«500 dagar med menneskerettsbrot» – no tyr samiske aktivistar til sivil ulydnad

Minst 15 aktivistar har teke seg inn i Olje- og energidepartementet i protest mot vindturbinane på Fosen.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 28.02.2023 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag er det 500 dagar sidan Høgsterett einstemmig slo fast at vindparken på Fosen er i strid med urfolksrettane til samar.

Men endå står vindturbinane på fjellryggane i Fosen.

No har unge samiske aktivistar tydd til sivil ulydnad for å tvinge fram handling.

Elle Nystad reagerer på at samar framleis må ty til sivil ulydnad-aksjonar for å få innfridd rettane sine.
Foto: NSR-N

– For kvar dag sidan dommen har vi mista meir og meir tillit til at rettsstaten vernar det samiske folk i praksis, seier Elle Nystad i ei pressemelding.

Ho er leiar i NSR-Nuorat, ungdomsutvalet i Norske Samers Riksforbund (NSR), som har teke initiativ til aksjonen.

Vrengjer kofta for å vise misnøye

Etter artikkel 27 i FNs konvensjon om sivile og politiske rettar har samar i Noreg rett til å utøve sin kultur. Å byggje vindkraftverk i reinbeiteområde er i strid med denne retten, slo Høgsterett fast.

Høgsterett slo fast at konsesjonsvedtaka og ekspropriasjonsløyva knytt til Fosen er ugyldige, men har ikkje vurdert om vindmøllene må takast ned.

Nystad peikar på at turbinane, kraftlinjene og anleggsvegane framleis hindrar Fosen-samane i å drive reindrift på tradisjonelt vis.

NSR-Nuorat-leiaren meiner situasjonen er akutt:

– Vi kan ikkje stå og sjå på at staten sviktar i å sikre livsgrunnlaget til framtidige samiske generasjonar. Regjeringa har teke seg til rette i våre beiteområde ved å køyre over rettane til urfolk og dryge over 500 dagar med å stanse øydeleggingane.

Ho er ein av dei minst 15 aktivistane som no har teke seg inn i lobbyen til Olje- og energidepartementet for å sikre at dei vert høyrde i saka.

Foto: Eri Melhus

Dei samiske aktivistane har vrengt kofta si – eit gammalt samisk symbol på sterk usemje.

Nystad peikar på at reindrifta er berebjelken for samisk kultur.

– Når den vert truga forsvinn ikkje berre livsgrunnlaget til mange samar, men også språk, historie og heile vår samiske kultur kan forsvinne.

– Set ein farleg og brutal presedens

Det har også kome samiske aktivistar frå finsk og svensk side for å aksjonere i Oslo.

Petra Laiti vil sikre at samiske rettar vert respekterte på tvers av landegrenser.
Foto: Heikki Isotalo

– Samefolket er eitt folk – det som skjer med éin same, skjer med alle oss, seier Petra Laiti, som har kome frå Finland for å demonstrere.

Ho er leiar i Suoma Sámi Nuorat, systerorganisasjonen til NSR-N. Ho seier det var openbert at dei måtte reise til Oslo for å stå opp for samiske rettar.  

– Fosen-saka set ein farleg og brutal presedens for alle statar med samisk befolkning, om ikkje berre å bryte våre rettar, men nekte å gjere opp for rettsbrot når dei allereie har skjedd.

Artist og aktivist Ella Marie Hætta Isaksen peikar på at trua på demokratiet skrantar, om ikkje samar i Noreg kan stole på rettsapparatet.

– Regjeringa si passive behandling av Fosen-dommen vert for kvar dag som går eit smerteleg bevis på at vi nærmar oss ei tillitskrise.

Ella Marie Hætta Isaksen seier ho utøver sivil ulydnad i Olje- og energidepartementet for heile Sápmi: – Våre liv er så uløyseleg knytte til fjella, elvene, skogane, viddene og dyra. Eit kvart inngrep lagar sår i sjela.
Foto: Rasmus Madsen Berg

Grøn industri er ikkje bygd på menneskerettsbrot

– Det er sterkt å sitje her med samiske aktivistar som vil gå så langt som å bryte lova for å få regjeringa til å innsjå alvoret, seier Gina Gylver.

Natur og Ungdom-leiaren deltek også på aksjonen. Gylver ber regjeringa innsjå at bortforklaringar og avbøtande tiltak ikkje er nok, landet må førast tilbake til reindriftssamane.

Aktivistar har teke seg inn i Olje- og energidepartementet for å demonstrere mot vindturbinane på Fosen.

Samstundes understrekar ho at miljørørsla må vere krystallklar på at fornybar energi aldri kan verte bygd på menneskerettsbrot.

– Det er ikkje noko «grønt» ved industri som køyrer over urfolk og berekraftig matproduksjon, slår Gylver fast.


Fritt Ord-logo, blå

Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Ina-Theres Sparrok har alltid visst ho vil drive med rein, slik som generasjonane føre ho. Foto: Privat