«På passet mitt stod det: Nasjonalitet: Litauisk. Desse orda har følgt meg sidan då»

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette innlegget vann førstepremien i Framtida.no sin skrivekonkurranse om Identitet.

Kvart år trekker fuglar sørover til vinteren går over. Seinare, når den kalde tida er over, reiser dei heim. Mange menneske er som fuglar. Nokon gongar blir dei jaga frå heimen sin av vinterens kalde hender, og etterlet seg alt. Og dei ventar. I håp om at sola ein dag vil vekke våren, og heimlandet deira vil vere fødd på ny og gi dei gode levevilkår.

Eg var ni år gammal då vinteren kom til heimlandet mitt, Litauen. Vi måtte dra på grunn av dårleg økonomi i landet. Eg hugsar då eg sat på golvet og pakka kofferten min. På passet mitt stod det: Nasjonalitet: Litauisk. Desse orda har følgt meg sidan då.

Som den naive niåringen eg var, var eg spent på å reise, fordi eg skjønte ikkje heilt at alt eg visste, alt eg kjente, skulle bli forlate for mange år.

Sjølv om Noreg er det nordlegaste landet i Europa, tok dei oss varmt imot. Uansett vaks heimlengta med kvar dag eg heldt til her. Sjølv om eg har vakse opp i Noreg, har eg sterk tilknyting til heimlandet mitt.

«Kvit kråke» er russisk slang for ein person som ikkje passar inn, og er ikkje som dei andre. Det skildra perfekt korleis eg har følt meg dei siste ti åra.

Eg reiser heim kvart år mange gongar for å huske kven eg eingong var, og å bli betre kjent med røtene mine. Det er lettare å puste der, heime. Det er lettare å leve. Dersom nokon spør meg kven er du, vil eg derfor svare – litauisk. Fordi dette er den einaste draumen min. Å bu der.

Sjølvsagt er identitet mykje meir enn nasjonalitet. Familie, vennar, miljø, utdanning og ikkje minst arv formar identiteten. Personleg synest eg det er flyttinga til Noreg som har forma personen eg er i dag. Alle verdiane mine forgreina seg utifrå denne opplevinga.

Eg føler meg forrådt av landet mitt. Litauen ligg i geografisk sentrum av Europa. Landet har tilgang til ressursar, har utdanna og arbeidsvillig befolkning. Uansett er det utruleg mange som vel å emigrere. Dette er mest på grunn av politikarar som ikkje klarer å styre økonomien fornuftig.

Uansett vil eg flytte tilbake. Eg vil ha endring. Eg vil at barnebarna mine skal sleppe å seie ha det til meg på veg til flyet med tårer rennande ned langs kinna. At dei skal sleppe å seie ha det til heimlandet sitt utan å vite når dei kjem tilbake. Eg vil at dei skal vere stolte av nasjonaliteten sin. Eg vil at dei skal sleppe å vere ei «kvit kråke».

Å emigrere til Noreg var ein av dei raraste opplevingane i mitt liv. Eg elskar Noreg, landet er fantastisk på alle måtar og eg er takknemleg for moglegheitene eg har fått her. Men eg lengtar ofte heim.

Besteforeldra mine, søskenbarna mine, huset vårt, byen min som blir vakrare i hovudet mitt kvar gong eg tenker på det, og smaken av «cepelinai» som aldri blir gammal.

Eg trur innvandrarar ofte romantiserer verkelegheita i heimlanda sine. Sjølv om eg veit at eg på ein måte blei forrådt av regjeringa vår som ikkje kunne gi meg og foreldra mine god økonomisk støtte, vil eg framleis tilbake. Det er der eg føler meg fri. Der eg føler meg som meg sjølv. Det er der eg føler meg knytt til forfedrane mine.

Vinteren er korleis eg vil kalle situasjonen i heimlandet mitt akkurat no. Kvar dag håper eg at våren vil komme og jage bort den kalde vinteren, at landet skal bli fødd på ny, og at eg kanskje ein dag vil kunne reise heim.


Gerda Norke vann skrivekonkurransen til Framtida.no om Identitet. Ho er akkurat ferdig med siste året på vidaregåande: – Eg får nesten eksistensiell krise av det, for eg veit ikkje kva som skal skje vidare Foto: Privat