Er du under 25 år? Skriv ei tekst om berekraftsmålet som er viktigast for deg. Vinnaren får 3000 kroner og teksta si publisert på Framtida.no og Forum for utvikling og miljø (ForUM).
Forum for utvikling og miljø (ForUM)
  • Forum for utvikling og miljø (ForUM) er et nettverk for ca. 60 organisasjonar som arbeider for berekraftig utvikling.
  • ForUM har jobba med FNs berekraftsmål sidan prosessen blei starta i FN.
  • I samband med konkurransen tilbyr ForUM eit inspirasjonsforedrag om FN sine berekraftsmål. Organisasjonen kan kome fysisk til skulen din, eller halde eit digitalt foredrag. For bestilling send e-post til on.ro1664063091fmuro1664063091f@rof1664063091muroF1664063091!
LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida.no, Magasinett og Forum for utvikling og miljø (ForUM) inviterer til skrivekonkurranse for unge om korleis vi kan nå berekraftsmåla.

Innan 2030 skal ekstrem fattigdom skal vere avskaffa, klimaendringane stansa, økosystema i havet og på land skal vere redda. Alle born skal ha gratis utdanning og ingen skal vere svoltne.

Korleis skal vi klare å nå FNs berekraftsmål innan 2030? 

Er du 25 år eller yngre? Svar på ei av dei tre oppgåvene under og send inn ditt bidrag. Vinnarbidraget får 3000 kroner og vert publisert på Framtida.no og på Forum for utvikling og miljø (ForUM) sine nettsider. Bidraga som konkurrerer i toppen vert òg publiserte og får fine bokpremiar i posten.

Innleveringsfrist: 9. oktober 2022
(Sjå fleire retningslinjer for konkurransen nedst i saka)

Oppgåve 1:   

Vel eit av FN sine 17 berekraftsmål som du meiner får for lite merksemd, og skriv ein kronikk om dette målet. Teksta kan handle om å nå målet her i Noreg eller internasjonalt. Det kan vere eit av dei 17 berekraftsmåla, eller du kan velje å fokusere på eit av dei 169 delmåla som desse er delt inn i.

Tips til spørsmål oppgåva kan svare på:

  • Kva mål fortener meir merksemd, og kvifor? 
  • Kva konsekvensar får det om målet ikkje vert nådd?
  • Korleis kan vi løfte akkurat dette målet og sørge for vi når det innan 2030?  

Oppgåve 2:   

Eit av hovudprinsippa i berekraftsmåla er at ingen skal utelatast (Leaving no one behind). Dette betyr at grupper som ofte opplever å bli ekskluderte skal prioriterast i arbeidet med å nå måla. Skal desse gruppene inkluderast og prioriterast må dei ha moglegheit til å ytre seg, bli høyrt og få vere med å bestemme på ein trygg måte.

Under pandemien vart tilgang til, og tryggleik på, internett særleg viktig for å kunne delta i samfunnet. Plattformer på internett er ikkje berre den viktigaste kjelda til informasjon, men også eit svært viktig verktøy for utdanning, arbeid og kommunikasjon. Diverre er ikkje internett ein trygg stad for alle og mange manglar god tilgang.

Ta utgangspunkt i eitt eller fleire av desse spørsmåla, og skriv ein kronikk:

  • Kva hindrar unge i å delta i samfunnsdebatten?
  • Korleis kan vi i Noreg støtte dei som vert forfølgde for meiningane sine og for å kjempe for rettane sine?
  • Kva hinder møter unge som ønsker å engasjere seg i arbeidet med å nå berekraftsmåla? Korleis trur du desse hindringane er for unge i andre land?   
  • Kva kan politikarane og samfunnet gjere for å involvere unge og andre utsette grupper betre i spørsmål knytt til berekraftsmåla?  
  • Korleis kan internett styrke demokratiet og deltaking for unge i Noreg og internasjonalt? 

Oppgåve 3:   

Viss alle hadde hatt det same forbruket som oss her i Noreg, hadde vi trengt 3,2 jordklotar. Berekraftsmål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon er eitt av måla Noreg slit mest med å nå.

Skriv ein kronikk om kvifor vi må redusere forbruket vårt og kva politikarane kan gjere for å få nordmenn til å ha eit berekraftig forbruk.   

Spørsmål du kan ta utgangspunkt i:

  • Kva fotavtrykk har forbruket vårt? Kva krav ønsker du å sette til korleis varene du kjøper vert produsert?   
  • Kva er det enklaste og det vanskelegaste med å redusere forbruket ditt?   
  • Korleis kan vi få nordmenn til å ikkje berre reparere eller resirkulere, men også redusere forbruket? 
  • Kven har ansvaret for at det vi kjøper er produsert på ein berekraftig måte? 

Om konkurransen:

Både vinnarteksta og tekstene som konkurrerer i toppen vil bli publiserte på Framtida.no og Forum for utvikling og miljø sine sider. Vi ser etter tekster som er tankevekkande, originale og kan engasjere. Vi ser òg etter i kva grad du klarer å bruke relevante kjelder til å underbygge argumenta dine. Merk at teksta ikkje kan ha vore publisert andre plassar tidlegare.

Format: Word-fil eller PDF (pass på å leggje fila som eit vedlegg i e-posten, ikkje berre som ei lenkje).

Kontaktinfo: Skriv inn namn, alder, heimkommune og telefonnummer på botnen av bidraget ditt – så får vi kontakt med deg om du vinn eller vi vil publisere innlegget ditt.

Lengd: Maks 1000 ord, men gjerne kortare!

Premie: 3000 kroner i 1.-premie. Det blir òg gjeve bokpremiar og berenett til dei beste bidraga som blir plukka ut.

Aldersgrense: Under 25 år

Innleveringsfrist: 9. oktober 2022

Målform: Nynorsk

Send inn som eit Word-dokument-vedlegg eller PDF-vedlegg til e-postadressa: skrivekonkurranse (a) framtida.no

OBS: Hugs å merke teksta med <NAMN>, <ALDER>, <HEIMKOMMUNE> og <TELEFONNUMMER>.

Juryen består av Andrea Rygg Nøttveit, redaktør i Framtida.no, Kathrine Sund-Henriksen, dagleg leiar i ForUM og Isaac Elstad Røssnes, leiar i Press – Redd Barna Ungdom.

Oppdatert: onsdag 14. september 2022 13.00

LES OGSÅ

ANNONSE