Høgre størst med 25,9 prosent når 99,7 prosent av stemmene i kommunevalet er talde

Høgre vart største parti i kommunevalet med ei oppslutning på 25,9 prosent med nesten alle stemmene opptalde.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Klokka 3.06 var status slik med 99,7 prosent av stemmene opptalde:

Kommunevalet

  • Høgre 25,9 prosent (+5,8)
  • Ap 21,7 (-3,1)
  • Frp 11,4 (+3,1)
  • Sp 8,2 (-6,2)
  • SV 6,8 (+0,7)
  • V 5 (+1,1)
  • MDG 4,1 (-2,7)
  • KrF 4 (0)
  • R 3,5 (-0,3)
  • Andre 9,5 (+1,5)

I gruppa Andre har desse partia over 1 prosent: Industri- og Næringspartiet 3 (+3), Pensjonistpartiet 1,5 (+0,4).

Frammøtet i kommunevalet ligg an til å bli 62,2 prosent.

I fylkestingsvalet er det nokon variasjonar frå kommunevalet. 99,5 prosent av stemmene er opptalde, og status er slik:

Fylkesvalet

  • Høgre 25,6 prosent (+6,1)
  • Ap 21,9 (-3)
  • Frp 12,5 (+3,4)
  • Sp 8,6 (-8)
  • SV 6,1 (+0,6)
  • KrF 4,4 (0)
  • V 3,9 (+0,7)
  • MDG 3,6 (-2,6)
  • R 3,5 (+0,2)
  • Andre 9,9 (+2,7)

I gruppa Andre har desse partia over 1 prosent: Industri- og Næringspartiet 4,3 (+4,3), Pensjonistpartiet 1,9 (+0,5).

Frammøtet i fylkestingsvalet ligg an til å bli 56,2 prosent.