«Ikkje gløym klimakrisa! – Det er ikkje for seint å snu»

Marius Moldsvor (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksta fekk 1.-plass i ForUM for utvikling og miljø, Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse «Korleis kan vi nå berekraftsmåla innan 2030?»

Krig, energikrise og skyhøg inflasjon pregar overskriftene no om dagen. Det er forståeleg, men vi må ikkje gløyme den største krisa av dei alle, nemleg klimakrisa.

Akkurat no står klimakampen her heime i Arktis mot Wisting-feltet som vil verte det nordlegaste oljefeltet i verda! Feltet vil gå imot båe 1,5-gradersmålet og Noregs klimaforpliktingar.

Som nordlending merkar eg sjølv korleis klimaet endrar seg kjappare her heime. Vintrane vert kortare og været meir ustabilt. Situasjonen er alvorleg.

Som nordlending merkar eg sjølv korleis klimaet endrar seg kjappare her heime.

Det siste vi treng i det ekstra sårbare Arktis er enda eit oljefelt som skal pumpe ut fossile brennstoff heilt til 2058, åtte år etter at verda eigentleg skal vere klimanøytral. Feltet skal ligge tett oppi iskantsonen, der eventuelle oljesøl ville få fatale konsekvensar og ville vore vanskeleg å rydde opp i. Feltet skal også elektrifiserast, som dermed vil stele ca. 3 TWh straum som mykje heller kunne vore investert i ny grøn energi.

Dette er heilt feil bruk av energi, og båe miljøvernorganisasjonar og samiske organisasjonar går i mot dette feltet.

Det at våre politikarar går med opne auge inn i ei fossil framtid syner at dei ikkje har forstått alvoret i den globale og verdsomfattande klimakrisa. Wisting-feltet vil sleppe ut 200 millionar tonn CO₂ over si levetid, noko som svarar til alle norske utslepp i fire år.

Det siste vi treng i det ekstra sårbare Arktis er enda eit oljefelt

Kjære Jonas Gahr Støre, kan du ikkje høyre på ditt eige ungdomsparti AUF, som er i mot denne utbygginga og vil fase ut utvinning av olje innan 2035? Dersom vi som klimafyrtårn skal ha eit fnugg av integritet i resten av verda så må vi også kutte her heime og ta vår del av ansvaret. Vi lever i ein nasjon som har eit massivt overforbruk, så det er berre på sin plass at vi no tar meir ansvar internasjonalt. For dersom vi ikkje klarer å løyse denne krisa vil konsekvensane vere fatale og verdsvide.

Klimakrisa er den største krisa verda møter i eit lengre perspektiv. Vi ser allereie no at krig, konflikt, energikrise, matkrise og råvaremangel er ord som pregar nyheitsbiletet no, og dette kjem ikkje til å verte betre dersom vi også unngår klimaløysingar, klimasolidaritet og internasjonalt samarbeid. Min generasjon og dei som kjem etter oss er dei som vil merke dette mest på kroppen. Det at norske politikarar no nedprioriterer klimaet båe nasjonalt og internasjonalt er eit enormt svik mot dagens unge.

Dokker burde hugse Greta Thunberg sine ord: «Dokker seier dokker elskar borna dokkar over alt anna og likevel stel dokker deira framtid rett framfor auga deira.» Til alle andre unge menneske der ute, ikkje gje opp! Ta din rettmessige plass og kjemp for godheit, solidaritet og ein leveleg planet for oss som er framtida.

Gje oss unge håp sånn at vi kan stoppe klimaendringane og løyse berekraftsmål 13. Det er ikkje for seint å snu.


Isa og Viljar viser fram rapporten

Isa Viktoria Mellblom Theissen (14) frå Oslo og Viljar Kristoffer Olaussen (12) frå Posgrunn er begge glade for den nye rapporten dei har vore med å skrive for Barnas klimapanel. Foto: Åshild Slåen