Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.09.2020 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi gler oss alle over at dei minste får kome tilbake på skulen.

Men eg vil gjerne snakke litt om dei største.

Dei som framleis må vente og lengte.

Eg vil gjerne seie til ungdomane våre at vi ikkje har gløymt dei!

Målet vårt er at dei skal kome tilbake til skulen før sommaren.

Det er mange som har blitt takka for innsatsen denne tida.

No er det på høg tid at vi takkar ungdomane våre.

Dei har ofra mykje.

Den siste tida har mange vaksne vore fortvila over hytteforbodet og frustrerte over heimekontoret. Det forstår eg godt!

Men hytta ligg jo heilt i ro og ventar på deg.

Jobben er omlag som før når du vender tilbake.

Slik er det ikkje når du er ung.

Våren du fyller 14 ligg ikkje i ro og ventar på at du skal kome.

Det er ikke mogleg å vende tilbake til sommaren då du var 17.

Russetida kan ikkje spelast på repeat.

Vi som er vaksne snakkar om neste sommar.

Men neste sommar er for middelaldrande menn som kjøper karbonadedeig og dopapir på tilbod.

Neste sommar finst ikkje når du er ung.

Når du er ung bryr du deg berre om det som skal skje i dag og i morgon.

Du drøymer om det som skal skje denne sommaren og denne våren.

Du drøymer om fotballcupen der du skal score mål som ingen har sett maken til.

Du drøymer om klasseturen der du skal ta mot til deg og flørte med klassens søtaste gut.

Du drøymer om skuleballet der du skal danse til langt på natt i den dyre kjolen du måtte mase eit år for å få.

Du drøymer om russetida der du skal feire og feste i den aller feitaste russebussen og den aller finaste russedressen.

Men så kom viruset som knuste alle draumane.

Det blir ingen fotballcup og ingen klassetur.

Det blir ikkje noko skuleball og russen har knapt rulla ein meter.

I tillegg er det er umogleg å konsentrere seg om heimeundervisinga, fordi foreldra dine snakkar så høgt når dei har Skype-møter med jobben.

Eg skulle gjerne sagt til de som er unge at alt snart blir som før.

Men det kan eg ikkje.

Denne våren blir annleis.

Denne sommaren blir annleis.

Dette året blir annleis.

De er ungdomane som må gjere ting annleis.

De har sett livet på vent – for at andre skal berge livet.

Eg håpar de kjem til å danse – sjølv om det ikkje blir noko skuleball.

Eg håpar de kjem til å score fantastiske mål – sjølv om det ikkje blir nokon fotballcup.

Eg håpar de kjem til å flørte med søte gutar og søte jenter – sjølv om det ikkje blir nokon klassetur.

Eg håper de får ei feit og fin russefeiring – sjølv om den blir annleis.

Denne tida er spesiell.

Eg håpar den kan bli fin likevel.

Tusen takk til alle norske ungdommar.

Spesielt takk til russen 2020, de kjem til å bli hugsa.

Vi er stolte av dykk!


Her kan du sjå heile pressekonferansen.

Kulturminister Abid Raja (V) og helseminister Bent Høie (H) vart begge kvitt koronasveisen måndag morgon. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix