Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 16.01.2023 10:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har møtt nokre utfordringar gjennom livet med å vere jøde, så eg vil ikkje at den neste generasjonen, eller mine barn når den tid kjem, skal oppleve det same, fortel Dana Odinsen Golan. 

Ho ønskjer seg eit samfunn der det skal vere normalt å ha ein jøde i klassa, der det ikkje skal vere noko framandt.

Det er ein av grunnane til at ho ville bli ein jødisk vegvisar. 

Vegvisarar

Framtida.no møter dei unge jødane Dana Odinsen Golan (21) og Talia Dubowski (22) på Kaffebrenneriet på St. Hanshaugen, ikkje langt unna synagogen i Oslo. Dei drikk kvar sin kopp te og Talia et ein yoghurt, som ho poengterer ikkje eigentleg er kosher, altså innanfor å ete etter dei jødiske etereglane.

Dei kjem rett frå skulebesøk nummer 222. Det siste året har dei nemleg reist rundt på skular i Noreg for å fortelje om kva det vil seie å vere jøde i Noreg anno 2022.

– Vi ønsker å gi eit fjes til ordet jøde, og at dei skal ha moglegheita til å bli kjent med ein jøde, fortel Talia Dubowski.

Dana Golan og Talia Dubowski. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

For mange unge er dette deira første møte med ein jøde. At vegvisarane er i nokolunde same alder som elevane, gjer det heile litt nærare.

– Det vi ønsker er å bygge bruer og jobbe mot hets og hat og utfordringar i det norske samfunnet, uansett kva for minoritet ein skulle høyre til, men vi brukar jøde som eksempel, fordi det er det vi kan snakke om, utdjupar Talia.

Les også: Sekularisering og individualisering – religion og unge i 2022

Konverterte

Dana fortel at ho og søstera konverterte til jødedommen då dei var barn, i 2009. Faren hennar er jøde frå Israel, medan mora er frå ein kristen familie.

Talia har òg far frå Israel. Mora hennar konverterte til jødedommen året før Talia vart fødd.

– For min del var det aldri ein sjølvfølgje at eg skulle bli vegvisar, men for å bli vegvisar må du gjennomføre eit utdanningsprogram, fortel Talia.

Ho var difor eit halvt år i Israel, og då blei meininga med å framleis ha eit jødisk liv i Noreg enda tydelegare for ho.

– Eg fekk ei kjensle av kor viktig dette var for meg.

Jødar i Noreg

Ein jøde er ein person som er fødd av ei jødisk mor eller som har konvertert til jødedommen.

Det jødiske samfunnet i Noreg består i dag av om lag 1.500-2.000 personar. I underkant av 800 høyrer ifølgje Talia og Dana til synagogen i Oslo, som i 2020 fylte 100 år. I tillegg er det ein synagoge i Trondheim.

Jødane er ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg.

I norsk samanheng blir ofte den såkalla «jødeparagrafen» trekt fram. Paragraf 2 i Grunnlova nekta jødar å kome til riket.

Religionsparagrafen (§2) i Grunnlova slik han var i perioden 1814-1851. Foto: Falt i det fri (Offentleg eigedom)

I 1851 blei religionsparagrafen oppheva, noko Henrik Wergeland har fått mykje av æra for.

Kransnedlegging på minnesmerket til Henrik Wergeland på 17. mai. I 1849 fekk svenske og danske jødar reist eit monument over Wergeland på Vår Frelsers gravlund. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Under den andre verdskrigen blei om lag halvparten av jødane i Noreg deporterte og sende til konsentrasjonsleirar. 773 jødar blei totalt deporterte frå Noreg. Berre 35 overlevde.

Nazihelsing og «jævla jøde»

Dana Odinsen Golan fortel at ho har opplevd både små og store negative hendingar i samband med at ho er jøde. Det som sit mest i, skjedde då ho gjekk i sjuande og seinare då ho gjekk i tiande klasse.

– Det var like episodar og dei same personane. Dei gjorde nazi-helsing og sa «jævla jøde, dra heim til heimlandet ditt».

Dana fortel at hendingane blei teke tak i frå skulen si side, men det påverka ho likevel i stor grad. Då ho byrja på vidaregåande, tok ho av seg David-stjerna ho plar bere rundt halsen. Ho sa ikkje lenger uoppmoda at ho er jøde.

I dag har Dana på seg den vesle sølvstjerna rundt halsen. Framleis hender det at ho bevisst vel å ta ho av eller å skjule ho.

– Mange veit kva ei Davidstjerne er, sidan det var det Hitler brukte i Tyskland og andre europeiske land, med gul stjerne på armen. Men eg har også brukt eit anna symbol for jødedommen, Ḥai (חי), som er to bokstavar sett saman som tyder liv, å leve. Det veit ikkje folk kva er, fortel Dana. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Skjellsord

Ei undersøking viser at jøde er eit av skjellsorda som blir brukt ved norske ungdomsskular og vidaregåande skular.

