Skrivekonkurranse: «Mine tradisjonar»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Framtida.no og Norsk Målungdom inviterer til felles skrivekonkurranse med tema tradisjon. Vinnartekstane vert publiserte på Framtida.no og i Motmæle, medlemsbladet til Norsk Målungdom.

Vel éi av dei tre oppgåvene under.

(Sjå reglane for skrivekonkurransen nedst.)


1. Negative eller positive tradisjonar

Ta føre deg ein tradisjon du likar, eller ikkje likar og skriv om denne tradisjonen.

Innspel til tradisjonar du kan skriva om:

  • Personlege tradisjonar
  • Religiøse tradisjonar
  • Sekulære tradisjonar
  • Høgtider
  • Mattradisjonar
  • Klestradisjonar
  • Kommersielle tradisjonar
  • Særnorske tradisjonar
  • Internasjonale eller andre land sine tradisjonar

Innspel til spørsmål du kan svara på:

  • Kva betyr denne tradisjonen for deg/samfunnet? 
  • Kva skal til for at tradisjonen vert avvikla eller ført vidare?

2. Dialekttradisjon

Ta føre deg korleis du sjølv snakkar. Skriv om dialekta di og forholdet du sjølv og andre har til nettopp denne dialekta. Bruk gjerne konkrete døme frå dialekta di.

Innspel til spørsmål du kan svara på:

  • Snakkar du likt eller ulikt som foreldra eller besteforeldra dine?
  • Kva betyr dialekta for deg? 
  • Vert du misforstått eller mistolka?
  • Korleis trur du dialekta vil sjå ut om 100 år?
  • Kva skal til for at dialekta lever vidare?

3. Tradisjon og fellesskap

Ta føre deg ein eller fleire tradisjonar og diskuter om desse blir opplevd inkluderande eller ekskluderande for deg eller andre.

Innspel til spørsmål:

  • Har du skapt eigne tradisjonar som gjev fellesskap?
  • Kva forhold har du til tradisjonane du har vakse opp med?
  • Er det nokre tradisjonar du eller andre ikkje har råd til å delta i?
  • Korleis påverkar sosiale medium kjensla av fellesskap eller utanforskap?

Om konkurransen:

Teksten kan ikkje ha vore publisert i ei avis tidlegare.

Både vinnarteksten og tekstane som konkurrerer i toppen vil bli publisert på Framtida.no. Vi ser etter språksterke tekstar som er tankevekkande, originale og kan engasjera.

Premie: 2000 kroner til 1.-premie, 1000 kroner til 2.-premie.

Det blir òg gjeve premiar og berenett til dei andre tekstane som konkurrerer i toppen.

Aldersgrense: 25 år eller yngre

Innleveringsfrist: 05. desember 2022

Målform: Nynorsk

Lengd: Maks 750 ord, men gjerne kortare!

Format: Word- eller PDF-fil (pass på å dele som eit fil-vedlegg til e-posten, og ikkje som lenkje. Då er det ikkje alltid at vi klarar å få opna fila)

Send inn som eit vedlegg til e-postadressa: skrivekonkurranse (a) framtida.no

Kontaktinfo: Skriv inn namn, alder, heimkommune og telefonnummer på botnen av bidraget ditt – så får vi kontakt med deg om du vinn eller vi vil publisera innlegget ditt.

OBS: Hugs å merka teksta med <NAMN>, <ALDER>, <HEIMKOMMUNE> og <TELEFONNUMMER>.