Fotballtrenarar og foreldre undervurderer jenter: – Ein trur at gutar vil meir

Marie Wilberg
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 21:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er kjekt å bli betre, kjekt å vere på trening, spele kampar og konkurrere. Eg har ganske mykje konkurranseinstinkt, seier Andrea Henjesand (22) på telefon til Framtida.no.

Ho spelar i Sogndal FK Damer, og har halde på med fotball sidan ho var seks år gamal.

– 1 av 4 jenter seier at hovudmotivasjonen til å spele fotball er eiga utvikling, medan berre 1 av 10 foreldre seier det same om jentene, seier professor ved Norges Handelshøyskole Siv Rosendahl Skard, i ei pressemelding frå Sparebanken Vest.

Ho har gjort ei undersøking for Norges Handelshøyskole, som viser at trenarar og foreldre undervurderer viljen og motivasjonen jenter har til å spele fotball.

– Dei seier at dei vil trene like mykje som gutane, medan foreldre og trenarar trur dei vil trene mindre, seier Skard.

Eiga utvikling

Henjesand trur det gjerne er eit meir seriøst opplegg rundt gutane frå ein tidlegare alder.

– Ein ser framleis at det er litt forskjellar mellom dame- og herrefotballen når det kjem til ressursar og økonomi, seier ho til Framtida.no.

Sogndal-spelaren trur desse forskjellane heng igjen frå tidlegare.

– Ein trur at gutar vil meir, at gutar har andre mål og tek det meir seriøst, seier ho.

Jente på ei fotballbane med oppsatt hår og fotballklede

Andrea Henjesand har spela fotball sidan ho var seks år gamal. Foto: privat

Sjølv, har Henjesand ikkje nokon plan om å slutte å spele, og vil utvikle seg mest mogleg som fotballspelar.

Professor Rosendahl ved NHH fortel at det ikkje er så rart at jenter får ulike moglegheiter enn gutar, når dei vaksne rundt trur dei ikkje ønskjer meir. 

– Resultatet er dessverre at gutar i mange tilfelle får eit betre tilbod enn jenter, seier Skard. 

Negative kommentarar om damefotball

I undersøkinga som blei gjort av NHH kom det også fram at foreldre, trenarar og spelarar har veldig ulik oppfatning av kor mange negative kommentarar damefotballen får. 

30 prosent av jentene i undersøkinga seier at dei ofte høyrer negative kommentarar om damefotball, medan berre 10 prosent av foreldre og trenarar høyrer det same. 

– Det er truleg forskjell på kva som blir sagt når jentene er til stades og når foreldre og trenarar er til stades, seier Skard. 

Ho trur det er viktig å ta jenter sine erfaringar på alvor i utviklinga av jentefotballen. 

Dame med brunt hår og svart genser.

Siv Rosendahl Skard er professor ved NHH, og har undersøkt motivasjonen til unge jenter i fotballen. Foto: NHH

Sogndal-spelar Henjesand fortel at ho ikkje har opplevd negative kommentarar direkte, men at ho har høyrt at ikkje alle ser på damefotball på same måte som herrefotball.

– Det er meiningar om at det ikkje er like interessant eller underhaldande å sjå på, seier ho.

– Det er meir stas rundt gutane

Vårin Ness spelar på same lag som Henjesand, men har ein lengre karriere som fotballspelar bak seg. Ho har tidlegare spela i både i USA, Italia og Oslo.

På telefon til Framtida.no fortel Ness at ho heller ikkje har fått negative kommentarar om kvinnefotball, men at ho har lese og høyrt mykje forskjellig opp igjennom karrieren.

– Eg har vald å filtrere det ut og fokusere på det som er positivt, seier Ness.

Ho trur det tidlegare har vore umogleg for kvinner å vere profesjonelle fotballspelarar, fordi det er herresida som har publikumet og pengane.

– Det er meir stas rundt gutane. Jentene skal spele fotball, ta utdanning, og så gir dei seg med fotballen, seier Ness.

Fotballspelar i blå drakt med armane i kryss

Vårin Ness har spela fotball i mange år, og er for tida i Sogndal FK Damer. Foto: privat

«Jenter vil mer»

No har fotballaga SK Brann, Sogndal Fotball og Arna-Bjørnar Fotball på Vestlandet slått seg saman med Sparebanken Vest for å løfte damefotballen. 

Kampanjen «Jenter vil mer» er laga for å jamne ut forskjellane i tilbodet til jenter og gutar. Her kan fotballag søke om støtte til treningsleirar, trenarkompetanse og fotballdagar. 

Ness håpar denne ordninga kan motivere jenter til å fortsette å jobbe for å bli best.

– Det er mange dyktige jente- og damespelarar, og det er ingen grunn til å undervurdere dei, seier ho.

Ness har tru på at utviklinga i kvinnefotballen er på veg i riktig retning, og håpar det held fram slik.

– Jenter kan drøyme om å kome på landslaget og spele på eit klubblag som gjer at dei kan fokusere på det, og ikkje studium, jobb og alt anna i tillegg, seier Ness.


Les meir om fotball: Fifa-rapport: Kjempevekst i salet av kvinnelege fotballspelarar

Julie Blakstad (t.v.) var blant spelarane som vart seld for eit stort beløp i kvinnefotballen i 2022. Her jublar ho under ein landskamp for Noreg. Foto: Naina Helén Jåma / NTB / NPK