Vêr-Kristina og Dangfart Tønnessen snakkar ut om kjærleiken

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil du ha sanninga eller liksom-sanninga? spør Kristina Kvistad Hustad (30) når Framtida.no ringer. Gjerne begge deler, svarar me.

Heile historia er viktig.

– Det starta med ein kommentar på Facebook-sidene til TV 2 Nyhetene om frukostblanding, der han spurte om ho vêrdama var singel. Ein dag ringde TV 2 Nyhetene meg. Eg visste nesten ikkje noko om Dangfart Tønnessen, men eg tok ein snap og sende til ho som ringde meg.

Dangfart Tønnessen er blant Noregs mest populære karakterar på Facebook med over 200.000 følgjarar.

Kristina Kvistad Hustad tenkte ikkje så mykje på det før ho fekk over fire hundre nye følgjarar på Instagram og 4-5000 likes. Mellom dei nye følgjarane var Dangfart Tønnessen sjølv.

No er ho på den eksklusive lista over sju Instagram-kontoar som Dangfart følgjer, ved sida av blant anna Kongehuset og Hjemmet.

Og i dag tidleg, på sjølvaste Valentinsdagen la Dangfart Tønnessen ut denne meldinga:

Møttest ikkje på Fløyen

Stemnemøtet deira starta med ei melding frå Dangfart Tønnessen. Dei avtalte å møtast i lokala til TV 2, sjølv om Dangfart var skeptisk til å bli avslørt av journalistar i Media City Bergen.

– Bildet av oss er redigert slik at det ser ut som om me er på Fløyen, avslører Kristina Kvistad Hustad. Ho seier det var eit hyggeleg møte.

– Så blei det mykje større enn eg hadde tenkt. TV 2 Nyhetene laga ei sak om det på Facebook.

Reaksjonane etter har hagla inn:

Roleg Valentinsdag

Vêrmeldar Kristina Kvistad Hustad (30) lever singellivet, og har ein roleg Valentinsdag med pizzalaging. Foto: Instagram etter avtale

Og her kjem sanninga: Kristina Kvistad Hustad er framleis singel, og planlegg ei roleg valentinsfeiring.

– Eg skal møta ei venninne og laga pizza. Ho er òg singel, og ein av dei få single vennane mine.

– Kva er det mest romantiske vêret?

– Hmm. Eg veit ikkje heilt. Kanskje det er storm og regn slik at me kan vera inne?

– Høgtrykk eller lågtrykk?

– Det må vera høgtrykk. Eg er no gladast i finvêr.

Dangfart: – Heilt sjukt flott

Bak Facebook-fenomenet Dangfart Tønnessen står det ein mann i tjueåra frå Bergen.

– Det var eit heilt sjukt flott møte. Ein vakker augneblink, seier han på telefon med hemmeleg nummer til Framtida.no.

– No får me ta ein dag av gongen, seier han. Men er klar på éin ting: sjølv om Kristina Kvistad Hustad bur i Oslo, så vil Dangfart Tønnessen aldri flytta.

– Han bur på Mannsverk for evig og alltid.

– Korleis vil du markera valentinsdagen?

– Det blir no ganske stusseleg, viss ikkje Kristina tar kontakt igjen…

– Ho seier ho vil laga pizza saman med ei anna singel venninne…

– Det blir ikkje betre enn det. Men Dangfart blir nok heime og feirar åleine på Mannsverk.

Dangfart Tønnessen (88) traskar gjerne rundt på kjøpesenteret, der Framtida.no møtte han i 2016. – Eg skal kikke på damene. Dei er så yre på denne tida av året, sa han då.