Historisk avtale på klimatoppmøtet om «fossil omstilling» – miljøorganisasjonar meiner det ikkje er nok

Klimatoppmøtet har blitt samde om ei omstilling vekk frå olje og gass, men miljøorganisasjonar synest språket er for svakt.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 18.12.2023 15:12

– Dette legg til rette for slutten for fossilt, men vedtaket er langt frå den historiske kursendringa verda sårt treng for å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar.

Det uttalar Spire-leiar Elise Åsnes i ei pressemelding frå Dubai. Ho var til stades i rommet då landa diskuterte det nye forslaget til sluttdokument for den globale gjennomgangen av Parisavtalen.

Onsdag morgon vart partane på FNs klimatoppmøte i Dubai samde om avtalen.

Omstilling – men ikkje utfasing

Landa har det siste døgnet forhandla på overtid for å bli samde. Mykje har handla om språket rundt fossil energi.

Det låg an til at ei formulering om utfasing av kol, olje og gass ville vere med i sluttdokumentet, men då COP-vertsskapet la fram forslaget sitt til avtale på klimatoppmøtets siste dag, var dette ikkje lenger med.

I den nye avtalen som partane no har slutta seg til, har det kome inn ei formulering om at verda skal «omstille seg vekk frå fossil energi».

Sluttdokumentet til Global Stocktake

I forslaget til sluttdokument for verdas første globale gjennomgang av Parisavtalen (Global Stocktake) heiter det at verda skal:

Transitioning away from fossil fuels in energy systems, in a just, orderly and equitable manner, accelerating action in this critical decade, so as to achieve net zero by 2050 in keeping with the science;

Altså skal verda omstille seg vekk frå fossil energi, på ein rettferdig og ryddig måte. Avtalen anerkjenner at innsats dette tiåret er kritisk for å greie nettonullmålet innan 2050.

Spire: Raude flagg

Før vedtaket var Elise Åsnes i Spire skuffa over kor lite rettferdig avtalen er. Ho meiner Noreg og det globale nord lempar konsekvensane og ansvaret for klimakrisa over på det globale sør.

– Det er også store raude flagg i teksten, som eg er bekymra over at vil vatne ut heile ambisjonsnivået. Karbonfangst- og lagring blir brukt som ein farleg distraksjon, og ei unnskyldning for rike land til å ikkje gjennomføre dei helt naudsynte klimatiltaka, uttalte ho onsdag morgon.

Utanriksministeren: – Lagar historie

– Verda trong å finne ein ny veg, og det har vi levert. Saman har vi konfrontert realiteten, vi har gitt verda ein robust handlingsplan for å halde 1,5-gradarsmålet i live, sa Sultan al-Jaber, leiaren for klimatoppmøtet, til jubel frå COP-salen, skriv NRK.

COP-presidenten peikar på at det er første gong ein avtale inneheld språk som vil ha slutt på fossilt brensel.

– Vi lagar historie i dag, seier Noregs utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NRK.

Noreg føreslo formuleringa om å omstille seg vekk frå fossil energi, etter at den første avtaleteksten blei møtt med sterke reaksjonar frå både land og miljøorganisasjonar for å ikkje ta med problemstillinga.

– Eg er veldig fornøgd. For nokre dagar sidan såg det verkeleg ikkje ut til at vi skulle få til dette, seier Barth Eide til E24.

Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) meiner avtalen er eit gjennombrot, men skulle ønske han gjekk enda lenger.

– Vi må ta enda større steg framover, men denne avgjerda sender eit tydeleg signal frå klimatoppmøtet om at utsleppa må ned og at omstillinga må starte no, seier han til avisa.

Naturvernforbundet: Smotthol og spørsmål

– Utfallet av klimaforhandlingane i Dubai er eit viktig steg i riktig retning, sjølv om avtalen burde vore enda tydelegare, uttalar Pernille Hansen, nestleiar i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.

Naturvernforbundet meiner sluttdokumentet frå COP28 seier tydeleg til Noreg og andre oljeland at olje og gass ikkje er framtida. Dei meiner likevel det er svakheiter i teksten. Hansen meiner avtalen trekker fram urealistiske reinseteknologiar og andre løysningar som vatnar ut vedtaket.

Pernille Hansen i Naturvernforbundet på klimatoppmøtet i Dubai.

– Vi er redde for at bakstrevarane kan skjule seg bak språk om overgangsløysingar og teknologi som enno ikkje finst. Desse smotthola ønska ei samla internasjonal miljørørsle og mange av landa å tette. Det er også store spørsmål utan svar om finansiering av overgangen for land i sør.

Ho peikar på at forhandlingane på toppmøtet har vore prega av lobbyarbeid frå oljebransjen. Det har mellom anna kome fram at Organisasjonen for oljeproduserande land (OPEC) oppmoda medlemslanda til å unngå ei forpliktande formulering om utfasing.

– Nesten alle verdas land ville meir, men i FN kan nokre få øydeleggje for mange, fordi vedtak blir gjort ved konsensus. Men det har likevel vore fleire lyspunkt i og utanfor forhandlingsromma, seier Hansen.

 

Natur og Ungdom: – Vond bismak

Også Natur og Ungdom er nøgde med at klimatoppmøtet har gått inn for ei omstilling vekk frå fossilt brensel, men dei meiner avtalen ikkje sikrar omstillinga verda må gå igjennom dei neste åra.

– Avtalen har ein vond bismak i norsk kontekst, fordi han kjem same dag som oljenæringa gledeleg annonserer at det skal investerast skyhøge summar i norsk olje og gass neste år – heile 240 milliardar. Dette er investeringar som blokkerer omstillinga i Noreg, og bidreg til dødelege klimaendringar globalt, seier leiar Gina Gylver i ei pressemelding.

– Noreg kan ikkje stå på den internasjonale scena og skryte av innsatsen vår for å omstille verda vekk frå fossile brensel, samstundes som slagordet her heime er «drill baby, drill».

Leiar i Natur og Ungdom Gina Gylver. | Foto: Rasmus Berg/Natur og Ungdom