Jødiske Maja (20) og Hannah (21): – Vanskeleg at di sorg provoserer andre

Maja Haaland og Hannah Dubowski synest det er tungt at folk unnskyldar Hamas sitt terrorangrep mot Israel 7. oktober. 

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me er begge for unge til å hugse 22. juli, men det er eit slikt sjokk og ei slik sorg, seier Maja Haaland på videosamtale med Framtida.no.

20-åringen frå Oslo jobbar i år som jødisk vegvisar, noko som inneber at ho reiser rundt på vidaregåande skular i Noreg og fortel korleis det er å vera jøde i Noreg. Der snakkar dei om religionen sin, og fordommar og stereotypiar.

Saman med vegvisar Hannah Dubowski (21) har ho jobba som jødisk vegvisar sidan august i år.

Stilt til ansvar

– Det å vera jøde er ikkje berre knytt opp mot Israel, understrekar Dubowski, som synest det er viktig å gje skuleelevar i Noreg eit andlet til ordet jøde.

Som jødiske nordmenn har dei vore vande til å bli stilt til ansvar for handlingane til israelsk militære og israelske politikarar. Som barn fekk Maja spørsmål som: «Kvifor hatar du palestinarar?» og «Kvifor drep du palestinske barn?»

– Eg har alltid prøvd å forklara at eg har like lite med det israelske militæret som det norske. Eg har meir med det norske å gjera. Eg stemmer jo i val i Noreg. Det er veldig vondt at det er noko du skal ha ansvar for fordi du er jøde og har ei religiøs eller historisk eller kulturell tilknyting, forklarar ho.

Klistra til mobilen

Begge jentene har familie i Israel og har hatt tunge dagar etter terroråtaket der 1300 personar på israelsk side skal vera drepne og rundt 200 personar teke som gissel av Hamas.

– Det er vanskeleg å føla at di sorg provoserer andre. Det er som eg føler at me ikkje skal ha rett til å sørga. Hadde eg vore i Israel med familien no hadde eg vore i gravferd nesten kvar dag den siste veka. Det er vanskeleg å føla på at andre slit med at eg føler på den sorga over dei sivilie liva fordi dei er på israelsk side, forklarar Haaland.

På Hannah Dubowski kom det som eit sjokk og ho sat som klistra til mobilen for å få informasjon om kva som skjedde med landet, familie, vener og i krigen generelt.

– Men eit enda større sjokk er at folk kan unnskylda terroråtak. Tidlegare terroråtak som 9/11 og 22. juli har som regel aldri fått eit «men» frå mange menneske i verda, men det har dette fått, meiner ho.

Dubowski meiner det ikkje burde vera spørsmål om åtaket 7. oktober var ei terrorhandling.

– Ingen er nøydd til å valdta og massakrera sivile og drepe babyar eller å kidnappa eldre, babyar og sivile. Det er ikkje noko ein er nøydd å gjera og det skal heller ikkje unnskyldast, seier ho.

I etterkant av åtaket har israelske myndigheiter publisert eit anonymisert bilete av det som skal vera eit spedbarn drepe av Hamas, melder The Telegraph. Israelske rettsmedisinarar har òg rapportert om offer som ber preg av mishandling og valdtekt.

Haaland meiner det er viktig å anerkjenna det som har skjedd og ikkje prøva å bortforklara eller unnskylda terrorhandlingane 7. oktober.

– Så er det å gje folk litt pusterom rett og slett. Det brukar å ta litt tid etter terroråtak før ein skal analysera handlingane til terroristane. Terroristar veks aldri opp i gode situasjonar, slik er det alltid, men eg føler me har fått litt lite tid til å føla på sorga, seier 20-åringen.

– Me er ikkje på ein stad der me kan debattera når me sit med ei slik botnlaus sorg, understrekar ho.

Legitimt å kritisera politikk

Dei har begge gode minne frå Israel der dei opplever å vera ein del av ein majoritet framfor ein minoritet, noko som mellom anna inneber å ikkje må forklara kelneren kva kosher betyr.

– Det er så synd at folk slit litt med at me har ein slik kjærleik for den kulturen og det folket og det landet, fordi dei ser det som eit åtak på palestinarar, noko det absolutt ikkje er, seier Haaland.

20-åringen meiner det er fullt mogleg å balansera kritikk mot israelsk politikk med empati med det israelske folket etter det som har skjedd.

– Det er noko med å forstå at Israel på lik linje med andre statar kan ha politikk du er ueinig i og det er heilt lov og heilt legitimt å kritisera. Det gjer jo òg Israel si befolkning. Det har jo vore demonstrasjonar i eitt år. Å vera politisk ueinig er heilt lov og det er sunt for demokratiet at ein snakkar om ting ein er ueinig i.

Vegvisarar

Dei jødiske vegvisarane har gode erfaringar med å snakka med ungdommar om å vera i jøde i Noreg, og meiner jobben er viktigare enn nokon gong.

– Me veit av erfaring at når det blussar opp i Midtausten, så aukar antisemittisme i resten av verda. Eg ser det på nett. Det er mange som er engasjerte i palestinarane si sak. Det er bra, og det har dei all rett til, men eg har fleire gongar måtte melde venner som har lagt ut ting som eg meiner er rett ut antisemittiske, seier Haaland.

Ho tykkjer det er vanskelegare å stå i denne gongen, fordi massakren 7. oktober er ulikt alt dei har sett tidlegare.

– Eg er redd

– Ein stor del av vår sorg er tapet av sivile liv på begge sider og me er veldig redde for kva framtida vil bringa, seier Haaland, som understrekar:

– Det er ikkje ein fotballkamp. Ein treng ikkje sitja og heia på den eine eller den andre. Alle burde heia på fred, uansett kor umogleg det verkar no.

Natt til onsdag denne veka vart ein synagoge i Berlin angripe med brannbomber.

Dei jødiske vegvisarane fortel at mange jødar no er engstelege og viser til at det har vorte ropt om å gassa jødar i demonstrasjonar i Australia og at jødiske bustadar i Berlin har blitt markert med davidsstjerner.

– Det er ei frykt eg ikkje har følt på før. Eg har alltid følt meg veldig trygg i Noreg og eg håpar og trur at eg kjem til å halde fram å vera det, men eg er redd, seier Haaland.