11. september 2023 sette Mihkkal Hætta opp ein lavvo framføre Stortinget, 1600 kilometer heimefrå. Der har han budd i ein månad.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

– Det er viktig å minna folk, og staten på at det skjer eit menneskerettsbrot som skjer i Noreg akkurat no, seier Mihkkal Hætta (22) til Framtida.no.

23. februar i år vekka ungdomsorganisasjonane Noereh og Natur og ungdom oppsikt då dei sperra av inngangane til fleire departement.

Mihkkal var ein av 13 unge demonstrantar som vart boren ut av Olje- og Energidepartementet etter fire dagars okkupasjon.

– Eg sit her så lenge eg må

I september, 200 dagar seinare var Hætta tilbake i Oslo. Denne gongen skulle opphaldet bli lengre.

Kravet hans er klart: vindmøllene på Fosen må rivast og landet må tilbakeførast til samane.

Mihkkal Hætta (22) aksjonerer foran Stortinget for nedlegging av vindturbinar på Fosen. | Foto: Marie Knutsen Bruntveit

Ein månad seinare i lavoen har det gått 700 dagar sidan høgsterettsdomen. Tidleg på morgonen samla store mengder folk seg i handlegata Karl Johan i Oslo. Foran dei står Hætta i vrengt kofte.

– Me ser ingen ende på dette folkerettsbrotet, seier han til folkemengda.

Demonstrantar frå Noereh, Natur og ungdom og støttespelarar brukte morgontimane på å setja opp blokkadar for trafikken opp mot Stortinget. Tre lavoar og menneskje i vegen skulle hindra politikarar og folk flest frå å følga den normale rutina.

– Eg sit her så lenge eg må

Framtida har sjekka inn hjå Hætta gjennom den siste månaden. Lange dagar og skiftande vêr er tungt over lengre tid, men han held motet oppe.

– Eg sit her så lenge eg må, til menneskerettsbrotet opphevast, seier han.

I løpet av tida i teltet har han motteke mange gode ord frå støttespelarar. Sametingspresident Silje Karine Muotka var på besøk og kom med støttande ord.

– Me hadde ein god samtale om aksjonen og kor viktig det er å halda fram her, fortel Hætta.

Sametingspresidenten kunngjorde denne veka at ho ønskjer å rapportera utbygginga på Fosen og elektrifisering av Melkøya til den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).

Ser til Altaaksjonane

700 dagar etter at høgsterettsdommen har aksjonistane teke seg inn i Stortinget og sit saman i vandrehallen og joikar.

Det er ikkje første gong samar har kledd seg i kofte og innteke maktas korridorar. I 1981 tok 14 samiske kvinner seg inn på dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland sitt kontor for å stogga utbyggjinga av Alta-vassdraget.

Hætta ser til Altaaksjonane frå 70- og 80-talet som monumentale i utviklinga som har skjedd dei siste tiåra.

Alta-saka gjekk, lik som Fosen-saka, ut på å byggja ut kraftverk i område som er historisk og kulturelt viktige for reindrift. Den gong var det snakk om å byggja vasskraftanlegg i Altaelva, i dag er utbygging av vindpark på Fosen den store saka.

– Dette er ein kamp som samane har stått i i 20 år, eg klarer ei lita stund, seier han.

Historisk sus

Else Grete Broderstad er professor i urfolksstudium ved UiT, ho meiner altaksjonane var eit viktig tidsskilje for samane.

– Poenget med aksjonane, og med sivil ulydnad var og er å opne auga til folk i Noreg. Ikkje berre politikarane, men folk generelt. Merksemda som kom frå Altaaksjonane gjorde at regjeringa måtte gå i seg sjølv og faktisk sjå på kva endringar som måtte til mellom samane og staten, fortel ho.

Broderstad ser Altaaksjonane som den utløysande faktoren til den store utviklinga som skjedde dei kommande åra; vedtaket om samelova i 1987, etableringa av sametinget i 1989 og jamstilling av språka i 1992 var store steg på vegen mot likeverd for norske samar.

– Det har hendt mykje godt sidan 1989, store utviklingar i institusjonar som styrker språk og kultur for norske samar. Derfor er det så trist og svært beklageleg at staten ved regjeringa ikkje følgjer opp høgsterettsdomen, seier Broderstad.

Joika i vandrehallen

Utover dagen har demonstrantane komme seg inn i stortingsbygget. Samstundes som Stortinget er samla i storsalen, er vandrehallen utanfor fylt av presse, demonstrantar, og lyden av joik som klinger mellom veggane.

Til VG seier aksjonist Ella Marie Hætta Isaksen at måla er store, men at tålmodet er minst like stort.

– Når staten ikkje følger sin eigen lov og respekterer ein einstemmig høgsterettsdom, har me i praksis ingen rettsstat. Ingen i Noreg kan då vera trygge på sitt eige rettssystem, seier Hætta Isaksen.

For folket

– Eg gjer det for folket mitt, for området eg kjem ifrå og for kulturen min. Eg har fått støtte frå heile Sapmi og frå mange andre, det gjer at det er lettare å halda i.

Hætta har fått løyve av politiet og Stortinget til å setja opp lavooen sin framfor stortingsbygget, og ventar spent på kva som skjer vidare i saka.

Foto: Rasmus Berg / Natur og Ungdom

Usemja om vindmøllene er stor, ei undersøking frå kantar viser at landet er splitta ned midten om vindmøllene bør fjernast eller om dei skal las stå.

Statsminister Jonas Gahr Støre uttrykka allereie i mars at han er semd i å kalla oppreitthaldinga av vindparken på Fosen eit menneskerettsbrot, men erkjenninga har ikkje blitt fulgt opp med handling.

Olje- og energiminister Terje Aasland er negativ til forslag om å riva vindparken på Fosen. I eit innlegg på Facebook, skriv Aasland at han har stor respekt for demonstrantane, men at “riving av samtlige vindturbiner på Fosen no, slik demonstrantane krevjer, er imidlertid ikkje aktuelt”. Aasland omtalar målet som “ikkje [eit] sannsynleg utfall av verken ein vedtaksprosess eller ein meklingsprosess,

Ella Marie Hætta Isaksen (25) og Ida Helene Benonisen (24) var til stades for å støtta Mihkkal (22) i aksjonen. | Foto: Marie Knutsen Bruntveit

– Kvifor har dette blitt ei så viktig sak for samane, spesielt for samisk ungdom?

– Det er ei sak der høgsterett i plenum har fatta vedtak om at fosenutbygginga er ulovleg. Det er ganske oppsiktsvekkande at det framleis pågår eit menneskerettsbrot på Fosen. Regjeringa bryt med eigne lovar, med eigne standardar. Det er oppsiktsvekkande at sånt får halda fram så lenge, seier professor Else Grete Broderstad.