Difor er det vanskelegare å streike i Storbritannia enn i Noreg

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgare levekostnadar, rente som stig, sår etter pandemien, krig og politisk uro.

Det er ikkje merkeleg at arbeidstakarar i mange europeiske land går ut i streik. Men korleis streikane utartar seg, er ulikt frå land til land.

Til dømes: Då lærarane i Noreg streika i fjor, starta det roleg i juni med berre eit titals streikande lærarar. Etter sommarferien blei streiken i fleire omgangar trappa opp. 27. september blei streiken avslutta med tvungen lønnsnemnd. Då hadde streiken vart samanhengande i nittini dagar.

Når same yrkesgruppe streikar i England og Wales ser det ganske annleis ut.

1. februar går alle fagorganiserte lærarar i både England og Wales ut i streik. Allereie neste dag byrjar dei å arbeida igjen.

Sånn held det fram resten gjennom resten av vinteren. Det blir store streikeuttak på nokre einskilde dagar.

Streikar er forskjellige i ulike land

Heilt sidan den industrielle revolusjonen har arbeidarar brukt streik for å tvinga gjennom krava sine.

Ofte var streikane ulovlege. Det kunne til og med vera både kaotisk og valdeleg.

I 1933 streika skreddarane i Los Angeles i 26 dagar. Dei kravde minsteløn og 35-timers veke og anerkjenning av fagrørsla. Foto: Kheel Center/Wikimedia Commons/CC BY 2.0

I dag er streik eit lovleg verkemiddel. Retten til å streika er mellom anna ein del av Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Likevel varier det mykje frå land til land korleis det er å streika.

Vid streiketilgang i Noreg

I Noreg er det lite som avgrensar tilgangen til å streika. Det fortel Alexander Sønderland Skjønberg, som er førsteamanuensis ved BI, på e-post til Framtida.no.

– Me kan seia at systemet vårt er basert på at partane er ansvarlege og. Og at dei i størst mogleg grad sjølv ordnar opp.

Ein kunne kanskje tru at det var snakk om eit lovlaust område. Men heilt så enkelt er det ikkje. Arbeidstvistloven set til dømes fast ein del reglar for korleis ein streik skal gå føre seg. Også ein aukande mengd EØS-rett påverkar kva ein kan gjera i ein streik.

I 2022 streika også barnehagetilsette i Noreg. Bilete frå november. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Skjønberg forklarer òg at det er «fredsplikt i tariffperioden». Det betyr at berre er lov å streika i samband med at ein forhandlar tariffavtale – som er kontrakten som regulerer løn og arbeidsvilkår.

– Ein streik eller lockout kan ikkje bli avgrensa etter art. Til dømes ved at ein held fram med å jobba, men nektar å gjera visse arbeidsoppgåver. Det er heller ikkje mogleg å avgrensa ein streik i tid, altså berre streika nokre timar kvar dag eller enkelte dagar i veka, skriv Skjønberg.

Vanskelegare å streika i Storbritannia enn i Noreg

Å berre streika i delar av arbeidstida er lov i fleire europeiske land. Eit døme på det er Storbritannia. Landet er hardt råka av ei lang rekkje streikar.

Lista over grupper som går ut i streik er lang. Mellom anna inkluderer ho lærarar, sjukepleiarar, bussjåførar, byråkratar, togpersonale, ambulansearbeidarar, universitetstilsette, postbod og tilsette i varehandelen.

For nokre av desse gruppene er dette fyrste gong nokosinne dei streikar. Det heng saman med at det er betydeleg vanskelegare å organisera ein streik i Storbritannia enn Noreg.

Mellom anna må fag­foreiningane gjennomføra uravrøysting – via brevpost (!) – før dei kan setja i gong ein streik.

Arbeids­gjevarar har òg lov til å leiga inn folk til å utføra arbeidet dei streikande skulle ha gjort. Dette er strengt forbode i Noreg.

Det kanskje største hinderet for å få til ein effektiv streik er at kvar arbeidstakar individuelt avgjer om hen vil streika. I Noreg er det fagforeiningane som avgjer kven som skal streika.

Ei politisk nøtt

Fleire arbeidsdagar har ikkje gått tapt til streik i Storbritannia sidan 1980-åra. Og streikane har blitt ei politisk nøtt for statsminister Rishi Sunak.

Statsminister Rishi Sunak har ei politisk nøtt å bryne seg på. Foto: Number 10/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Mange av streikane går føre seg i offentleg sektor, der det er Rishi Sunak til sjuande og sist har kontrollen over pengesekken.

Det er òg venta at regjeringa hans vil foreslå lover som vil gjera det vanskelegare å streika.


Illustrasjonsfoto: Solen Feyissa on Unsplash