Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då eg var lita, trudde eg at løysinga på problema mine var å be til Gud, når eg var lei meg eller usikker. Då det ikkje funka, kjende eg meg åleine, fortel Celia Wenk-Wolff (22) frå Oslo.

Ho vaks opp som kristen, med ein svært religiøs far. Men då ho merka at gudstrua hans påverka henne negativt, tok ho avstand frå religionen.

– Det var ikkje vanskeleg å forlate trua. Det var aldri eg som valde den vegen sjølv. Han vart vald for meg, seier Wenk-Wolff.

Ho er ikkje åleine. Færre og færre unge i Noreg trur på Gud. Færre konfirmerer seg i kyrkja, fleire melder seg ut av statskyrkja, og færre tilhøyrer religiøse organisasjonar.

– Berre tradisjon

Wenk-Wolff seier at ho framleis kan gå i kyrkja, men at ho ikkje klarar å relatere seg til dei som trur på kristendommen.

– For meg vert det berre tradisjon. Eg kan vere med for å vere med familien, men det vil ikkje bety det same for meg. Eg har ikkje eit negativt syn, eg er berre likegyldig, seier ho.

Wenk-Wolff meiner at religion bør få ha stor plass i liva til individet, men at den bør halde seg unna politikken.

Celia Wenk-Wolff meiner at religion bør haldast ute av politiske spørsmål. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Eg synest ikkje at religion skal ha så stor påverknad på samfunnet, som at vi har ein kviledag eller ei statskyrkje, seier ho.

– Bibelen vart skriven i ei heilt anna tid. Han kan halde oss tilbake i tankegangen og påverke politikken negativt, til dømes i abortsaka, seier ho.

Fleire unge er skeptiske til religion i samfunnet

Ifølge ei undersøking frå Universitetet i Agder, er det fleire og fleire unge som ønsker eit samfunn utan religion. Såkalla ny-ateistar er inspirerte av akademikarar som mellom anna Richard Dawkins.

Idéen er at religion har ei negativ effekt på samfunnet, og helst ikkje bør komme til synleg uttrykk.

Forskarane har spurt 1.000 18-åringar i den vidaregåande skulen i Oslo-området om religion og menneskerettar. Pål Ketil Botvar, ein av forskarane bak undersøkinga, skriv at overraskande mange var skeptiske til synlege religiøse uttrykk og offentlege religiøse møte.

Mellom anna var 42 prosent av dei spurte var imot at elevar skulle ha høve til å samlast i bøn i friminutt. 27 prosent var for, medan resten var usikre.

Fleire på høgresida

Halvparten av dei spurde står utanfor eit trus- eller livssynssamfunn. Halvparten av desse igjen er å rekne som ny-ateistar. Dei meiner mellom anna at religiøse overtydingar, ritual og symbol ikkje passar inn i den moderne tida. Dei støttar i mykje mindre grad opp om religionsfridom, men er meir opptekne av ytringsfridom, skriv Botvar.

Botvar er overraska over resultatet. Han påpeiker at ungdom i store byar vanlegvis er rekna som meir tolerante enn eldre og folk som bur på små stader.

Medan religionskritikk tradisjonelt sett har høyrt til venstresida i politikken, er ny-ateistane ofte på høgresida. Botvar knyter det til synet på innvandring og mangfald.

– Viss ein er skeptisk til mangfald i samfunnet, vil det lett føre til at ein også blir imot bruk av religiøse symbol i det offentlege rom, skriv han.

– Komfortabelt

Celia Wenk-Wolff har ikkje eit udelt negativt syn på religion og trur at mange er religiøse fordi dei kjenner tilhøyrsle. Ofte er familien rundt dei truande. Religionen kan tilby eit samfunn av likesinna.

– Eg trur det er komfortabelt å vere religiøs. Eg ser veldig godt kvifor folk opplever mykje positivt med religion. Eg trur mykje av det negative har vorte sett på spissen gjennom dårlege syn av dårlege menneske, seier ho.

Wenk-Wolff har sjølv gått på kristen vidaregåande skule, der det var særleg fokus på kristendommen i undervisinga. Ho meiner at andre religionar burde få meir merksemd i skuleverket, og er kritisk til kristendommen sin særposisjon i KRLE-faget.

Ho meiner at kristendommen ikkje burde ha nokon særposisjon i Noreg og at det er bra at andre religionar får større plass i samfunnet.

– Når vi først skal ha religion, bør alle få vere like viktige, seier ho. Vi får nesten ikkje vite noko om andre religionar. Det er dumt, for å lære om dei gjer at vi vert meir opne for andre religionar og kulturar. I staden held vi eit smalt syn på éin religion, seier ho.

– Kunnskap er makt

I synet på religion i skulen er Wenk-Wolff på linje med Human-Etisk Forbund, som er den største ikkje-religiøse livssynsorganisasjonen i Noreg. Dei opplever vekst blant unge.

Leiar i Humanistisk Ungdom, Sina Arnesen Inngjerdingen, fortel at dei viktigaste einskildsakene for organisasjonen er å fjerne særposisjonen til kristendommen i KRLE-faget, og at skulegudstenester må ha aktiv påmelding. Til grunn for politikken ligg menneskerettane og eit ønske om eit likeverdig livssynsfag i skulen.

– Kristendommen er viktig for historia vår. Men for at vi skal kunne forstå verda rundt oss, må vi også lære nok om dei andre religionane. Vi trur det vil fjerne fordommar mot andre religiøse samfunn og opne sinna meir. Kunnskap er makt, og ein blir aldri utlært, seier ho.

Hatar ikkje religion

Inngjerdingen seier at humanetikarane ofte vert oppfatta som at dei er imot all religion, og at dei vil fjerne han, særleg kristendommen, frå Noreg.

– Nokre ser på oss som om vi hatar alt religiøst og helst skulle sett at alle var sekulære. Det er ikkje det vi vil. Vi ønsker berre at alt skal verte likestilt. Eg synest personleg at det er kjempespennande at folk trur på ulike ting.

Inngjerdingen trur den viktigaste årsaka til at ungdommar oppsøker organisasjonen, er tilhøyrsle. Særleg viss ein kjem frå ei lita, veldig religiøs bygd og ikkje sjølv er truande.

– Vi er flokkdyr. Uansett kven du er, ønsker du fellesskap og å ikkje verte utstøytt, seier ho.

– Er de ein motsats til religion?

Sina Inngjerdingen er leiar i Humanistisk Ungdom. Foto: Pressefoto

– Vi er ikkje det stikk motsette, men vi er heller ikkje det same. Vi har eit livssyn som informerer korleis vi vel å sjå på livet vårt og korleis vi trur ting fungerer.

Ho meiner at HEF er i same båt som Den Norske Kyrkja, på det viset at begge er trus- og livssynsorganisasjonar. Ho reknar DNK meir som kollegaer eller vener.

Mindre makt

Inngjerdingen meiner at rolla religion speler i samfunnet, har vorte mindre.

– Kyrkja i Noreg har ikkje lenger så mykje makt som ho ein gong hadde. No er tru meir ei privatsak.

Men ho underkjenner ikkje at religion framleis er viktig for mange.

– For einskildmenneske kan religion vere ein viktig støttespelar og identitetsmarkør. Det er ein tryggleik for mange at dei ikkje er åleine i verda, har eit fellesskap og trur på noko etter døden, seier ho.

– Trur du verda hadde vore ein betre stad utan religion?

– Det hadde nok framleis vore mykje konflikt og urettferd uansett. Noreg er ein ganske god stad å vere, for både truande og ikkje-truande. Men slik er det ikkje alle stader i verda.

Ho viser til ei fersk sak frå Nigeria der ein ateist vart fengsla i 24 år for blasfemi etter at han kom med islamkritiske kommentarar på Facebook.

– Eg trur ikkje verda hadde vore ein betre stad utan, men det er forbetringspotensial i mange land.

– Kan vere til hinder

Konservative religiøse miljø står ofte som ein motpol til nokre liberale politiske saker, som til dømes LHBT-rettar og abort.

– Meiner du at religion er ei hindring for utvikling i samfunnet?

– Nokre religiøse samfunn, dei aller mest konservative, kan vere til hinder. Men det er òg veldig mange religiøse samfunn som endrar seg i takt med samfunnet vi lever i, seier Inngjerdingen.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a) framtida.no!