«Du overlever ein liten dose Jesus oppi alle julegåvene, marsipangrisane og LED-lysa»

Hedvig Frøystadvåg (16)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta fekk førsteplassen i Framtida, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar.

I år som i fjor skal alle norske heimar bli fylte med klementinar, lys, englar, gløgg og peparkaker.

Julemusikken skal høyrast gjennom husveggane, og om du går ute om kvelden, er det obligatorisk at du tittar inn i vindauga og rangerer kven i nabolaget som har det finaste juletreet. I år som i fjor skal jula kome.

Jula er ikkje lenger berre Jesus i ei krybbe

Jul for meg er at heile familien er samla, risgraut, kveldar der vi fyrer i peisen, Michael Bublé og lukta av grantre.

Vi har alle forskjellige ting som skal vere på plass for at julefreden skal senke seg i hjarta våre. Jula er ikkje lenger berre Jesus i ei krybbe, Betlehem, gull, røykelse og myrra, og det er heilt greitt. Jula er for alle, og ei gyllen moglegheit til å vere inkluderande og rause med kvarandre. Likevel synest eg det er trist å sjå at det eigentlege bodskapet i jula sakte, men sikkert forsvinn i frykt for å tråkke på det store mangfaldet Noreg er så heldige å vere rikt med.

Det er jo inga hemmelegheit. Jula er ei kristen høgtid. Ei feiring for å minnast Jesu fødsel. Det var kristendommen som gjorde høgtida så viktig og stor. Høgtida dei fleste av oss har eit veldig godt forhold til. Sjølvsagt kjem den mørke tida på året også med mykje sorg, sakn og einsemd for nokon, men eg vil tru at fleirtalet er einige om at jula er noko vi tenkjer på med glede og fine stunder.

Samfunnet i dag blir stadig meir sekulært. Kristendommen har ikkje lenger den sterke rolla i samfunnet, og det å vere truande kristen har nærmast blitt uvanleg.

La oss ikkje gløyme at det er kristendommen vi eigentleg har å takke for jula. Eg seier ikkje at den norske befolkninga skal lese juleevangeliet rundt juletreet på julekvelden. Korleis du feirar jul, skal eg ikkje henge meg opp i. Sjølv er eg ikkje truande, og Jesus, Gud og kyrkja speler ikkje noka stor rolle i julefeiringa mi.

Konfliktfylte tradisjonar

Det eg faktisk ser som eit problem, er dei ulike konfliktane som har dukka opp rundt juletider.

På ein ungdomsskule i Telemark blei det fremja eit forslag om at julemat i staden skulle bli kalla tradisjonsmat, for å inkludere muslimar, humanetikarar og Jehovas vitne.

Vi ser eksempel der barn i barnehagar og på barneskular ikkje får lov å delta i kyrkjebesøk, ta med julegåver heim eller ha på nisseluer.

Dette synest eg er frykteleg trist og skapar eit inntrykk av at jula er ekskluderande, noko ho på ingen måte er, berre fordi eit kristent bodskap ligg bak.

Er vi verkeleg så redde for andre livssyn? Det er parodisk kor inkluderande vi trur vi er ved å endre på ord og fjerne tradisjonar som har stått sterkt i Noreg i fleire hundre år.

Jula kan vere ei gyllen moglegheit til å nettopp inkludere, ved å for eksempel gi våre nye medborgarar eit innblikk i vår kristne kulturhistorie. Eg kan ikkje skjønne at vi styrkar integreringa ved å gløyme heile kulturarven vår.

Du overlever ein liten dose Jesus oppi alle julegåvene, marsipangrisane og LED-lysa.

Dei som ikkje føler seg inkludert i jula, føler seg mest sannsynleg ikkje særleg inkludert i det norske samfunnet elles heller. Då trengst det andre tiltak enn å fjerne ordet jul og viske ut den kristne trua frå historia vår.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Hedvig Frøystadvåg (16) vann Framtida.no, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse med ei tekst om konfliktar knytt til juletradisjonar. Foto: Privat