Dei mest lesne Framtida-sakene frå 2022

Hudsjukdom, kongeleg gjesteliste, «Då eg var 20» og Framtida sin TikTok-debut. Her er dei mest populære sakene frå året som gjekk!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2022 er ved vegs ende og koronapandemien er erstatta med dyrtid, med auka renter, matutgifter og straumkrise.

På Framtida.no var det (nesten) heilt andre saker som vart mest lese.

Kos deg med dei ti best lesne sakene frå 2022 – frå intimitetskoordinator på filmsett til tre profilerte 20-åringar.

Deler om livet med sjeldan hudtilstand: – Eg har alltid halde det skjult

Martine Sværen (16) deler om kvardagen med EB simplex. Foto: Privat

Framtida.no har fleire dyktige skribentar og sommarvikarar. Emilie Hansen skreiv saka om Martine Sværen (16) som brukar sosiale medium for å spreie kunnskap om epidermolysis bullosa simplex (EB simplex).

– På sosiale medium ser ein som regel perfekte menneske med perfekte liv, det er lite av influensarar som deler når dei er nedfor. Men fordi folk deler om ulike psykiske og fysiske utfordringar så er det mindre tabu å ha det.

16-åringen er ein av 500 000 i verda med den sjeldne hudtilstanden. EB simplex er ein hud- og slimhinnetilstand der overhuda lett kan lausne, og det blir danna blemmer og sår.


Girl in Red, Birk Ruud og Myra – her er gjestelista til Ingrid Alexandra sin bursdag

Frå venstre: Artisten Girl in red, frikøyrar Birk Ruud, Ella Marie Hætta Isaksen og Myra, er blant gjestene i regjeringa sin festmiddag for Ingrid Alexandra. Foto: Pressefoto, Wordup projects, Sara Angelica Spilling og TV 2

Det var mykje merksemd rundt prinsesse Ingrid Alexandra som fylte 18 år 21. januar 2022. På grunn av koronapandemien vart den storslegne feiringa utsett til sommaren.

Framtida.no var først ute med gjestelista, som inneheldt alle ungdomspartileiarane, representantar for viktige ungdomsorganisasjonar og andre som har utmerkt seg i norsk kultur, idrett og samfunnsliv.

Sjå lista her!


Ebba (16) og Hauk (15) fekk profesjonell hjelp til sexscene

Skodespelar Ebba Lindgren (16) og Hauk Hellestveit Hannemann i NRK-serien «Lik meg». Foto: NRK

Framtida.no tek imot praktikantar frå Nynorsk Avissenter, som lærer opp lovande nynorskbrukarar i journalistikk.

Praktikant Dagny Backer-Johnsen enda opp med å skrive ei av dei best lesne sakene på Framtida.no i 2022.

NRK-serien Lik meg er blant dei første i Noreg til å bruke ein intimitetskoordinator.

– Det er framleis ein veldig vanskeleg jobb å utføre slike scener. Ein koordinator kan vere nødvendig for dei fleste, spesielt når ein er ung, sa skodespelar Hauk Hellestveit Hannemann til NRK.


Tori (26) betalar 3000 kroner i månaden i husleige

Tori Jørgensen flytta heimanfrå som 19-åring, då for å gå på folkehøgskule. Foto: Privat

Saka om norske Tori Jørgensen (26) som berre betalte 3000 kroner i månaden i husleige som student i svenske Lund var ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung på bustadmarknaden».

Prosjektet vart gjennomført sommaren 2022 og tok føre seg løysingar og utfordringar som møter unge på bustadmarknaden som leigetakarar eller bustadkjøparar.

– Ein kjenner seg plutseleg privilegert når ein sit med rom til 3000 kroner, og folk leiter etter rom av same storleik i endå større kollektiv, og må betale minst dobbelt så mykje, i alle fall i Oslo, seier Tori Heitmann Jørgensen.

Les fleire av sakene frå bustadmarknaden i norske byar og bygder her!


«Det beste staten kan gjere for å hindre vald i klimaet sitt namn er å lytte til den ikkje-valdelege klimarørsla»

Cornelia Reichmann (23) fotografert under ein aksjon mot statoil sitt forskingssenter på Rotvoll i Trondheim. Foto: stoppoljeletinga.no

Nyhende- og debattavisa Framtida.no løftar meiningsinnlegg frå engasjerte unge over heile landet. Cornelia Reichmann (23) er blant aktivistane som har skapt overskrifter i kampen for klima.

«Eg har avbrote spørjetimen på Stortinget, okkupert Olje- og energidepartementet og lenka meg til bensintog. Det har kosta mykje. Eg har sete på glattcelle 11 gonger og fått bøter eg ikkje har råd til å betale.»

Les innlegget frå Cornelia Reichmann, som vart skrive som eit svar på Joachim Skahjem sine utsegner om vald i klimakampen på Debatten.


Til tilsette i NAV: «Eg treng ikkje råd og tips. Eg treng eit system som fuckings fungerer»

Frida Andersen. Illustrasjonsfoto: Louis Hansel/Unsplash

Pandemien har råka fleire arbeidsgrupper hardt. I januar 2022 tok bartender Frida Andersen til Instagram for å dele. Teksta vart omsett og republisert på Framtida.no.

«Eg synest det er flautt, slitsamt og belastande å skulle oppdatere cv-en min inne på NAV. Eg har ikkje lyst på ny jobb. Eg er ikkje arbeidssøkjar. Eg er permittert, skreiv Frida Andersen.

Les heile NAV-sukket her!


Polarulven Maya er den første av sitt slag – ho er klona

Foto: Sinogene Biotechnology Co.

2022 var året då kinesiske forskarar klona ein vill polarulv. Dei håpar genteknologien kan verte nytta for å redda truga artar.

Den drygt 120 dagar gamle polarulvkvalpen Maya skapte overskrifter og håp over heile verda – også i Framtida.no.

Les heile saka her!


Då eg var 20: Halvor Bakke våga ikkje vere open om kven han var

På bilete til venstre er Halvor Bakke 34 år gammal. Til høgre er interiøreksperten i dag, 52 år gmmal. Foto: Morten Holm / NTB, Mona Nordøy/Cappelen Damm

– Eg var veldig oppteken av korleis eg skulle klare å få fortalt kven eg var. Eg brukte ekstremt mykje energi og krefter på å finne ut korleis dette skulle bli.

Interiørekspert Halvor Bakke (52) er ein av dei best lesne profilane i Framtida.no si populære spalte «Då eg var 20».

I 1990 hadde han enno ikkje fortalt nokon at han var homofil, og kvar dag spelte han ei rolle. Les det sterke intervjuet her!


Då eg var 20: Sanna Sarromaa slutta på p-piller fordi ho ville ha barn

Sanna Sarromaa fotografert som 19-åring (t.v.) og eit ferskt bilete frå stamkafeen der ho arbeider med si siste bok. Foto: Privat

– Eg hadde nettopp, berre eitt år tidlegare, mista mine foreldre, så eg hugsar at eg støtta meg veldig til kjærasten min. Eg trur han var den viktigaste personen i livet mitt akkurat då.

Finske Sanna Sarromaa er etablert i Lillehammer, men som 20-åring budde Sarromaa i si eiga vesle leilegheit i den finske hovudstaden, der ho studerte ved Statsvitskapeleg fakultet på Universitetet i Helsinki og jobba i Outokumpu Corporate Communications.

Les den spanande «Då eg var 20»-spalta med Sanna Sarromaa her!


Då eg var 20: Ingeborg Senneset hadde tre jobbar og skjulte kor sjuk ho var

Ingeborg Senneset som 20-åring og i dag. Foto: Privat, Michael Schult Ulriksen/Egmont People

– Eg fortalde ei venninne at eg var sjuk, eit ekstremt stort og skummelt steg for meg, og opplevde at ho forvalta løyndomen min som sladder på byen.

Ingeborg Senneset (37) sitt sterkaste minne frå då ho var 20 år gammal, er ikkje eit ho kan sjå tilbake på med glede.

Les den sterke «Då eg var 20»-spalta med journalisten og samfunnsdebattanten her!


2022 var også året då Framtida.no debuterte på TikTok.

«Kort forklart»-journalist Åshild Slåen summerer opp vekas nyheiter og forklarar det enkelt både på Framtida.no og i sosiale medium.

Då regjeringa var einig med samarbeidspartnar SV om å kutte i skattefordelar for BSU (bustadsparing for unge) gjekk det ikkje forbi i det stille. TikTok-videoen frå Framtida.no har per i dag 79.300 visningar:

@framtida.no Staten sparar 600 millionar kroner på nye BSU-kutt #framtida #framtidano #nyheiter #nyhende #nyheter #økonomi #sparing ♬ original sound – framtida.no