Fosen-aksjonistar: – No må Terje Aasland vakne opp

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Regjeringa prøver å greie ut seg ut av menneskebrotet. Det er veldig tydeleg at det er der ressursane deira har gått, i staden for å gjere noko med det faktiske menneskerettsbrota som skjer. Det er heilt sjukt å veta, seier aktivisten Ida Helene Benonisen.

I høve at regjeringa skulle samle seg for Kongen i statsråd, demonstrerte fleire hundre Fosen-aktivistar framfor slottet. Orda «Urfolksrett er ikkje valfritt, staten har ikkje gjort ein drit» runga blant alle dei oppmøte.

I dag markerte dei at det er 599 dagar sidan Høgsterett kom med sin dom over vindkraftanlegga på Fosen. Dommen var klokkeklar. Vindkraftanlegga på Storheia og Roan utgjer eit brot på FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP) artikkel 27.

Gjennom helga skal Fosen-aktivistane demonstrere i Oslo.

Fosen-aktivistane demonstrerte samtidig som regjeringa skulle samlast til Kongen i statsråd. Det var fleire hundre menneske som møtte opp framfor slottet. Foto: Jonas Yang Tislevoll

Skjedd lite på 100 dagar

For 99 dagar sidan hadde Fosen-aktivistane store demonstrasjonar i Oslo. Der okkuperte dei blant anna Olje- og energidepartementet (OED). Benonisen var ein av dei som tok del i demonstrasjonane den gong.

– Har de tru på framgang etter aksjonen i dag? 

– Alt vi har er håp, og vi kan ikkje la vere å håpe. Vi er til stades og viser at vi er her. Forhåpentlegvis blir det ikkje 600 dagar, seier Benionsen.

Ida Helene Benonisen. Foto: Jonas Yang Tislevoll

Sidan førre aksjon har det skjedd lite. Benionsen er svært opprørt over jobben regjeringa og olje- og energiministeren, Terje Aasland, har gjort i mellomtida.

– Det er ikkje gjort nokon tiltak for at menneskerettsbrota skal opphøyre. I går kom Sannings- og forsoningskommisjonen med sin rapport. Vi kan ikkje starte forsoning, medan det føregår eit menneskerettsbrot. Det er heilt vilt.

Ho har eit tydeleg bodskap til olje- og energiministeren:

– No må du vakne opp, Terje Aasland. 

Absurd situasjon

På slottsplassen hadde leiar av Norske Samers Riksforbund Ungdomsutval, Elle Márgget Nystad ein appell for dei oppmøte. Ho opplever det som absurd at saka står stille.

– Terje Aasland har ansvaret og sit med ein inkompetanse. Støre lova også at han skulle vere innblanda i saka og ta meir ansvar. Kor er han? Eg har ikkje sett han.

Leiar av Norske Samisk Riksforbund Ungdomsutval, Elle Márgget Nystad, med appell framfor slottet. Ho er svært kritisk til jobben regjeringa har gjort. Foto: Jonas Yang Tislevoll

Nystad annonserte at dei ikkje hadde nokon planar om å gi seg med det første.

– På møtet lova Støre at han skulle ta dette på alvor, og at han skulle komme på banen. Det har han ikkje gjort. Når vi blir ferdig her, tar vi og spaserer ned til statsministeren kontor, for å campe og overvake over natta. Vi blokkerer statsministeren sitt kontor, sa Nystad til full jubel hos aktivistane.

– La oss gå ned saman og overvake at Støre faktisk kjem og gjer jobben sin.

Ueinig i kritikken

Til VG seier statsminister Jonas Gahr Støre at han er ueinig i kritikken.

– Eg er ikkje eining med dei at det ikkje er blitt gjort nokon ting. Vi jobbar ganske intenst for å sørge for at norske ordningar er i tråd med det Høgsterett har bestemt. Det vi blant anna har gjort er å få til ordentleg samtaler mellom Fosen-samane, reindrifta, og vindkraftutbyggarane.

– Vi har bedt riksmeklaren, ikkje som riksmeklar, men som ein erfaren konfliktløysar, til å leie dei samtalene for å forsøke å finne ein god løysning.

Statsminister Jonas Gahr Støre er ikkje eining i kritikken i FFoto: Terje Pedersen / NTB/ NPK

Støre presiserer vidare at Høgsterett ikkje har sagt kva som må skje med turbinane.

– Eg har fått høyre kravet om at alle turbinane må bli rivne og teke bort, svaret på det er nei. Høgsterett sin leiar sa etter dommen at dei ikkje har uttala seg om kva som må bli gjort. Det skal bli gjort slik at samane etter internasjonale forpliktingar dei har, kan gjennomføra sine tradisjonelle næringar. Det er vi fast bestemt på at vi skal få til.

Ikkje nokon framgang

Sidan førre demonstrasjon har OED, Fosen-samane og Sametinget hatt eit konsultasjonsmøte. Det enda opp i full usemja mellom partane.

– Det kom jo ingenting godt ut av møtet. Saka står stille igjen. Utgreiingsprogrammet kjem til å vere illegitim og grunnlaust fordi Aasland ikkje tok i mot forslag eller råd frå Fosen-samane og Sametinget, seiar Nystad til Framtida.

– Har du forståing for at regjeringa bruker lang tid?

– Vi har høyrt på repetisjon at Aasland slit med mangel på kunnskap, men no har han vore i ein rekke konsultasjonsmøte med Fosen-samane og Sametinget. Dei har kunnskapen, likevel vil han ikkje høyre på dei. Då må det vere noko veldig gale. Eg har eigentleg ikkje forståing for kva som gjer at det står stille.

I natt skal Fosen-aktivistane slå leir utanfor statsministeren sitt kontor. Foto: Jonas Yang Tislevoll

– Om ikkje det skjer noko etter helga, kva er då planen vidare? 

– Huff, det er jo litt urovekkande at unge samar og aktivistar må sette livet våre på pause kvar 100 dag for å aksjonere. Vi får sjå kva som skjer etter helga, sukkar Nystad.

Nystad seier at ho er glad for støtta og at fleire står i solidaritet med Fosen-samane.

– Dette var det vi ville oppnå. Det og få meir merksemd og støtte for Fosen-samane i ein ganske tung kamp. Det er vi veldig glad for.


Les meir om Fosen-saka: 

Folk sit framfor Slottet.

Elise Sørensen sit framfor slottet i siste dagen med aksjon mot vindparken på Fosen. Foto: Åshild Slåen