Noreg har ikkje forsvar mot Russlands rakettar: – Alvorleg, seier ekspertar

Noreg har ikkje luftvern som kan stoppe rakettar Russland bruker i Ukraina. Kampflybasane med milliardflya F35 kan setjast ut av spel viss det blir krig.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det åtvarar ekspertar mot. Forsvaret ønskjer meir langtrekkjande luftvern og meiner det er viktig å få på plass raskt.

Krigen i Ukraina har gjort tydeleg ein brest i det norske forsvaret i eit verste fall-scenario der det blir krig med Russland.

Noreg har tidlegare hatt luftvern mot kort-, mellom- og langdistanserakettar. No er Nasams, eit mellomdistanse-system, det som forsvarer mellom anna kampflybasen Evenes.

Der er den norske beredskapen mot russiske fly plassert.

– Kjenner det på kroppen

– Ein ting eg har fått stadfesta av Ukraina-krigen, er mengda truslar, seier oberstløytnant Stian Negaard Nilsen, bataljonssjef på luftvernsbataljonen på Evenes.

Han viser fram Nasams-systemet som forsvarer mellom anna dei norske F35-flya.

– No har vi berre Nasams som er mellomdistanse. Vi har hol. Spesielt mot ballistiske rakettar, men også mot mindre truslar, seier han.

Nilsen seier mannskapet på fjelltoppen over Evenes kjenner det på kroppen der oppe. Dei kan ikkje handtere heile trusselen.

– De kjenner på at de kunne ha forsvart flystasjonen her betre?

– Heilt klart. Ja. Vi er gode på det vi driv med, vi er gode på Nasams. Men vi treng denne miksen på plass, seier oberstløytnanten.

Portrett av blond mann

Tormod Heier, professor i militær strategi og operasjonar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

– Alvorleg

Professor Tormod Heier ved Stabsskolen seier at det er ei militærfagleg bekymring som er fremja på heile 2000-talet. Først og fremst frå Hæren, men at også Luftforsvaret er bekymra no for presise rakettar plasserte i nordområda.

Dei kan gjere stor skade på norske kampflybasar utan forvarsel, seier Heier til NTB.

– Dermed kan Noregs største fastlandsinvestering i moderne tid, dei moderne F35 jagarflya, få problem med å komme opp i lufta, seier han.

– Når vi veit at desse jagarflya er sjølve navet i det framtidige norske forsvaret, med sensorpakkar og rakettar som gir den norske og allierte forsvarsevna verdifull kraft, er dette alvorleg, seier forsvarsprofessoren.

Set spørsmålsteikn

Heiar understrekar at han ikkje trur Russland kan utgjere nokon trussel på mange, mange år. Men han meiner dei norske flyplassane kan vere viktige mål for Russland i ei tenkt framtidig krise.

Det er fordi flybasane er ei brikke i eit trusselbilete Russland kan sjå for seg i forsvaret av atomstyrken på Kolahalvøya.

Likevel set forskaren spørsmålsteikn ved om det er heilt sikkert at det er meir luftvern Noreg treng mest. Han seier det kan vere andre truslar som er større ein Putins rakettar.

– Då snakkar vi om digitale angrep mot samfunnskritisk infrastruktur, ulike påverknadsoperasjonar mot befolkninga, eller uventa atombombesprengingar og militærøvingar utanfor norsk territorialfarvatn.

Målet vil då ikkje vere å ta ut luftbasar, men å få Noreg til å endre politikk ved å gjere befolkninga engsteleg og svekkje samhaldet.

– I dette perspektivet blir diskusjonen om luftvern på norske flyplassar svært annleis. Kanskje førebur vi oss på feil krig?

Kampfly i hall

Eit F35 kampfly i ein hangar på Evenes flystasjon. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

– Bør heilt klart prioriterast

Førsteamanuensis Lars Peder Haga ved Luftkrigsskolen seier Noreg heilt klart bør prioritere langtrekkjande luftvern.

– Sjefane på Evenes har heilt rett i at dei manglar eit aktivt forsvar mot ballistiske rakettar, seier han til NTB.

Han seier alt mannskapet på flystasjonane kan hjelpe seg med tidleg i ein konflikt viss ballistiske rakettar blir brukte, er sheltere på basen.

Fleire har sagt at Russland ikkje kan utgjere ein trussel mot Noreg no. Dei er for djupt involvert i Ukraina. Haga seier at dei truleg kan bruke fem–seks år på å byggje seg opp etter ei eventuell avslutning av krigen i Ukraina.

– Kan påverke forsvaret av Austersjøen

– Ser vi på geografien og samanliknar med Ukraina, vil mesteparten av Noreg i dei fleste tenkjelege scenario for ein open konflikt med Russland vere meir utsett for angrep med kryssarrakettar og langtrekkjande ballistiske rakettar enn for ein invasjon med landsstyrkar, seier Haga.

I tillegg til å kunne leggje press på og føre til store lidingar hos sivilbefolkninga, kan det og skape andre problem, seier han.

– Det vil også gjere det vanskelegare å ta imot alliert hjelp vi vil vere avhengige av i eit scenario med kamphandlingar på norsk jord, eller allierte styrkar som skal gjennom Noreg og Sverige for å kunne bidra i ein eventuell framtidig konflikt i Østersjøområdet, seier Haga.

Ung kvinne og ung mann

Nuka Shubladze (25) og Nika Barishvili (31). Foto: Ingvild Eide Leirfall