Kornleveringskollaps råkar hardt: – Sjølberga land er mindre sårbare

Edith Meek Allern
Publisert
Oppdatert 26.07.2023 08:07

– Å vere så avhengig av eitt land, er ikkje eit sunnheitsteikn for matsystemet. Det seier nestleiar i Spire, Lise Saga, til Framtida.no over telefon.

Lise Saga er nestleiar i Spire, som mellom anna har matsystem og berekraft som politikkområde. Foto: Aggie Handberg/Spire.

Førre veke trakk Russland seg frå avtala som har sikra ukrainsk eksport trass i krigen. Det har fått FN til å frykte for verdas mattryggleik og åtvare om at millionar vil leggjast til antalet som svelter.

Saga understrekar at ansvaret til Russland ikkje må underdrivast, men meiner samstundes situasjonen er eit symptom på kor usikkert matsystemet er.

Ho er kritisk til idéen om at alle land burde spesialisere seg og handle, heller enn å produsere det ein treng sjølv.

– Det har vore veldig stort fokus på effektivitet og at det viktigaste er å produsere så mykje som mogleg. Konsekvensen ser vi no: vi er ekstremt utsett for kriser og katastrofar, meiner Saga.

Råkar naudhjelp og bistandsarbeid

Land i Midtausten og Nord-Afrika importerer særleg mykje korn frå Russland og Ukraina, og førespeglast å rammast hardt av ein eksportreduksjon.

Eit slikt land er Jemen, rekna av FN som verdas største humanitære krise, der 80 prosent av befolkninga er avhengig av humanitærhjelp. Jemen har teke imot 260 000 tonn eksportvarer frå Ukraina gjennom kornavtala. 

– Det er allereie uro for at omfattande matmangel og svoltkatastrofe-liknande tilhøve skal komme tilbake til Jemen, skriv Karl Schembri frå Flyktninghjelpen i ein e-post til Framtida.no.

Schembri, som er medierådgjevar for Flyktninghjelpen sitt arbeid i Jemen og Aust-Afrika, seier det er to typar hjelpearbeid hos dei som vil råkast av bortfallet av kornavtala: matleveransar og pengestøtte. 

Karl Schembri. Foto: Becky Bakr Abdulla/NRC

– Import av mjøl og korn frå FNs matvareprogram har kome frå Ukraina. Vi kan difor vente auka pris på desse varene, som legg ytterlegare press på bistandsbudsjetta, skriv han.

Det er også mogleg at FNs matvareprogram slit med å importere mat og at matforsyningar blir hoppa over, seier Schembri. Det har skjedd før, i februar 2022, då runder med matforsyning berre måtte avlysast, fortel han. 

Prisauken inneber vidare at minimumsbudsjettet for å hjelpe familiar i naud aukast. Det reduserer antalet menneske dei kan hjelpe med pengestøtte innanfor allereie pressa budsjett, forklarer han. Planen for humanitær støtte i Jemen er berre 20,2 prosent finansiert, legg han til. 

– Kva er dei største svakheitene med matsystemet i dag, etter ditt syn?

– At Jemen er så avhengig av import, er ei betydeleg svakheit, svarar Schembri.

Ein gut i Al-Malka-leiren i Jemen ber varer frå marknad. Foto: Khalid Al-Banna/NRC.

Kan føre til gjeldskrise og politisk ustabilitet

– Det viktigaste med kornavtala globalt sett, var å bidra til at matvareprisane sokk betrakteleg, seier Stein Sundstøl Eriksen til Framtida.no over telefon. Han er professor i statsvitskap og forskar 1 ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), og har forska på verknader av Ukraina-krigen for mattryggleik i det globale sør.

På kort sikt er det eit hovudproblem ved bortfallet av avtala, at prisane vil stige og at ein må betale meir for import, meiner Eriksen.

Stein Eriksen er forskar I ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). I fjor skreiv han ein rapport om verknadane av Ukraina-krigen for mattryggleik i det globale sør. Foto: NUPI

På noko lengre sikt blir konsekvensane breiare. I forlenginga av prisauken, vil fleire land måtte ta opp lån for å betale importen. Dette skjer samstundes med at krigen meir allment sett har bidrege til inflasjon og renteauke, forklarer Eriksen. 

Altså blir det ein dobbel effekt, forklarer han: dyrare å betale for import, og dyrare å betene låna. 

– Mykje tyder på at mange fattige land er på veg inn i ei alvorleg gjeldskrise, understrekar Eriksen. 

