Maria (16) har vakse opp med bilete av Gaza på TV: – Ein endelaus blodig syklus

Maria Abdallah (16) kom til Noreg som flyktning frå Gazastripa saman med familien som 3-åring. Ho kjenner seg maktelaus når ho ser nyheitsoppdateringane.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg er redd for at ingenting skjer. Ikkje at det blir gløymt, men at det blir kosta under teppet og at Israel ikkje blir halde ansvarleg for dette.

Det seier Maria Abdallah på telefon til Framtida.no torsdag 12. oktober.

Gisselsituasjon

16-åringen kom som flyktning frå Gaza til Stord saman med storebror og si gravide mor då ho var berre tre år gamal.

Vidaregåandeeleven er vaksen opp med å gå på føredrag og demonstrasjonar for eit fritt Palestina, og å sjå nyheitssendingar av bombingar av den tett befolka Gaza-stripa.

Laurdag 7. oktober vart konflikten i Midtausten på ny toppsak i medium verda over då Hamas overraska Israel med eit storstilt terroråtak. Hamas skaut rakettar mot Israel samstundes som dei sende inn Hamas-krigarar som skaut og drap deltakarar på ein musikkfestival og innbyggjarar i fleire kibbutzar, som er namnet på små arbeidssamfunn.

Ifølgje Israel er 1300 personar drepne på israelsk side og over 3000 såra. Dei har òg identifisert 199 gissel som Hamas har teke med tilbake til Gaza, ifølgje The New York Times.

3478 drepne palestinarar

– Eg er heilt einig i at ein fordømmer drap på uskyldige sivile. Det er ikkje ok å drepe israelarar på same måte som det ikkje er ok å drepe palestinarar. Sjølvsagt kan ein ytra seg på begge sider, men det verkar ofte som folk ikkje seier noko når det er palestinarar som lir.

Ifølgje palestinske myndigheiter er 3478 drepne og 12 000 skadde i hemnåtaka frå Israel, som har stengt av både straum, vatn og matinnføring til den tett befolka Gazastripa.

Noreg fordømmer Israels blokade av Gaza. Det same gjer internasjonale hjelpeorganisasjonar, men Israel har varsla at dei ikkje vil oppheva blokaden før gislane er sett fri.

Fredag 13. oktober gav Israels myndigheiter sivile innbyggjarar på Gaza 24 timar til å evakuera til sør, samstundes som dei har sett ut 300 000 soldatar langs grensa før ein venta bakkeinvasjon.

Onsdag er framleis ikkje det varsla åtaket i gang. Abdallah fryktar at det ikkje vert våpenkvile og at palestinarar skal bli massakrert.

Unge målar banner til demonstrasjon

Maria Abdallah (16) har engasjert seg i heimlandet mellom anna gjennom Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.

– Ingen sivile er trygge

Ho kjenner seg makteslaus der ho ser nyheitsbileta frå sin trygge heim på ei lita øy på Vestlandet.

– Du føler deg nesten skuldig fordi du sjølv er trygg og har alt du treng. Ein blir så lei og kan ikkje gjera anna enn å sjå på at det eskalerer gong på gong, år etter år. Eg blir berre frustrert over kor mange liv som går tapt, sjukehus som blir bomba, ambulansar som blir råka og skular som blir målskiver.

16-åringen synest det er surrealistisk, men ikkje overraskande, og peikar på at ho ikkje kjenner eit anna Gaza enn det som blir vist på TV no.

– Ingen sivile er trygge, barn, kvinner eller menn. Ein blir frosen fast, for det er ein fastfrosen situasjon der ingenting går framover, seier Abdallah.

– Ei politisk og humanitær sak

16-åringen erfarer at det er eit betent tema som mange kvir seg for å snakka om.

– Tidlegare har nokon sagt til meg: «Er ikkje det jødehat?» Då er eg nøydd å seia at det ikkje er jødehat og antisemittisme. Det er ikkje mot jødar, det er ei politisk og humanitær sak. Det handlar ikkje om kva religion du tilhøyrer.

Ho peikar på at konflikten i Midtausten òg er ein mediekrig og oppmodar folk til å vera kritiske.

– Eg har sett mykje forskjellig. Det er veldig viktig å alltid vera kritisk, spesielt om dette er første gong du set deg inn i saka, seier 16-åringen.

Ifølgje NBC har forskarar avdekt at 67 kontoar på mikrobloggnettstaden X (tidlegare Twitter) spreier falskt innhald.

Jente snakkar i mikrofon
Maria Abdallah (16) kan få dårleg samvit for at ho er trygg i Noreg. | Foto: Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom

Døme på falske nyheiter som er avslørt er eit falskt brev frå USAs president Joe Biden om auka pengestøtte til Israel og eit droneåtak mot Gaza frå mai, som vert presentert som nytt.

Abdallah peikar på korleis Justin Bieber posta ein Instagram-post med teksta «Praying for Israel», der bakgrunnsbiletet var eit bilete frå Gaza.

Reagerer på mediedekninga

Ho reagerer òg på at nyheitskanalen BBC tidlegare har brukt ordet «drepne» om israelarar og «døde» om palestinarar.

– Media er veldig viktig. Det er viktig korleis dei framstiller begge partar, seier Abdallah, som kritiserer media for å visa mindre av dei palestinske lidingane.

Allereie i august i år var dødstala høgare enn fjoråret. Då hadde over 200 palestinarar og 30 israelarar blitt drepne, ifølgje FN.

– Då viser dei ikkje grinande foreldre som har mista barna sine og det har noko å seia. Jo mindre media framstiller det humane med palestinarane, jo lettare og meir akseptert blir det at Israel bryt menneskerettane deira, seier 16-åringen.

– Det er sjukehus ut av drift. Dei har ikkje medisinar og kan pleia dei såra. Dei har ikkje mat og drikke. Dei lever under føresetnadar me ikkje eingong kan førestilla oss.

– Ikkje alle støttar Hamas

Ho er redd folk skal gløyma at dette ikkje råkar Hamas, men sivile.

– Eg håpar at folk ikkje gløymer at ikkje alle støttar Hamas og har tilknyting til dei. Det er folk som berre vil leva i fred.

Ho håpar at blokaden på Gaza blir oppheva og at internasjonale hjelpeorganisasjonar får den tilgangen dei treng for å sikra innbyggjarane kritisk helsehjelp.

Ho ber det internasjonale samfunnet fordømma Israel sine hemnåtak mot Gaza, på same måte som dei fordømmer terroråtaket frå Hamas.

– Eg håpar dette er siste gongen uskuldige liv går tapt på begge sider på grunn av dette. Eg håpar det viser verda kor kritisk det er å få ei fredfull løysing. Eg håpar alle skuldige partar blir haldne ansvarlege – at det går begge vegar. Det er ein endelaus blodig syklus dette, avsluttar ho.