Fredsplanen er forhandla fram i Egypt og inneber ifølgje NRK at:
Hamas skal frigi 20 israelske gissel
Israel skal frigi 2000 palestinske fangar
Utvekslinga av gislane skal skje innan 72 timar frå avtalen trer i kraft
Det israelske militæret skal gradvis trekke tilbake styrkane sine
Minst 400 lastebilar med naudhjelp skal sleppe inn i Gaza dei første fem dagane, med ein gradvis auke
Fordrivne palestinarar får vende tilbake til Nord-Gaza og Gaza by, ifølgje Hamas
Våpenkvila trer i kraft 24 timar etter Israel har godkjent avtalen, altså seint i kveld.
President Donald Trump saman med Israels statsminister Benjamin Netanyahu då dei førre veke heldt pressekonferanse om ein fredsplan for Gaza. | Foto: AP Photo/Alex Brandon
Politisk kaos i Frankrike
Måndag trekte den franske statsministeren Sébastien Lecornu seg, etter berre 27 dagar i rolla. Han går av på grunn av politisk kaos og manglande støtte i nasjonalforsamlinga, skriv NRK.
Det er venta at den franske presidenten vil utnemne ein ny statsminister i løpet av i dag.
Sébastien Lecornu (til venstre) og president Emmanuel Macron fotografert i juni. Då var Lecornu forsvarsminister, før han nyleg vart statsminister. | Foto: Benoit Tessier/AP File
Telenor blir saksøkt for Myanmar-data
Thazin Nyunt Aung saksøker Telenor for å ha utlevert teledata om mannen hennar, Zeya Thaw, til militæret i Myanmar.
I 2021 skjedde det eit militærkupp i landet. NRK har avslørt at Telenor overleverte sensitive data om hundrevis av abonnentar til militærjuntaen.
Ein av dei var Zeya Thaw, som vart arrestert 18 dagar seinare, og seinare avretta.
Fleire enkeltpersonar og organisasjonar er med i søksmålet, som blir leidd av tre norske toppadvokatar.
Informasjonssjef i Telenor, David Fidjeland, seier til NRK at Telenor Myanmar hamna i ein forferdeleg situasjon og ikkje hadde nokon gode val.
Frå ein demontrasjon mot militærkuppet i 2021. Svært mange av Telenors kundar tilhøyrde motstandsrørsla, skriv NRK. | Foto: AP Photo
Syria har gjennomført sitt første val etter Bashar al-Assad
Søndag 5. oktober gjennomførte Syria sitt første indirekte val etter at regimet til Bashar al-Assad vart styrta i fjor.
10 000 av Syria sine rundt 25 millionar innbyggarar var plukka ut til å stemme i valet. Fleirtalet av desse var plukka ut av regjeringa og stemmer fram to tredelar av medlemmane i parlamentet, som skal bestå av 210 medlemmar. 70 av medlemmane vert direkte utpeikt av president Ahmed al-Sharaa, ifølgje CNN.
Ahmed al-Sharaa er ein tidlegare jihadist som har kjempa med Al-Qaida, men har dei seinare året kommunisert meir moderate haldningar.
Valet har fått kritikk for å ikkje vere fritt, og at minoritetar er dårleg representert. Berre sju kvinner er stemt fram av veljarane, noko som gjer at al-Sharaa må utnemne fleire kvinner om Syria skal nå målsettinga si om 20 prosent kvinner i parlamentet.
Den nye nasjonalforsamlinga skal lage eit forslag til ny grunnlov og førebu eit direkte val i neste periode.
Folk som skal stemme hentar stemmesetlar i eit vallokale i Aleppo 5. oktober. | Foto: AP Photo/Omar Albam
Fleire unge varetektsfengsla i 2024
Den siste tida har ei rekkje alvorlege valdshendingar gjennomført av mindreårige lovbrytarar knytt til organisert kriminalitet rysta Noreg.
Tal frå SSB viser at det var 65 varetektsfengslingar av barn og unge under 18 år i 2024. Det er ein auke frå 47 varetektsfengslingar året før, og over dobbelt så mange som har vore normalt i perioden 2013-2022.
Ikkje sidan 2012 har nivået vore på nivå med fjoråret. Då var det 60 varetektsfengslingar av mindreårige.
Normalt sett er det alvorlege valdshendingar som fører til varetekt eller fengsling.
Talet på fengselsstraffer for barn og unge har likevel ikkje gått opp, fordi unge i alderen 15 til 17 år vanlegvis får andre typar straffer.
Fleire unge blir fengsla. Her med illustrasjon frå Oslo fengsel. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Lyspunkt: Fleire overlever blodkreft med stamcelletransplantasjon
Transplantasjon av stamceller kan føre til at pasientar med akutt blodkreft lever lenger eller blir kurert, skriv NTB.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.