Det er også ein veletablert samanheng mellom kraftig auke i matprisar eller matmangel, og politisk ustabilitet, væpna konflikt og borgarkrig, forklarer han.

– I ein del av landa som råkast hardast, har ein allereie væpna konflikt. Det gjer det ikkje lettare å komme seg ut av dei, at du i tillegg får problem med matforsyninga, understrekar Eriksen. Han legg til at det er snakk om ei forverring av ein allereie pressa situasjon i høve til mattilgang, som følgje av tørke og konfliktar. 

– Klar tendens til deglobalisering

Eriksen understrekar at det er landa med størst import frå Ukraina, som er mest sårbare. Området han har forska mest på, landa sør for Sahara, er ikkje matforsyninga like globalisert og ein har stor innanlandsk matproduksjon. 

– Sjølberga land er mindre sårbare svingningar som dette, seier Eriksen. Han legg til at regionen er mindre råka av redusert eksport frå Ukraina også fordi kveite utgjer ein mindre del av dietten enn anna korn. 

Det er ganske akutt forventa at millionar fleire vil svelte, om ein produsent blir hindra å eksportere. Trur du det vil gjere at fleire stiller spørsmål ved spesialisering og handel framfor sjølberging?

– Det er ein klar tendens no til at mange land ønsker å gå vekk frå ekstrem globalisering, som gjer ein så sårbar for slike svingingar, seier Eriksen. 

– Det er knytt til at det er stor politisk risiko i å vere så bunde til andre land. Tendensen mot å gjere seg mindre sårbar, sokalla reshoring eller deglobalisering, er mykje tydelegare etter både Ukraina-krigen og pandemien, forklarer han. 

Hamnebyen Mariupol før krigen. Eksport gjennom kornavtala har i hovudsak føregått frå byane Odesa og Chornomorsk, ifølgje FN. Foto: Viktor Hesse/Unsplash.

Meiner sjølberging er solidarisk

Saga ønsker meir diversifisering og småbønder, men er uroa for at ein snarare kjem til å sjå kortsiktige tiltak som går utover det ho meiner er berekraftig matproduksjon.

– Ved matkriser ser vi gong på gong drastiske tiltak for å drive større og meir effektivt. Store aktørar går inn og småbønder blir fråteke jorda si. Det er ei tilnærming som gjer dei fattige fattigare, meiner ho.

Langt frå å vere nasjonalistisk, meiner Saga at sjølberging er eit solidarisk tiltak:

– Når ressursar blir knappe og prisane stig går det utover fattige også fordi rike land kjøpar opp maten. Vi har sett det under tidlegare kriser kor matprisane har skote i vêret, at Noreg har kjøpt mat ganske rett ut av hendene på verdas fattige. Sjølberging er slik sett også viktig i eit solidaritetsperspektiv, meiner Saga frå Spire


Ingeborg Sævik Heltne skriv om mattryggleik. Foto: Steve Harvey/Unsplash, Spire. Kollasj: Framtida.no

Kornavtala

Kornavtala («Black sea grains initiative») mellom Russland og Ukraina kom i stand i fjor, med FN og Tyrkia som meklarar. Avtala sikra at Ukraina kunne eksportere mat gjennom Svartehavet, trass i krigen.

Sidan avtala har Ukraina eksportert opp mot 33 tonn korn og andre landbruksprodukt. 

Avtala har blitt forlengja fleire gonger, men i førre veke annonserte Russland at dei ikkje vil forlengje avtala vidare.

Kvifor vil ikkje Russland tillate eksporten?

Dei kjende grunngjevingane er at Russland meiner lovnader om at dei skulle få betre tilgang til den internasjonale marknaden for eigen eksport av korn og gjødsel, ikkje har blitt oppfylt.

Eksport av russisk korn er i utgangspunktet ikkje omfatta av vestlege sanksjonar, men utestenging av betalingssystemet SWIFT hindrar Russland i ei utstrekning frå å få betalt for eksport, og dessutan å betale for varer dei vil importere. Det finst likevel andre betalingssystem dømevis frå Kina. Russland krev å få tilgang til dette systemet. Utestenging av Russland frå SWIFT var ein av det første sanksjonane mot Russland, og har som formål å hindre finansiering av krigen.

Russland har også uttala at for lite av kornet går til utviklingsland. Ifølgje FN har 43 prosent av eksporten nådd utviklingsland. Det same talet er 65 prosent etter EU sine berekningar. FN-generalsekretær António Guterres og EU har framheva at avtala har sikra lågare pris på marknaden.