Dagny Backer Johnsen
Publisert
Oppdatert 23.06.2022 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved sida av hovudkvarteret til Hells Angels på Alnabru ligg gurdvaraen, det heilage tempelet til sikhane i Oslo.

Her går Kashish Kaur Sekhon (19) og Gurveer Singh (17) fleire gonger i veka. I alle fall på søndagar.

– Eg har fått jackpot

– Sidan sikhismen er ein ganske ny religion, går han godt saman med eit moderne liv. Han er meint for å kunne balanserast. Eg er også personleg veldig opptatt av likestilling. Når eg klarar å finne det i min eigen religion, føler eg at eg har fått jackpot, seier Kashish.

Gurveer er einig.

– Alle symbol, ritual og reglar er både for mann og kvinne. Det er pålagt for menn å bruke turban, men kvinner vert ògså oppfordra til å bruke det, seier Gurveer

Til vanleg studerer Kashish utviklingsstudium på Universitetet i Oslo. Gurveer går på Ski vidaregåande skule. Begge er medlem i Unge Sikher, ein organisasjon som har som mål å byggje bru mellom sikhar og det norske samfunnet. Unge Sikher står mellom anna bak Turbandagen, der nordmenn kan få sin eigen turban og bli kjende med historia til turbanen, og ikkje minst med sikhane. Dei tar også imot skulebesøk i tempelet.

Kashish Kaur Sekhon og Gurveer Singh er medlem i Unge Sikher, organisasjonen for sikhar i Noreg. Den frivillige organisasjonen har dei 10 siste åra jobba med å bygge bru mellom sikhar og det norske samfunnet. Foto: Dagny Backer Johnsen

 

Turbandagen

Generelt veit folk veldig lite om sikhismen, og burde vite litt meir, seier Kashish.

Ho fortel om skulesituasjonar der ikkje eingong RLE-læraren hadde basiskunnskap om sikhismen, og der ho sjølv måtte lære klassekameratane om religionen sin. Også på universitetet har ho opplevd at folk veit lite.

– Det irriterer meg litt at dei som burde vite kva sikhisme er, ikkje veit.

Unge Sikher sette i gong turbandagen for første gong for tretten år sidan, var målet å ufarleggjere turbanen. Dei ville opplyse om kva turbanen representer og gjere det greiare å vere annleis.

– Eg føler at turbandagen har ført til at det er lettare å vere sikh i Noreg. Det har eg merka etter at eg starta på vidaregåande. Mange kjenner til sikhismen gjennom turbandagen, og veit litt kva det går i gjennom den. Eg trur det har ført til mindre fordommar mot sikhar, seier Gurveer.

Kashish jobbar også på barneskule. Då ho spurde barna om dei visste kva sikhisme var, visste dei det ikkje, men dei visste veldig godt kva turbandagen var. Slik fekk dei ein knagg til å lære meir om sikhismen, og barna kunne fortelje om folk dei kjende som går med turban.

Turbandagen blei starta opp 2010 av unge sikher, og blir gjennomført med hjelp frå rundt 300 frivillige. Foto: Unge Sikher

– Eg har aldri vore flau eller prøvd å skjule trua mi. Å bere ei krone kvar dag er veldig fint, seier Gurveer, med glimt i auget.

LES OGSÅ: Kva er kosher, sabbat og Davidstjerna?

– Eg har aldri følt meg utanfor

Sikhar har fleire kjenneteikn dei skal bere. Mellom anna at dei sparar på hår.

– På same måte som armar og bein veks, skal håret også vekse til ei naturleg lengde. Det er også eit kjenneteikn for at folk skal kjenne oss igjen. Om nokon treng hjelp, for eksempel, kan du kjenne igjen ein sikh og få hjelp. Det er på ein måte ein menneskeleg uniform, seier Kashish.

Religionen har også nokre tabu, altså ting ein ikkje skal gjere. Ein av desse er at ein ikkje skal røre rus og tobakk. Likevel har Kashish vore russ, og vore med på mange festar i ungdomstida.

– Religionen min har aldri kome i vegen for å ha det kjekt eller å ha ei kjempekul ungdomstid. Sjølvsagt kan eg sjå føre meg at det finst faktorar som kan gjere det vanskeleg å finne balansen: For eksempel miljøet du veks opp i, kultur heime, press og sånne ting.

Kashish kjenner seg heldig fordi ho aldri har kjent på presset. Verken heimanfrå eller frå russegruppe og venner:

– Eg har vore med på alt som er gøy og samtidig klart å ha to tankar i hovudet. Eg har aldri følt meg utanfor av den grunn. Sikhismen er ein religion ein skal kunne leve etter i den moderne verda. Mitt syn på «å ha det gøy» inneber ikkje rusmiddel og tobakk.

