«Det beste staten kan gjere for å hindre vald i klimaet sitt namn er å lytte til den ikkje-valdelege klimarørsla»

Cornelia Reichmann (23)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Eg er usamd med Joachim Skahjem, men eg forstår han godt.

Joachim Skahjem si utsegn om vald i klimakampen i Debatten torsdag 24. november bør ikkje kome som ei overrasking. Ingen bør bli overraska om regjeringa sine investeringar i oljeindustrien og rasering av natur fører til vald og sosial uro.

Som støttespelar til «Stopp oljeleitinga»-kampanjen og medlem i Extinction Rebellion Norge har eg dedikert livet mitt til ikkje-valdeleg sivil ulydnad for ei leveleg framtid.

Eg har avbrote spørjetimen på Stortinget, okkupert Olje- og energidepartementet og lenka meg til bensintog. Det har kosta mykje. Eg har sete på glattcelle 11 gonger og fått bøter eg ikkje har råd til å betale.

Cornelia Reichmann (23) sperrar eit oljetog på Sjursøya. Foto: Extinction Rebellion Noreg


Eg har heile tida vore overtydd om at ikkjevaldsprinsippet er heilt grunnleggjande i klimakampen. Ikkje-vald handlar djupast sett om å konfrontere den valden som eksisterer i samfunnet, slik borgarrettsaksjonistar i USA gjorde då dei gjennomførte sitt ned-aksjonar i segregerte eteplassar og blei møtt med ekstrem rasistisk vald, men likevel heldt seg ikkje-valdelege.

Det at den norske staten held fram å investere i oljeindustrien er valdeleg, fordi menneske allereie no døyr på grunn av klimakrisa. Vi er på veg mot 2,8 graders global oppvarming i mi livstid. Det vil utan tvil føre til liding og død på ein skala som vi ikkje har sett gjennom heile historia.

Mi overtyding er og har vore at vår kamp mot oljeindustrien ikkje kan førast med vald, fordi det i seg sjølv strir mot dei verdiane vi vil bevare. Oljeindustrien sin vald må konfronterast med ikkje-vald.

Eg vil så gjerne fortsetje å tru på at ikkje-valdeleg sivil ulydnad kan føre til den samfunnsendringa vi så sårt treng. Men det er vanskeleg å beskrive kor hjarteskjerande det er å dedikere så mykje til kampen for noko som burde vere ein grunnleggjande rett, at livsgrunnlaget vårt blir bevart, og likevel sjå at styresmaktene held fram å gje ut oljeleitelisensar og rasere naturen. Dette trass i at det rår vitskapleg konsensus om at vi må stoppe oljeleitinga om vi skal klare å stoppe utbreidd mat- og vassmangel som følgje av klima- og naturkrisa.

Gjennom historia ser vi at delar av rørsler som byrjar som ikkje-valdelege, men ikkje blir høyrde, ofte blir meir radikaliserte. Eitt eksempel på det frå norsk miljørørsle er kampen mot Alta-Kautekeino-vassdraget. Etter fleire tiår med undertrykking, assimileringspolitikk og tap av landområde samla hundrevis av samar og deira allierte seg til aksjonar med sivil ulydnad og svoltestreik.

Demonstrantar frå Folkeaksjonen mot Altautbyggingen i Stilla i Alta. I 1979 hindra folkeaksjonen sin lenkegjeng i Stilla arbeidet med anleggsvegen. På det meste var det over 800 demonstrantar. I januar 1981 hindra politiet ca. 500 demonstrantar og vegarbeidet tok til. Foto: Riksarkivet

Trass i at over 500 aksjonistar blei arresterte og at fleire av samane som sveltestreika uttalte offentleg at dei var villige til å døy for saka, insisterte regjeringa på at utbygginga skulle halde fram.

Sjølv om majoriteten av rørsla heldt seg ikkje-valdeleg, var det då nokre av aksjonistane som bestemte seg for å eskalere endå meir. Den 19. mars 1982 forsøkte tre av dei å sprenge ei bru på vegen inn til anlegget. Dei hadde ingen intensjon om å skade nokon, men det enda likevel med at ein av aksjonistane blei alvorleg skadd.

Ein kan meine mykje om denne aksjonen. Ein kan også diskutere om det å sprenge ei bru utan intensjon om å skade nokon er valdeleg. Uansett må det sjåast i kontekst av den uretten samane har blitt utsett for av den norske staten. Etter å ha prøvd alle former for ikkje-valdeleg motstand er det menneskeleg at ein blir desperat nok til å sprenge ei bru.



Vi som driv med sivil ulydnad blir ofte skulda for å vere antidemokratiske. Men ein viktig grunn til at vi gjer sivil ulydnad er nettopp fordi vi vil bevare demokratiet. For at eit liberalt demokrati som Noreg skal fungere må befolkninga kunne ha tillit til styresmaktene.

Så kva vil då skje når større delar av befolkninga tek innover seg at våre styresmakter har svikta oss og at dei vi er glade i er i livsfare? Når fleire innser at styresmaktene har prioritert oljeindustrien sin profitt over deira barn sine liv og helse, kva kjem det til å føre til av sosial uro og vald?

I norsk klimarørsle i dag står ikkjevaldsprinsippet så sterkt at eg trur majoriteten vil bli verande ikkje-valdelege.

Sjølv er eg dedikert til ikkje-vald. Men for kvar dag regjeringa held fram å handle imot vitskapleg konsensus, for kvar dag naturen blir rasert, for kvar nye oljeleitelisens som blir delt ut, så aukar sjansen for at nokre blir desperate nok til å ta saka i eigne hender.

Alle menneske har ein grunnleggande trong til å beskytte seg sjølv og dei ein er glade i, og vald skjer som eit resultat av frykt og desperasjon.

Det beste staten kan gjere for å hindre vald i klimaet sitt namn er å lytte til den ikkje-valdelege klimarørsla no. Vi har både vitskapen og etikken på vår side.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Cornelia Reichmann (22) skriv om klimarettferd. Foto: Privat