– Eg opplevde det då eg gjekk på vidaregåande. Det er to år sidan no, men då brukte ein gut i klasserommet det. Det var ikkje retta til meg, men så ropar han etterpå: «Eg meiner ikkje deg, Dana».

Dana Odinsen Golan fortel at ho då ikkje torde å seie ifrå om at det ikkje var greitt. Ho følte seg ikkje heilt trygg i klassa, og orka ikkje noko styr.

– Det er veldig teit å seie, men eg orka ikkje å vere den som øydelegg moroa på ein måte. Men det er jo noko fleire seier dei har høyrt bli sagt.

Haldningar til jødar

I Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter sin rapport Holdninger til jøder og muslimer i Norge frå 2017, konkluderer dei med at det finst stereotypiske førestillingar om jødar i det norske samfunnet, men at oppslutninga om dei har gått ned sidan den førre undersøkinga frå 2011.

Trass i ein nedgang i motvilje mot jødar, viser resultata at jødane såg på dagens antisemittisme som eit alvorleg og aukande samfunnsproblem. To av tre jødar i utvalet svarte at dei skjuler religionstilhøyrsla si i offentlegheita for å unngå negative reaksjonar.

Holocaustsenteret er i gang med ei ny undersøking om haldningar til jødar og muslimar i Noreg.

På verdsbasis har ein dei siste åra sett at antisemittismen aukar, spesielt under covid-19 pandemien.

«Antisemittisme, inkludert nektinga av dens eksistens, aukar på verdsbasis. Dette skjer på kostnad av individ, samfunn og demokrati» har generaldirektøren i UNESCO Audrey Azoulay uttalt, ifølgje FNs regionale informasjonskontor for Vest-Europa.

FNs generalsekretær António Guterres snakka om at antisemittismen aukar i fleire miljø i samband med verdsdagen til minne om offera frå Holocaust i 2021.

Russetid og bikini-spørsmål

Når Talia Dubowski og Dana Odinsen Golan reiser rundt til norske elevar, får dei spørsmål om alt mellom himmel og jord.

– Vi plar seie at terskelen for å stille spørsmål er veldig låg. Det er betre å stille det og så seier vi at vi ikkje ønskjer å svare, enn at du sit inne med det og dannar deg eigne svar i hovudet, seier Talia. 

Ungdommane kan lure på kva det religiøse i jødedommen går ut på, korleis ungdomstida er som jøde og kva utfordringar dei møter på.

– Kan de ha russetid? Det er eit spørsmål vi har fått veldig mykje no når det har vore russetid. Eller spørsmål om alkohol til dømes, trekker Dana fram. 

– Seinast i stad fekk vi spørsmål om vi kan gå i bikini, held ho fram, og stadfestar leande at det kan ho.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Jødiske veivisere (@jodiskeveivisere)

Israel-Palestina-konflikten

Rapporten til Holocaustsenteret trekker fram at mykje tyder på at haldningane i Noreg til Midtaustenkonflikten også speler inn på synet på jødar. Dei skriv at medan støtta til tradisjonell antisemittisme har gått ned dei siste åra, har ikkje antiisraelske haldningar blitt svakare. Meiningsklimaet i Noreg er overvegande til fordel for Palestina. 12 prosent svarte at dei meinte vald og trakassering mot jødar kan bli forsvart når ein tenkjer på korleis Israel behandlar palestinarar.

Dana fortel at noko av det første dei ofte blir spurt om på skulebesøk er korleis dei stiller seg til Israel–Palestina-konflikten, noko som vert møtt av standardsvaret «vi har ikkje lov til å snakke om politikk». Ho ønsker heller ikkje å gjere det, fordi ho ikkje vil påverke nokon med meiningane sine.

Ho opplever at Israel–Palestina er noko alle i Noreg har ei meining om, og at det påverkar dei som jødar i Noreg i stor grad.

– Vi opplevde då alt blussa opp i fjor i mai at elevar på barneskulen blei stilt til ansvar fordi dei er jødar, for det som skjer der nede. Det skjer også på vidaregåande og ungdomsskular, men barneskule er jo heilt sjukt for meg å tenke på. At dei skal tenke på ein konflikt dei ikkje eingong veit kva er.

Talia plar ikkje prate så mykje om Israel–Palestina-konflikten, men ho har blitt konfrontert med det.

– Eg hugsar tydeleg før eg reiste ned til Israel, så var det ei venninne av meg som sa: «Det at du ikkje har noko meining i den saka her eller ikkje har valt deg ei side, er nesten meir ironisk enn om eg skulle i militæret og var i mot våpenbruk.»

Pengar og nasar

Det finst mange stereotypiar om jødar. Desse har mellom anna bygd opp under antisemittisk tankegods, og er særleg knytte til makt, pengar og skuld. Men det finst òg positive førestillingar om jødar som spesielt kunstnarisk evnerike eller intelligente. Holocaustsenteret poengterer i rapporten sin om haldningar til jødar at alle desse likevel er uttrykk for gruppekonstruksjonar og kan spele ei rolle i antijødiske haldningar.

Dana og Talia kjenner godt til karakteristikkane som typisk blir assosierte med jødar.

– Pengar, økonomi, nasar, kjem det raskt frå Dana på spørsmål om kva stereotypiar dei har høyrt. 

– At jødar skal ta over verda og at jødar styrer Coca-Cola, tilføyer Talia. 

Ho kjenner òg til eldre fordommar, som ho ikkje har møtt på noko særleg sjølv.

– At jødar drep små barn eller drikk blod og sånn. Men det er veldig sjeldan at du møter på det, då er det som regel at elevar har sett seg inn i desse temaa for at dei skal kome opp.

Men ho har òg fått høyre at jødar er flinke, intellektuelle og gode businessfolk.

– Men det heng ofte saman med det med pengar – det er overordna for alle desse tinga, seier Talia. 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Jødiske veivisere (@jodiskeveivisere)

Grensa går ved Holocaust

– Korleis påverkar det dykk å høyre negative fordommar?

– Eg ler, ironisk. Eg synest det er morosamt at folk trur på det. Sei med nasen da, her står vesle meg med bittelita nase og motseier det, svarar Dana. 

Jødar blir gjerne skildra med store nasar og mørkt hår. Dana har raudleg hår og liten nase. Ho seier at ho ikkje tar slike stereotypar så personleg, og likar å motseie dei.

Talia meiner stereotypiar kan vere gøy, men at det er viktig å tenkje på kvar grensa for kva som er å gå for langt går. Denne vil kunne vere forskjellig frå person til person.

– Vi kan seie at grensa går ved Holocaust-vitsar. Ikkje berre for oss, men for alle. Alt som har med det å gjere, er ein raud strek, vil eg påstå, for alle har på ein eller annan måte eit forhold til det. Også vi to som er ganske unge, vi har eit forhold til det med familie og sånne ting, seier Dana.

Talia legg til at det finst dei som uttrykkjer vanskelege ting gjennom til dømes musikk og humor.

– Og mange av dei drøyaste jødevitsane eg kjenner til er det ofte jødar sjølv som har fortalt. Men det kjem an på kva grunnen er til at dei seier det. Og sjølv om dei seier det sjølv, så betyr det ikkje at det er godkjent. 

Nysgjerrige

I motsetnad til Dana, har ikkje Talia opplevd nokre særleg negative hendingar knytt til den jødiske bakgrunnen sin. Ho fortel at folk har vore nysgjerrige og stilt spørsmål, og ho har ofte fortalt at ho er jøde utan at det har fått negative reaksjonar.

– Eg vil heller at dei skal bli kjent med meg enn at Dana = jøde, på ein måte. I staden for Dana = person, forklarar Dana. 

Ho tenker at om nokon sit med negative fordommar om jødar, vil dei kanskje oppdage at det ikkje stemmer når dei har blitt kjent med ho.

Det tok to veker før ho fortalde dei ho bur i kollektiv med om jobben som jødisk vegvisar.

–  Eg gjekk veldig rundt grauten, for å seie det mildt.

– Når du først fortel, kva er tilbakemeldingane? 

– Nysgjerrigheit! Spørsmål som «Går det greitt at eg steiker bacon heime?»

– Ja, elles hadde eg ikkje budd i kollektiv, ler Dana.

Ikkje så religiøse

Nokre jødar knyter den jødiske identiteten sin meir til historie, tradisjon og kultur enn til sjølve religionen.

Slik er det for både Talia og Dana. Dei reknar seg ikkje som religiøse.

– Eg trur ikkje at eg hadde vore jøde viss ikkje det var for at eg er vaksen opp i ein jødisk familie. Det har kanskje noko med det kulturelle, familiære og fellesskapet, som er grunnen til at eg framleis er i det, seier Talia. 

Ho plar delta på gudstenester i synagogen, men det er mest på grunn av det sosiale og at det gjev ei kjensle av å kome inn, som er spesiell.

Styrke å vere ein minoritet

Trass i at dei har møtt på utfordringar som jødar i Noreg, understrekar både Talia og Dana at dei ser på det å vere ein minoritet som noko positivt, og at det er stort mangfald også innanfor minoriteten.

Du kan velje litt kven du har lyst til å vere. Og du har ein tryggleik i å vite at du alltid har nokon som står bak deg viss noko, bank i bordet, skjer, forklarar Dana.  

Talia set òg pris på å stå med ein fot i to ulike kulturar.

– Dess fleire kulturar du kjenner til eller fleire språk du kan, dess større innblikk får du i korleis samfunnet faktisk er bygd opp og korleis ein gjer ting. Du ser heilskapen mykje betre enn viss du berre kjenner til éin ting.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a) framtida.no!


Les også: Misjonær for Jesu Kristi Kyrkje: – Folk er jo ikkje så interesserte i religion