Vanleg dag i tempelet

Når dei kjem inn i tempelet, tar dei av seg skoa og dekker til hovudet. Så går dei inn i hovudrommet, der dei kneler for den heilage boka.

– Grunnen til at vi bukkar er at vi kneler for kunnskapen som står i boka. Vi takkar for det vi har, og ønsker oss meir kunnskap, seier Kashish.

På golvet er det teppe, fordi alle skal sitte på same nivå.

– Det er ei påminning om at alle er like, seier Gurveer.

Det er vanleg å ete i fellesskap, for å så gå til hovudrommet der det er hymner, song og meditasjon. På sundagar er det vanleg å ha ei fellesbøn når programmet er ferdig, før dei avsluttar med eit nytt måltid i fellesskap. Ordet sikh tyder elev, og guru tyder lærar.

– Vi meiner at vi sikhar er evige elevar og skal lære av guruane og dei heilage skriftene. Vi er på ein evig veg til å bli betre menneske. Ein god muslim, hindu eller kristen kan også vere ein god sikh. For det er på ein måte eit livssyn framfor ein religion. Det er ein måte å leve på. Vi trur at gud er eitt. Det speler inga rolle kva gud du trur på. Du kan også vere ein god sikh utan å vite det sjølv. Dette er fordi alle religionane har dei same grunnprinsippa: Ein skal vere eit godt menneske, seier Kashish.

Trua gir meg styrke

Kashish fortel at det beste med trua hennar er historia og fellesskapet.

– Det er så mange historier om mot, likestilling og solidaritet. Det er verdiar som folk har kjempa for, og som gjer det meir verdifullt. Gjennom historiene om undertrykking og kamp for fridom, trur eg at trua mi har gjort meg modigare.

Gurveer er einig.

– Forfedrane våre har kjempa for å kunne bere turbanen. Eg er så heldig at eg får bere han utan å måtte kjempe.

Frå feiring av Bandi chhor divas i Oslo sentrum. Foto: Unge Sikher.


LES OGSÅ: Færre unge trur på Gud og fleire er skeptisk til religion: – Ikkje vanskeleg å forlate trua

Celia Wenk-Wolff vaks opp som kristen, men trur ikkje lenger på Gud. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Fakta om sikhismen

Sikhismen er eit religionssamfunn som blei stifta i Punjab i Nord-India på 1500-talet. Religionen blei grunnlagt av Guru Nanak og vidareutvikla av dei ni etterfølgarane hans.

Ordet «sikh» betyr elev, og «guru» betyr lærar.

Sikhane utgjer fleirtalet av befolkninga i Punjab, og rundt 2 prosent av befolkninga i India. Det bur også eit stort talet på sikhar i andre deler av verda, mellom anna i Storbritannia og Canada. I Noreg bur det rundt 5.000 sikhar.

Mannlege sikhar skal ha etternamnet Singh, som betyr løve, og kvinner skal ha etternamnet Kaur, som betyr prinsesse. Historisk sett var dette for å gjere opprør mot kastesystemet i India der sosiale klassar blei delte etter etternamn.

Sikhar har fem kjenneteikn dei skal bere:

  1. Kes (hår): Uklippa hår og skjegg, beskytta av ein turban.
  2. Kangha (kam): For å halde håret reint og velgreidd som ein del av sjølvdisiplin og hygiene.
  3. Kara (stålarmbånd): Representerer evig kjærleik til gud og dessutan ein påminning om at ein skal gjere gode handlingar med henda.
  4. Kirpan (dolk): symboliserer plikta til å behalde rettferd og beskytte dei svake.
  5. Kacchera (vid underbukse): symboliserer sjølvkontroll og ei er påminning om å ikkje vere utru ikkje vere utru.

Sikhar sparar på hår fordi dei meiner at mennesket skal vere naturleg, og fordi dei meiner at gud har skapt oss sånn av ein grunn.

Fire tabuar i sikhismen:

  1. Klippe håret
  2. Ete kjøt som er rituelt slakta
  3. Vere utru
  4. Bruke rusmiddel og tobakk.

Ein vert døypt i vaksen alder. Dette er fordi ein sjølv skal vere medviten om kva val ein tar.

Sikhane har to store høgtider som dei feirar:

Vaisakhi er ei høgtid i april der dei feirar historia om dåpen av dei første sikhane, og den dagen sikhane fekk uniforma sin.
Bandi Chhor Divas er ei høgtid som feirast i oktober eller november. Då feirar dei historia om den sjette guruen, Guru Hagobind som frigjorde 52 fangar frå fengsel.