Kreative løysingar etter plastpose-forbod i Thailand

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. januar vart det ulovleg med eingongs-plastposar i dei større butikkane i Thailand. Innan 2021 vil plastposeforbodet gjelde alle butikkar.

Det har ført til ein fest av kreative løysingar. Fleire brukar det dei har i heimen for å få med seg varene heim:

Foto: 1: Nueng Pongsiri 2: พ่อบ้าน ใจกล้า 3: เรน ทหารม้าโยโกฮาม่า 4: Earth’z Athip

Berekraftig løysing

Slike fantasifulle løysingar er faktisk betre for miljøet enn å kjøpa handlenett som kan brukast om igjen.

Ein polyesterpose må brukast 35 gonger før miljøpåverknaden med vass- og energibruk i produksjonen, er lågare enn ein vanleg plastpose, ifølgje ei undersøking frå Danmark. Når det kjem til handlenett av rein bomull, må det brukast 7100 gonger.

Ikkje berre er løsysingsalternative berekraftige, men det er også underhaldande. På sosiale medium er det no full fest med delingar av dei ulike kreative løysingane. Dette Facebook-albumet har samla nokon av dei, og er no delt over 110 000 gonger.

Svære vasar, ei slags teine, trillebår, bøtter, eller ein brukt gigantisk rispose.

Let du deg inspirera?

Let du deg inspirera?

Ja174
Nei133
Svar totalt: 307

 

1,17 millionar tonn plastposar

Ein reknar at thailendarar brukar 1,17 millionar tonn plastposar kvart år. Kampanjen «Every Day Say No to Plastic Bags» vart innført i 2019, og har Thailand fått ned bruken av eingongsposar med 5,7 millionar kg. 

Dette fordi folk sjølv har sagt nei til plastposar, men også fordi natur og miljøministeren i landet, Warawut Silpa-archa, har fått med seg ein drøss med butikkar på å slutta å gi ut plastposar gratis. 

I tillegg til denne kampanjen har forureiningsdepartementet (FCD) innført ein 20-årsplan for plastforvalting frå 2018-2037, som mellom anna skal innføra fleire plastforbod. Neste år skal det bli forbode med plastkoppar og plast-sugerøyr. 

20-årsplan for å få ned plastbruken

Thailand er den sjette største hav-forureinaren i verda, og plast er ein stor årsak. Ein gjennomsnittleg thailendar brukar 3000 eingongsposar i året, 12 gongar meir enn nokon frå EU, ifølgje Japan Times.

Ein plastpose tek omlag 10-20 år å bryte ned i havet (endå lenger på bosfylling), men det er usikkert om dei mindre partiklane som vert igjen, nokosinne vert brotne ned.

Plastkvalen som vart skylt i land i Indonesia i 2018 vart for mange ein augeopnar, men i Bhutan laga dei forbod mot plastposar allereie i 1999. I Europa vil EU no forby eingongsplast.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
Foto: Mona Lindseth / Venstre