Til tilsette i NAV: «Eg treng ikkje råd og tips. Eg treng eit system som fuckings fungerer»

Frida Andersen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. Teksten stod først publisert på Instagram og er sett om og gjengjeven med løyve frå forfattaren.

«Hei igjen,

Kan du gi beskjed når du er ferdig med å opprette CV med jobbønsker og kompetanser på www.arbeidsplassen.no, slik du ble bedt om?

Vi bruker arbeidsplassen.no som en søkemotor når vi leter etter aktuelle jobbsøkere for ledige stillinger. Med en oppdatert CV, kan jeg også gi deg jobbsøkertips og følge deg opp bedre.

Når du er registrert hos NAV, må du være reell arbeidssøker for å ha rett til dagpenger.

Det vil si å lage CV på arbeidsplassen.no, les mer om dette her: https://www.nav.no/arbeid/no/dagpenger…

Lykke til med jobbsøkingen, og ta kontakt om du trenger råd og tips!
Hilsen *ansatt i NAV*»

NAV sine permisjonsreglar er ikkje laga for eller tilpassa ein pandemi. Alle permitterte må ha ein oppdatert CV, sende inn jobbønske og sende inn meldekort for å ha rett på dagpengar.

Dagpengar er 80 prosent av inntekta vår. Om vi er heldige.

NAV tek utgangspunkt i arbeidskontrakten din. Arbeidskontrakten til ein i serviceindustrien speglar sjeldan realiteten, for realiteten er at utan helgetillegg, nattillegg, kveldstillegg, tips og overtid, så ville det ikkje vore ei leveleg løn.

Men det er visst ikkje så nøye no. Vi skal berre vere fornøgde. For at vi får noko i det heile teke. Oss NAV-arar. Vi som er arbeidsledige.

Det hadde vore fint om NAV si permisjonsordning kunne vorte tilpassa ein pandemi – at vi får tilbake jobben vår, det er jo heile planen, skal ikkje det vere målet?

Eller skal dei 20 000 menneska, berre i Oslo, få seg ein ny jobb i mellomtida?

Ingen av oss har valt å vere arbeidsledige.

Peik meg gjerne i retning av 20 000 ledige jobbar for folk som kanskje ikkje har jobba med noko anna enn kultur heile livet sitt.

Og peik meg gjerne i retning av kven som skal jobbe i kulturlivet når pandemien er over. Sidan alle har fått seg ny jobb.

NAV si permisjonsordning er utdatert, og burde vore tilpassa slik at alle desse menneska som vart tvinga ut av jobb og inn i sofaen, framleis tente det dei plar gjere. For ingen har valt å sitje heime. Ingen av oss har valt å vere arbeidsledige. 

Er det nokon som er glad i å jobbe, så er det dei folka som jobbar ti timars skift for under 190 kroner i timen, midt på natta, med ein overhengande risiko for vald, trakassering og sosial dumping. Det er ikkje folk som føler seg bra av å berre sitje heime.

Men vi sit heime, utan pengar, i kalde Oslo-leilegheiter og les kronikkar om at «[d]et må være noe fundamentalt galt når vi må servere alkohol for å berge arbeidsplasser».

Det har du heilt rett i Kurt Rikardsen. Det vert kalla kapitalisme sett i praksis. Dei med minst, tapar mest.

«Pandemien har avdekket et kollektivt alkoholproblem», skriv du. Kvifor meiner du det? Fordi, i dine ord, «hylekoret» set i gang kvar gong regjeringa stenger kranene?

«Hylekoret» ropar ikkje fordi vi ikkje klarar oss utan pils. Vi ropar fordi vi ikkje klarar oss utan pengar. 

Ingen klarar seg utan pengar. Det er heile samfunnsmodellen. Og det er han det er noko fundamentalt gale med.

«Hylekoret» ropar ikkje fordi vi ikkje klarar oss utan pils. Vi ropar fordi vi ikkje klarar oss utan pengar.

Det må jo openbert vere noko gale med han, når dei som tener minst, tener endå mindre under ein pandemi – medan dei som tener mest, tener meir. Høyrest det rett ut for deg? Eg skjønar godt viss det gjer det. Du er ikkje den einaste som synest det.

Regjeringa kan snakke så mykje dei vil om at dei «forstår» og at «alle må ta i eit tak», men eg kjem ikkje til å kjøpe den omsorga før eg tener det same som eg gjorde før mars 2020.

Eg synest det er flautt, slitsamt og belastande å skulle oppdatere cv-en min inne på NAV. Eg har ikkje lyst på ny jobb. Eg er ikkje arbeidssøkjar. Eg er permittert. Permittert frå noko eg brenn for, frå noko som gjev ein grå januar-by litt meir farge og glede. Og eg skulle ønske NAV kunne tilpasse seg deretter.

Greitt nok, det er jo vår første pandemi, vi må jo gje dei statlege innsatsane litt tid på å henge med i svingane. Vi kan ikkje forvente at ein bedriftsmodell berre kan verte snudd opp ned på den umenneskelege tida som er to år. Vi kan ikkje forvente at systemet vert tilrettelagd realiteten.

Ingen er så gode i krisesituasjonar. Tenk så kjipt for dei som jobbar der. Tenk så kjipt å skulle plutseleg få seg nesten ny jobb, nye arbeidsoppgåver, kanskje til og med lågare lønn, på grunn av ein pandemi.

Eg treng eit system som fuckings fungerer.

Bortsett frå kulturlivet, då. Det må dei jo greie. På tre dagar. 48 timar. 24 timar. 12 timar. Er det ikkje berre å låse opp og skru på gr-systemet igjen då?

Eg har på eit vis godteke, eller innfunne meg med, at eg tener like mykje som eg gjorde då eg var 17 år og jobba for lokalavisa. Men eg nektar å godta at eg mister det vesle eg får som plaster på såret, fordi eg ikkje vil vere ein «aktiv jobbsøker».

Eg føler meg liten frå før av, snart er det ingenting igjen. 

Så nei, *tilsett i NAV*. Du treng ikkje å ønske meg lukke til med jobbsøkinga. Eg treng ikkje råd og tips. Eg treng eit system som fuckings fungerer.


Har du noko på hjartet? Send innlegg eller tips til tips(a)framtida.no! 

Illustrasjonsfoto: Annie Spratt /Unsplash