Siste dag med Fosen-aksjon: – Kjem tilbake om dei ikkje gjer jobben sin

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi skal ikkje halde på for lenge, for dei veit godt at vi er her, og at vi kjem tilbake om dei ikkje gjer jobben sin ordentleg. Det er ingen grunn til å fortsette aksjonen ut i helga, så då sparar vi på krefter.

Det seier Elise Sørensen (20) til Framtida.no.

Fredag 3. mars er aktivistane mot vindparken på Fosen i Trøndelag på sin åttande dag med aksjonar. Midt på dagen hadde dei ei støttemarkering framfor Stortinget, og ein aksjon framfor slottet medan Kongen var i statsråd.

Det blir siste dag med aksjonar, og Framtida tok turen til sentrum for å prate med folk som møtte opp.

Over ei veke med aksjonar

Kvinne sit framfor slottet.

Elise Sørensen sit framfor slottet medan kongen møtte regjeringa på fredag, 3. mars. Foto: Åshild Slåen

Elise Sørensen (20) frå Natur og Ungdom var ein av dei som tok seg inn i Olje- og energidepartementet førre veke. Sidan då har ho delteke på dei forskjellige aksjonane der departement har blitt stengd.

No er ho med på den siste aksjonen framfor slottet, før dei skal gi regjeringa arbeidsro til å kome med ei løysing.

– Så kjem vi tilbake om dei ikkje gjer jobben sin.

Ho håpar på ei skikkeleg løysing i Fosen-saka, og at dei skal unngå at kongen må be samane om unnskyldning, på same måte som han måtte gjere i 1997 for demninga av Alta-vassdraget.

Kva løysinga skal bli, er ho klar på:

– Vi fortset å kjempe for at turbinane skal rivast og at landet skal førast tilbake til samane, for dette her er ikkje eit enkelt tilfelle, sjølv om det ikkje er så mange andre med siger i Høgsterett.

Jaahhke Peder (15): – Set dei opp på havet

Gut med plakat.

Jaahke Peder Dunfjeld Mølnvik har møtt opp ved Stortinget for å vise støtte til aksjonen. Foto: Åshild Slåen

Jaahke Peder har møtt opp framfor Stortinget for å støtte dei som har aksjonert i ei veke, og for å vere med å demonstrere sjølv. Han hadde god oversikt over Fosen-saka frå før.

– Det har vore eit veldig aktuelt tema ei stund, og så har ikkje staten gjort noko med det.

– Kva meiner du bør skje vidare?

– Eg tenkjer dei bør rive alle vindmøllene. Set dei opp på havet, eller ein annan plass enn der det er reindrift.

Eirin (23): – Viktig å møte opp

Kvinne med grønt hår ved Stortinget.

Eirin er samisk, bur i Oslo, og møtte opp ved Stortinget for å støtte aksjonistane. Foto: Åshild Slåen

– Eg er her fordi eg er samisk, og det er veldig viktig for meg å støtte dette her. Regjeringa bryt lova, og det er viktig å møte opp, seier Eirin.

Ho synest det har vore lite om Fosen-saka i media før aksjonen, sjølv om ho kunne litt frå før.

– Eg meiner regjeringa må ta dette seriøst og rive vindmøllene.

Selma (21): – Heilt jævlig

Kvinne ved Stortinget.

Selma er ikkje samisk sjølv, men meiner det er viktig å støtte saka. Foto: Åshild Slåen

Selma er ikkje sjølv same, men har møtt opp ved Stortinget for å støtte aksjonen.

– Det er eit menneskerettsbrot mot Fosen-samane at det har gått 500 dagar utan at det har blitt teke grep, det synest eg er heilt jævlig for å vere ærleg.

Ho hadde ikkje høyrd om Fosen-saka før aksjonen, men no meiner ho vindmøllene bør rivast.

– Eg visste faktisk ingenting om det, men no i det siste har eg fått vite meir og meir og eg synest berre det er dumt det som har skjedd.

August (16): – Ei unnskyldning og ein handlingsplan

Gut framfor Slottet

August har lese seg opp på saka etter aksjonen starta. Foto: Åshild Slåen

August har fått fri frå naturfag for å følgje med på aksjonen i sentrum.

– Eg er her for å vise støtte til demonstrasjonane. Etter det eg har lese har regjeringa vist veldig lite handlekraft etter dommen frå Høgsterett, så eg er her for å støtte og følgje med på kva som skjer, seier han.

Han har følgt med noko på Fosen-saka i aviser.

– Men det er fyrst no som det har fått så stor mediemerksemd at eg verkeleg har skjønt kva som har gått føre seg.

– Kva meiner du bør skje vidare?

– Eg tenkjer at regjeringa bør kome med ei unnskyldning og ein handlingsplan vidare.

Simen (17): – Rart at det har gått så lang tid

Gut Framfor Slottet

Simen har fått fri frå naturfag saman med andre skulekameratar for å gå på aksjonen. Foto: Åshild Slåen

Simen har slått følgje med August til Slottet. Han har også lese seg opp dei siste dagane.

Då synest eg det var rart at det har gått så lang tid sidan det vart dømt menneskerettsbrot til at det faktisk har skjedd noko. Difor tenkte eg at eg må dra hit og følgje med.

Han tenkjer at det er bra å halde fram med protestar for å gjere folk merksame på saka.

– Anten må ein fjerne vindmøllene, eller legge fram ein plan for sikre at noko slikt ikkje skjer att.


Les meir om Fosen-saka: