Kåringa av Årets nynorskkommune har tatt heilt av – over 70.000 har stemt

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinnherad leier førebels i den uoffisielle avrøystinga om kven som bør bli Årets nynorskkommune i år. Kommunen har fått over 32.000 stemmer, over dobbelt så mange som det er innbyggjarar i Kvinnherad.

Kvinnherad-ordførar Hans Inge Myrvold er strålande nøgd med nominasjonen til prisen Årets nynorskkommune. Foto: Sp

– Fantastisk kjekt. Nynorsken står veldig sterkt i Kvinnherad, og er ein vesentleg del av identiteten vår. Det store engasjementet viser at nynorsken er viktig for veldig mange, seier Kvinnherad-ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) på telefon til Framtida.no.

Han meiner det er eit historisk sus over det heile. Fjelberg, som no er ein del av nye Kvinnherad kommune, var den første nynorskkommunen i landet.

Ordføraren tilbakeviser at det er nokon koordinert stemmeaksjon frå Rådhuset som har gjeve kommunen så mange stemmer.

– Eg ser at det er veldig mange som har delt saka til Framtida.no der det gjekk an å stemma, og så har dette spreidd seg veldig. Det gjer det berre endå meir gledeleg, seier ordførar Hans Inge Myrvold.

Vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) seier kommunen jobbar for å pressa leverandørar å få meir nynorsk digitalt. Foto: Voss herad

Blir passa på av Linda Eide

På ein god andreplass i avrøystinga ligg Voss herad. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) synest det er artig med det sterke engasjementet for prisen.

– Dialekt og det å skriva nynorsk står veldig sterkt i Voss. Det skal ikkje mange bokmålsorda til før reaksjonane kjem, seier han.

Sjølvaste Linda Eide frå Eides språksjov på NRK er blant dei som passar på språket i heimkommunen, og ordføraren seier ho «piskar» dei på å passa på språket.

Nye Voss herad blei til ved nyttår då Voss slo seg saman med Granvin herad.

– Me har sett fokus på nynorsk i den nye kommunen, og neste veke har me masse folk som skal på kurs i sakshandsaming på nynorsk, seier Ringkjøb.

LES OGSÅ: Noreg bruker meir pengar på språk enn vegar og forsvar

Det er juryen på vegner av Kulturdepartementet som kårar Årets nynorskkommune, men det er enno mogleg å stemma på kven du meiner fortener prisen i den uoffisielle avrøystinga til Framtida.no:

Kven bør verte Årets nynorskkommune?

Kven bør verte Årets nynorskkommune?

Hareid kommune7012
Kvinnherad kommune133623
Sunnfjord kommune3000
Voss herad118243
Svar totalt: 261878

 

LES OGSÅ: Eili Harboe (25) bytta hovudmål: – Det kjennest meir naturleg for meg. Meir personleg på eit vis

Språkrådet: – Nydeleg

Margrethe Kvarenes har leia juryen som i år har lagt ekstra merke til kommunar med godt nynorskarbeid i møte med koronapandemien. Foto: Moment Studio

Juryleiar Margrethe Kvarenes er strålande nøgd med engasjementet.

– Det er nydeleg med eit slikt engasjement, og veldig bra for nynorsken. Det viser at engasjementet for nynorsken ikkje berre finst i kommuneadministrasjonen, men at det kjem frå folket i kommunane. Det er ikkje berre politikk, men viser eit faktisk ønskje og behov blant folk.

Kvarenes synest dei fire finalistane verkeleg fortener all heider, og understrekar at dei alle er veldig sterke kandidatar. Ho har vore juryleiar i tre år, og har sett ei veldig god utvikling for prisen i løpet av dei seks åra Språkrådet har hatt ansvar for prisen.

– Det er veldig inspirerande og bra for nynorsken, seier ho.

LES OGSÅ: Fire finalistar til Årets nynorskkommune

God praksis på fleire frontar

I pressemeldinga frå Språkrådet sist veke står det at Hareid kommune og Kvinnherad kommune utmerkjer seg særleg i arbeidet med integrering og opplæring. Kvinnherad kommune er ein føregangskommune i arbeidet med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. I Hareid kommune får arbeidsinnvandrarar no tilbod om gratis nynorskopplæring.

Sunnfjord kommune har vore særs aktiv med nynorsk klarspråksarbeid. Voss herad har sett den digitale røynda på dagsordenen og har arbeidd aktivt for at digitale plattformer og læremiddel i kommunen skal vera på nynorsk. I Sunnfjord og Voss gjer dei også mykje godt nynorskarbeid som når langt utover kommunegrensene. 

Prisen for Årets nynorskkommune vil bli delt ut av kulturminister Abid Q. Raja på Nasjonalbiblioteket i Oslo 30. oktober, klokka 12.30.

LES OGSÅ: Skreiv Noregs beste eksamen på nynorsk

Herdis Auestad Nergaard (19), Anna Standal Tangen (20) og Jenny Heggheim Myklebust (20) vann Fridthiov Oos’ legat med eksamenssvara deira på nynorsk. Foto: Privat