Heile verda står no saman for å møte koronakrisa. Også verdas største pornoside ynskjer å hjelpe til.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Pornhub er verdas største gratis-pornoside, med pornovideoar og anna. No ynskjer dei å bidra til å flata ut kurva med koronasmitte, og oppmodar folk til å bli heime.
– Bli heime!
Dei lokkar med gratis premium-abonnement til dei som hakar av at dei skal halda seg heime og oppretthalda sosial distansering, for å unngå smittespreiing.
Dimed får alle som vil, over heile verda, gratis premium-abonnement hos den populære pornosida.
Stay home and help flatten the curve! Since COVID-19 continues to impact us all, Pornhub has decided to extend Free Pornhub Premium worldwide until April 23rd. So enjoy, stay home, and stay safe ? https://t.co/ZponKGKSJn #StayHomehub pic.twitter.com/DxWJGBnNkC
— Pornhub ARIA (@Pornhub) March 24, 2020
Obs: Hugs å vaska hendene!
- Les også: Dette gjev deg lyst til å vaske hendene
120 millionar brukarar dagleg
– Med nesten ein milliard menneske i lockdown over heile verda på grunn av koronaviruset, er det viktig å strekke ut ei hand og tilby dei hyggelege måtar å få tida til å gå på. Me håpar at tilbodet om gratis Pornhub Premium til heile verda, gjer at folk får eit ekstra insentiv til å bli heime og vere med på å flate ut kurva, seier Cory Prise, visepresident i Pornhub i pressemeldinga.
Tilbodet starta 24. mars og skal foreløpig vara i 30 dagar, fram til 23. april.
I ei pressemelding skriv dei også at dei har donert smittevernsutstyr, pengar til smittevernsutstyr på ulike sjukehus og pengar til støtte for sexarbeidarar i USA.
Ifølgje Pornhub er det omlag 120 millionar som besøker sidene deira kvar dag, men at talet har stige endå meir dei siste vekene, i takt med at folk er blitt bedne om å halda seg heime.