Skrivekonkurranse: Identitet


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Identitet handlar om kven du er i møte med verda. Nokre gonger kan det vera enkelt å møte folk som den du er, men i andre situasjonar kan det vera vanskeleg.

Er du 25 år eller yngre? Svar på ei av dei tre oppgåvene under og send inn ditt bidrag til Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse. Vinnarbidraget får 2000 kroner og vert publisert på Framtida.no.

Innleveringsfrist: 3. juni 2022

Oppgåve 1: Identitet

Skriv ei tekst der du reflekterer over korleis du identifiserer deg. Kva kjenneteiknar «ein som deg»? Kva fordommar møter du? Kva gleder eller sorger gir identiteten din deg? Korleis formar identiteten din livet og kvardagen din? Kva skal til for at du skal kjenna deg trygg som den du er? Trur du at du hadde vore ein annan om du vaks opp ein annan stad?

Oppgåve 2: Ut av skåpet

Når nokon fortel om kjønn, legning eller seksualitet som skil seg frå det heteronormative kallar ein det ofte å «kome ut av skåpet». Skriv eit innlegg om det å kome ut av skåpet i 2022. Spørsmål som kan vera relevante:

  • Er det framleis slik at ein må «kome ut av skåpet» i 2022?
  • Kven er det som «kjem ut av skåpet»?
  • Kvifor stå fram med sin identitet?
  • Korleis skal ein møte ein som «kjem ut av skåpet»?

Oppgåve 3: Det er berre ein fase

Denne utsegna møter mange på, særleg om ein skil seg litt frå det som vert sett på som norma. Har du opplevd at nokon har sagt dette til deg? Korleis opplever du det? Kvifor kan det vera vanskeleg? Eller: Kvifor er det uproblematisk?

Om konkurransen:

Både vinnarteksten og tekstane som konkurrerer i toppen vil bli publisert på Framtida.no. Vi ser etter tekstar som er tankevekkande, originale og kan engasjera. Vi ser òg etter i kva grad du klarer å bruka relevante kjelder til å underbygga argumenta dine.

Format: Word-fil (pass på å dele som eit fil-vedlegg til e-posten, og ikkje som lenkje. Då er det ikkje alltid at vi klarar å få opne fila)

Kontaktinfo: Skriv inn namn, alder, heimkommune, telefonnummer på botnen av bidraget ditt – så får vi kontakt med deg om du vinn eller vi vil publisera innlegget ditt.

Lengd: Maks 750 ord, men gjerne kortare!

Premie: 2000 kroner til 1. premie, 1000 kroner til 2. premie. Det blir òg gjeve bokpremiar og berenett til seks andre deltakarar som blir plukka ut.

Aldersgrense: 25 år eller yngre

Innleveringsfrist: 3. juni 2022

Målform: Nynorsk

Send inn som eit Word-dokument-vedlegg til e-postadressa: skrivekonkurranse (a) framtida.no

OBS: Hugs å merka teksta med <NAMN>, <ALDER>, <HEIMKOMMUNE> og <TELEFONNUMMER>.