil truleg bli 1,5 gradar varmare mellom 2030 og 2035.
  • Dersom vi vil at verda ikkje skal bli meir enn 1,5 gradar varmare, må vi halvere CO₂-utslepp innan 2030, og ha totalt null utslepp innan 2050.

Fleire av desse punkta vart diskuterte under klimatoppmøtet i fjor, der landa blant anna vart einige om eit nytt pengefond for fattige land som blir påverka av klimaendringar.

Eit siste naudskrik frå forskinga

Gina Gylver er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

Natur og Ungdom poengterer i ei pressemelding at dette er den siste store omfattande rapporten om klimaendring frå FN på fleire år. Innan neste rapport, skal verda ha halvert CO₂-utsleppa sine.

– Viss vi ikkje lyttar til vitskapen vil alle krisene politikarane i dag skuldar på når dei ikkje klarer å følgje opp klimamåla – pandemi, ekstremvêr, råvaremangel, energikrise og krig – berre bli forsterka av den omfattande klimakrisa.

Det seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom.

– Dei vil gå utover min generasjon så vanvitig mykje hardare som følgje av klimaendringane. Det finst ikkje fleire unnskyldningar for at verdas leiarar ikkje handlar. I dag høyrer vi forskingas siste naudskrik.


Les også desse sakene: