«Eit lite hjartesukk og ei bøn frå ein sjukepleiar»

Karoline Marie Solheim-Aune
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eit lite hjartesukk og ei bøn frå ein sjukepleiar som jobbar i Noregs største akuttmottak og førstelinja:

Først og fremst, takk for applausen frå så mange verandaar rundt om i landet. Alle som jobbar i helsevesenet fortener kvart einaste klapp. For nokre superheltar! Eg er ekstra stolt over å vere sjukepleiar i desse dagar.

Men når alt kjem til alt, er det ikkje applaus vi verkeleg treng. Sjølv om vi sjølvsagt set stor pris på det, og tek applausen audmjukt i mot.

Det vi treng er respekt for jobben vi gjer, og vi treng at de ved å nettopp ha respekt, gjer det de kan for å hindra ytterlegare spreiing.

Vi ofrar enormt mykje for å redde liva til dei som blir alvorleg sjuke. Til dine kjære, til nokon si mor, nokon sin far, nokon si dotter eller son, din ektefelle, eller Gud forby, barnet ditt.

Vi ofrar tid med familien vår og barna våre ved å jobbe overtid, doble skift, ekstra helger.

Vi ofrar vår eiga helse ved å stå i smitten kvar einaste dag. Og om det ikkje er nok å måtte stå i smitten kvar einaste dag, så står vi der med svært avgrensa midlar og må gå på sparebluss når det gjeld smittevernsutstyr.

Utstyret må rasjonerast! Dette gjeld sjukehusa jamt over, og årsaka er at det er tomt – fordi mannen i gata har hamstra munnbind til eige bruk. No ser vi resultatet: både hamstring av munnbind og antibac fører til mangel for oss i førstelinja, og det er vi som VERKELEG treng det.

Vi treng utstyret for at vi skal kunne beskytte oss sjølve og halde oss friske, slik at vi skal kunne hjelpe, behandle og redde liva til alle av dykk som hamnar på sjukehuset.

Eit sjukehus utan smittevernsutstyr, vel… Eg treng vel ikkje forklare kva det betyr?

Sit du heime med ei eske munnbind oppmodar eg på det sterkaste at du leverer dei til næraste sjukehus eller legevakt.

Vi treng ikkje applaus like mykje som vi treng hjelp av dykk. Hjelp i form av at de overheld reglane for karantene. At de les dykk opp på FHI sine sider, og følgjer instruksane som blir gitt.

Eg ynskjer ikkje å utsette min tre år gamle gut for smitte. Eg ynskjer ikkje å utsette mannen min for smitte når eg kjem heim frå jobb. Eg håpar også at mine foreldre, der far min er i risikosona, kan sleppe å bli utsett for smitte fordi nokon ikkje overheld karantenen sin – fordi du «berre» måtte ein tur i butikken sjølv om du kjente på symptom. Be om hjelp frå dei rundt deg om du overhovudet kjenner eit snev av symptom! Få ein nabo til handle for deg.

Ikkje minst: dra heim frå hytta! Karantenen er IKKJE ein ferie! Tenk på dei de applauderer. Tenk på dei som må jobbe SÅ MYKJE ekstra, fordi de insisterte på å dra på hytta. Fordi de dreg smitte med dykk på hytta på fjellet, ved sjøen, i Hafjell, på Hvaler.

Hamstring, brot på karantene, spreiing av eit virus som viser seg å ta enormt mange liv. Endå har det ikkje døydd mange i Noreg, men det vil bli fleire. Kanskje nokon du kjenner godt – kanskje du sjølv.

Lat oss stansa det no. Før det går så langt som i Italia, som vert skildra som ei krigssone. Lat oss få barna tilbake i barnehage og ut av isolasjon. Lat oss få dei sjølvstendig næringsdrivande tilbake i jobb, for å ikkje mista bedrifta si.

Lat oss kome tilbake til normalen så fort som mogleg.

Så eg ber deg instendig, i staden for å gi helsevesenet applaus no, gi oss heller det beste de kan gjere: Lytt til FHI og pålegga om å halda avstand.

Så kan vi heller få ein rungande og kollektiv applaus når dette er over, og vi forhåpentlegvis har kome oss gjennom dette med helsa i behald. Utan å vere heilt utkøyrde fordi folk ikkje overheld karantenen sin, held fram med å hamstre, kjøpe opp alt av munnbind og antibac, stjele dyrebart utstyr frå sjukehusa, fordi folk ikkje forstår alvoret i det som no skjer i Noreg.

Dette er ikkje ein bagatell, dette er ikkje ein leik. Vi treng dykk! Men per i dag treng vi ikkje applaus, vi treng hjelp.

Og ein ekstra takk til alle mine kollegaar i akuttmottaket, til alle mine kollegaar rundt om i landet – de er nokon ekte superheltar! Eg er stolt av å vere sjukepleiar!


Har du noko på hjarta? Send oss ditt innlegg til tips(a)framtida.no.