Redaksjonell rapport 2022: Året Framtida.no gjekk viralt på TikTok

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2022 var året då Framtida for alvor slo igjennom på TikTok. «Kort forklart»-journalist Åshild Slåen sin TikTok-video om regjeringa sine BSU-kutt er sett kring 80 000 gonger og har over 2000 likarklikk.

@framtida.no Staten sparar 600 millionar kroner på nye BSU-kutt #framtida #framtidano #nyheiter #nyhende #nyheter #økonomi #sparing ♬ original sound – framtida.no

Framtida har lansert satsingane «Kort forklart» og «Vekas viktigaste», som er ein del av eit innovasjonsprosjekt støtta av Medietilsynet. Prosjektet tek sikte på å samanfatta nyheitene enkelt for unge lesarar, som ikkje les like mykje tradisjonelle medium som eldre.

800 000 brukarar i 2022

Andrea Rygg Nøttveit tok over som redaktør etter Svein Olav Langåker frå 1. april 2022.

Framtida-redaksjonen tel i dag fire fast tilsette og ei prosjektstilling. I tillegg har Framtida.no fleire dyktige sommarvikarar, faste frilansarar og har teke imot ein praktikant frå Nynorsk Avissenter i Førde.

Framtida hadde nesten 800 000 brukarar i 2022. Dette er ein liten nedgang sidan koronaåret 2021. Framtida.no har i snitt hatt 66 500 brukarar i månaden.

Framtida har halde fram sitt gode samarbeid med ABC Nyheter, som har republisert 79 av artiklane våre. Til saman er desse lese over 400 000 gongar hjå ABC Nyheter.

Ifølgje nyheitsovervakingstenesta Retriever har Framtida.no blitt sitert og omtalt 202 gonger i andre medium i 2022. Blant sakene som har fått mest merksemd er saka om NRK Super-programleiar Sally Kamara som ikkje fekk rullestolen opp på scena under ei prisutdeling og saka om at unge skeive fekk høyra at «dei fortente det» i etterkant av Oslo-skytinga.

Mest lesne saker og innlegg

I 2022 publiserte Framtida rett over 1300 artiklar og debattinnlegg. Fleire av desse vart blant dei ti mest lesne sakene på Framtida.no i året som gjekk. Sjå heile lista her!

Foto: NRK, Pressefoto, Wordup projects, Sara Angelica Spilling og TV 2, Privat, Privat, Michael Schult Ulriksen/Egmont People og Sinogene Biotechnology Co.

Nyhende- og debattavisa har i 2022 publisert 143 meiningsinnlegg skrive av engasjerte unge frå heile Noreg.

Meiningsinnlegga som vart best lese var:

Framtida.no satsar på Instagram der me har over 4200 følgjarar og mykje kommunikasjon med lesarane. Skjermdump: @framtida.no

Ved inngangen til 2023 har Framtida.no 4274 følgjarar på Instagram, som er ein 9 prosent auke sidan starten av 2022.

Spanande prosjekt i 2022

I 2023 lanserer Framtida.no ein eigen debattportal for unge, støtta av Medietilsynet. Me vil difor satsa enno meir på å henta inn og løfta meiningsmangfaldet blant engasjerte ungdommar frå heile landet – på nynorsk.

Framtida.no har i året som har gått gjennomført fleire journalistiske prosjekt støtta av Fritt Ord.

Gjennom prosjektet «Unge og tru» sette Framtida fokus på minoritetsreligionar som sikhar, jødehets og dei mange som ikkje trur.

Sommaren 2022 sette me i prosjektet «Ung på bustadmarknaden» fokus på unge sine kår på bustadmarknaden – både som leigetakar og kjøparar.

I januar 2023 set me i gang med det journalistiske prosjektet «Minoritet og makt», der me undersøkjer tilhøva for dei språklege minoritetane i Noreg, og korleis ulike minoritetar vert møtt av myndigheiter og storsamfunn.

Skrivekonkurransar

Framtida.no har saman med Magasinett og eksterne samarbeidspartnarar som ForUM for utvikling og miljø og Norsk Målungdom arrangert fire skrivekonkurransar for unge. Tema for desse var fritid, identitet, berekraftsmåla 2030 og tradisjonar.

Skrivekonkurransen om berekraftsmåla 2030 vart mykje brukt i skulen, noko me ser at også er tilfellet for fleire av Framtida.no sine best lesne saker.

I tillegg er fleire artiklar frå Framtida.no og Magasinett republisert i læremiddelverk av forlag som Aschehoug, Cappelen Damm og Gyldendal.

Les vinnarinnlegga frå Framtida sine skrivekonkurransar i 2022 her:

https://framtida.no/2022/04/25/-a-miste-moglegheita-til-a-mote-og-vere-der-for-ein-ven-nar-det-trengs-har-vore-hardt

«På passet mitt stod det: Nasjonalitet: Litauisk. Desse orda har følgt meg sidan då»

«Ikkje gløym klimakrisa! – Det er ikkje for seint å snu»

«Du overlever ein liten dose Jesus oppi alle julegåvene, marsipangrisane og LED-lysa»