Muhammed (22) stemmer i år for fyrste gong: – Glad for å stemme utan tvang

Unge kan synest det er skummelt å stemme åleine. «Vi stemmer sammen» kombinerer valinformasjon og pizza.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 11.09.2023 12:09

– Eg er glad for at eg har stemt, og valt parti med fridom og utan tvang, seier Muhammed Hussein (22) til Framtida.

Han har nettopp lagt stemma si i valurna på Oslo Rådhus. Etter å ha vore i Noreg i over tre år har han rett til stemme i årets lokalval. Hussein er veldig glad for å kunne delta i demokratiet, noko han ikkje fekk sjansen til i Syria.

– Viss du vil stemme i Syria finst det berre eitt parti og ein person.

Vil at fleire unge skal stemme

Hussein stemmer saman med klassa han går i på vidaregåande. Dei nyttar seg av eit tilbod som UngOrg arrangerer i Oslo. Målet med arrangementet «Vi stemmer sammen» er å få opp valdeltakinga blant unge

– Dette er eit lågterskeltilbod der ein både skal få noko fagleg ut av det, men også noko sosialt som skjer i kvardagen, forklarer politisk rådgjevar i UngOrg, Sebastian Hytten (27), før dei går for å stemme.

Han viser til erfaringar frå Danmark, der dei ser at valdeltakinga aukar når dei gjer det meir sosialt.

– Mykje av grunnen til at unge ikkje stemmer er fordi dei er usikre på korleis det faktisk er å stemme, og at dei ikkje tørr å gjere det åleine.

Hytten håpar at det å gjeve informasjon, gå i samla flokk til stemmelokalet, og å feire i fellesskap med pizza etterpå, kan hjelpe fleire med å stemme.

– Det er jo det som er målet til alle; å faktisk auke valdeltakinga blant dei unge.

Dei fekk over 20 påmelde på arrangementet.

Forskjell mellom eldre og yngre

Likevel får ikkje alle som er til stade delteke i valet i år. Berre fire av dei frammøtte har stemmerett.

Najla Gabali (19) har ikkje budd lenge nok i Noreg til å kunne stemme ved lokalval, så ho kjem heller med innspel til ungdomsrådet, om kva saker ho meiner er viktig i kommunen.

– Eg har skrive ned at det er bra at unge får vere med å stemme.

Ho har tidlegare stemt i Tunisia, og vore aktiv i eit ungdomsparti der.

Gabali meiner unge tilfører noko viktig i politikken og samfunnet når stemma deira blir høyrd.

– Det er forskjellige tankar mellom eldre og yngre, seier ho.

– For eksempel når eg og mora mi snakkar saman, og eg fortel korleis eg stemmer, så har ho andre idear.

Demokratiopplæring

Både Najda og Muhammed har fått opplæring gjennom skulen, spurt parti på stand, og sett debattar for å gjere seg opp ei politisk meining.

– Vi gjekk på Karl Johan og spurte partia kva slags framtidsplanar dei har, og kva dei vil gjere dersom dei vinn valet, seier Muhammed Hussein.

Nokre saker trumfar likevel over andre når ein skal finne fram til rett parti.

– For meg er eldreomsorg og flyktningar viktig, seier han.

Najda gler seg til ho har vore i Noreg lenge nok til å delta i valet.

Og uansett kva dei stemte, og om dei fekk stemme, får alle som deltok på arrangementet feire lokalvalet 2023 med pizza.