Leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund: – Mistar tilliten til rettsstaten Noreg

Edith Meek Allern
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein mistar jo tilliten til rettsstaten Noreg, seier Elle Nystad. 

Ho er leiar i ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund (NSR-N), som saman med Natur og Ungdom leiar Fosen-aksjonen rundt Olje- og energidepartementet. 

Torsdag morgon til søndag natt førre veke okkuperte dei lobbyen. Etter å ha blitt fjerna av politiet med makt, returnerte dei frå avhøyr for å blokkere alle inngangar. 

Departementet må pent ha heimekontor. 

Lite tiltru til politiske kanalar

– Eg har veldig lite tiltru til politiske kanalar no, seier Nystad om bruken av sivil ulydnad. 

– Det ser ganske mørkt ut når ein høgsterettsdom ikkje blir respektert og etterlevd. Aasland kjem berre med tomme ord. No har vindmølleturbinane stått på ulovleg grunnlag i 504 dagar utan at noko er gjort av regjeringa. Då er dette siste utveg, seier Nystad til Framtida.no på fjerde dagen av protestar. 

Då protesten byrja torsdag førre veke, var det 500 dagar sidan Fosen-dommen fall i Høgsterett. 

Ida Helene Benoisen, Ella Marie Hætta Isaksen og Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver.

Ida Helene Benonisen snakkar til demonstrantar saman med artist og aktivist Ella Marie Hætta Isaksen og Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver. Foto: Edith Meek Allern

Saka skulle opphavleg fastsetje erstatning til reindriftssamar for ekspropriasjon, og var reist av utbyggjaren Fosen Vind AS sjølv. Reineigarane meinte vedtaket om driftsløyve og ekspropriasjon frå Olje- og energidepartementet som anlegget bygde på, var ugyldig fordi det streid mot retten for urfolk til kulturutøving. 

Det er ein menneskerett som følgjer av artikkel 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Konvensjonen gjeld som norsk lov etter menneskerettsloven, og går føre i tilfelle av strid med intern norsk lovgiving.

Einstemmig og i plenum, konkluderte Høgsterett at menneskeretten til kulturutøving var broten og vedtaket blei kjent ugyldig. 

Grunnmur i samisk kultur

– Reindrift er ein grunnmur i den samiske kulturen, seier Ida Helene Benonisen. Ho er ein av aktivistane som okkuperte departementet førre veke og som måndag stenger av inngangar. 

– Vi blir fråstelt kultur kvar gong vi blir fråstelt beiteområde og reindrift. 

Ida Helene Benoisen i kofte framfor Olje- og energidepartementet.

Ida Helene Benonisen ser Fosen-saka som ei forlenging av fornorskingspolitikken. Foto: Edith Meek Allern

Kofta ho har på seg, var berre påbegynt då ho først gjekk inn i departementet. Ei god venninne sydde ho ferdig, utanfor departementet. Med symaskin og leidning heilt til eit anna bygg. Ho gjekk inn utan kofte, men kom ut i si første. 

Benonisen fortel at dei inne i bygget hadde mange samtalar om kva aksjonen djupast sett handla om for kvar av dei:

– Eg står tilbake med at eg føler meg fornorska. Eg har blitt fråteke min kultur, mitt språk, og ikkje hatt moglegheita til å lære samisk. Eg gjer dette slik at andre kanskje kan sleppe å bli fornorska, slik som eg har blitt. 

– Eg ser på dette menneskerettsbrotet som ei forlenging av fornorskingspolitikken, seier Benonisen. Ho legg til at naturinngrep og hindring av reindrift har vore ein konkret og velbrukt metode i fornorskingspolitikken mot samar. 

Nystad ser òg aksjonen som forlenging av ei lang historie om kamp mot undertrykking av samar. Ho viser til Alta-aksjonen berre 40 år tilbake, og fortel at dei blir møtt av mange gamle aksjonistar. 

– Motstand er kanskje ein arv i vårt blod, men det skal jo ikkje vere slik at vi må stå i dette, seier Nystad. 

Opererer ulovleg

Marius Gulbranson Nordby er til stades utanfor Olje- og energidepartementet måndag. Han er jurist, underviser i miljørett ved Universitetet i Oslo og leiar fagutvalet for klima- og miljøspørsmål i Den internasjonale Juristkommisjonen (ICJ) Noreg. 

Nordby forklarar at vindkraft i Noreg ha konsesjon, altså eit driftsløyve. Når løyvet er kjent ugyldig, inneber det at vindkraftanlegget opererer ulovleg, seier han. 

Jurist Marius Gulbranson utanfor Olje- og energidepartementet.Nordby

Jurist Marius Gulbranson Nordby underviser i miljørett ved Universitetet i Oslo og leiar fagutvalet for klima- og miljøspørsmål i Den internasjonale Juristkommisjonen (ICJ) Noreg. Foto: Edith Meek Allern

Nordby understrekar at staten har eit visst rom når vedtak blir kjent ugyldig, til å treffe eit nytt vedtak. Det kan potensielt gå ut på noko av det same og betyr ikkje nødvendigvis at vindmøllene blir rivne. Då må regjeringa likevel klare å fatte eit vedtak med konsesjon som ikkje krenker retten til kulturutøving. 

– Men eit nytt vedtak er altså ikkje fatta, og det er no 504 dagar for seint. Det faktum at staten har eit rom til å finne ei ordning, endrar ikkje på det. Når ein høyrer at dei vil bruke endå eit år, byrjar det nærme seg eit nivå som er latterleg, seier Nordby.

– Staten synest ikkje å ha teke innover seg alvoret i det som kom frå Høgsterett, meiner han. 

Grønt skifte utan menneskerettsbrot

– Då ein byrja med vindkraft i Noreg, blei det gitt løyve over ein låg sko, bygd på ein tanke om at omsyn til å byggje ut fornybar energi trumfa det meste, meiner Nordby. 

Slik er det ikkje, seier Nordby:

– Rettar må vegast mot kvarandre. I det grøne skiftet som elles må ein klare å ha fleire tankar i hovudet. 

Nordby understrekar likevel at retten til kulturutøving, i likskap med nesten alle menneskerettar, heller ikkje er absolutt, og at eit grønt skifte vil innebere vektingar.

Høgsterett slo i Fosen-dommen fast at ein som utgangspunkt ikkje skal gjere ei vekting av urfolksrett mot andre interesser, men at det mot heilt grunnleggjande omsyn likevel kan vere mogleg. Retten til miljø er eit slikt omsyn. I Fosen-saka var det likevel ikkje anledning til å vekte urfolksrett opp mot omsyn til klima og miljø, fordi utbygginga kunne gjerast i andre, og for reindrifta mindre inngripande, alternativ. 

Nordby meiner det er mogleg å byggje vindkraft i område med allereie øydelagd natur, som industriområde og ved utbygd veg. 

Ida Helene Benonisen meiner klimasaka aldri kan gå utover menneskerettar:

– Det er ikkje noko grønt skifte om ein bryt menneskerettar. Då er det grønvaska kolonialisme. Det er ikkje det same og det skal aldri forvekslast, slår ho fast. 


Aktivistar har teke seg inn i Olje- og energidepartementet for å demonstrere mot vindturbinane på Fosen. Her pratar dei med olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).
Foto: Rasmus Madsen Berg.