Dei russiske oljeselskapa Rosneft og Lukoil får sanksjonar mot seg frå USA, ifølgje ei pressemelding frå det amerikanske finansdepartementet.
Sanksjonane gjeld også dotterselskapa til verksemdene. Dette blir gjort for å presse Russland til å avslutte krigen i Ukraina.
Departementet varsla også at finansinstitusjonar som tilbyr tenester for militærindustrien i Russland, eller gjennomfører store transaksjonar for dei, også kan få sanksjonar mot seg.
EU har også blitt einige om nye sanksjonar mot Russland, denne gongen mot flytande naturgass. Desse sanksjonane vil gjelde frå januar 2027.
Volodymyr Zelenskyj besøkte USA førre veke for å få betre støtte til Ukraina. No har USA varsla sanksjonar mot russiske oljeselskap. | Foto: Official White House Photo by Molly Riley
Japan har fått sin første kvinnelege statsminister
Sanae Takaichi (64) er vald inn som statsminister i Japan, som første kvinne i Japans historie.
Ho representerer partiet LDP (Liberaldemokratisk parti).
Ifølgje CNN er Takaichi konservativ i familiepolitikken, og vil revidere Japan si pasifistiske grunnlov. Kritikarar fryktar både for forholdet til naboland som Kina, og at den økonomiske politikken hennar kan forverre inflasjonen i landet.
Japans statsminister Sanae Takaichi. | Foto: Kim Kyung-Hoon/Pool Photo via AP
Senterpartiet til forhandlingsbordet med regjeringa
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier han er villig til å forhandle om statsbudsjettet. Den siste veka har Arbeidarpartiet blitt kritisert og skulda for løftebrot, etter dei la fram forslaget sitt.
For Senterpartiet er det spesielt ordninga for å slette studiegjeld for dei som bur og arbeider i distriktet og gratis ferjer som har vore viktig.
Desse ordningane var føreslått nedskalert og kutta, men Arbeidarpartiet har snudd, noko som gjer Senterpartiet villige til å kome til forhandlingsbordet.
Senterpartiet kjem til forhandlingsbordet med regjeringa. Trygve Slagsvold Vedum (Sp) etter finanstalen 15. oktober. | Foto: Morten Brakestad / Stortinget
Smykketjuveri frå Louvre
Sundag 19. oktober stadfesta det franske kulturdepartementet at åtte smykkegjenstandar av «uvurderleg verdi» er borte. Ei krone dekt av diamantar har kome til rette, skriv NRK.
Tjuvane brukte ei kran til å kome seg til eit vindauge, som dei så skar opp med elektrisk sag. Ranet tok berre sju minutt. Førebels er ranarane på frifot.
Presidenten i Frankrike, Emmanuel Macron, har kalla innbrotet eit angrep på Frankrikes kulturarv. Han seier dei som har tatt smykka skal stillast for retten.
Gjennom dette vindauget braut tjuvane seg inn. | AP Photo/Thibault Camus
Opnar for å gå gjennom dei etiske reglane for oljefondet
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) har greidd ut for Stortinget om situasjonen til Statens pensjonsfond utland, også kjent som oljefondet. Han vil ha ein gjennomgang av dei etiske retningslinjene til fondet, ifølgje Dagbladet.
Stoltenberg vektlegg at det er viktig at fondet ikkje blir oppfatta som ein politisk aktør som skal fremje Noregs interesser.
Han seier også at det har vorte vanskelegare å vurdere kva selskap som fell innanfor og utanfor retningslinjene til oljefondet sitt etikkråd, og trekker fram store teknologiselskap som Amazon og Microsoft som døme.
Frp, Høgre, Sp og KrF støttar at fondet må halde fram å vere upolitisk, medan SV er kritisk til investeringar i Israel, og Raudt vil leggje Etikkrådet under Stortinget.
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) snakkar om oljefondet i Stortinget torsdag føremiddag. | Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
✨Lyspunkt✨: Ny medisin godkjent for muskelsvinnsjukdom
Ein ny medisin for den sjeldne, arvelege sjukdommen spinal muskelatrofi har no blitt tilgjengeleg for norske pasientar, skriv NRK. Medisinen heiter Evrysdi.
Spinal muskelatrofi fører til gradvis muskelsvakheit og muskelsvinn. Tidlegare har det einaste alternativet for behandling vore Spinraza. Den medisinen blir injisert med sprøyte i ryggen, og kan gi komplikasjonar og smerter.
Den nye medisinen kan drikkast. Sjølv om han er litt mindre effektiv enn Spinraza, er han mindre ubehageleg å bruke, og sjukehusa treng ikkje bruke like mykje personell.
La Roche er firmaet som lagar Evrysdi. | Foto: F. Hoffmann/La Roche Ltd.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.