Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 28.12.2020 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Han sa berre namnet sitt, kor han ringte frå og så: «Du har kreft». Det var eit sjokk.

Sofia Brustad-Johnsen minnast telefonen som kom 3. august i år. 24-åringen frå Engerdal sat i bilen på veg til ferie med familien og sambuaren. 

Ho er for ung til å vere ein del av Livmorhalsprogrammet, der alle kvinner i alderen 25-69 år vert oppmoda til å ta celleprøve kvart tredje år. 

No var det utenkjelege skjedd, men allereie eitt år før hadde ho ant uråd og bedt om celleprøve hjå gynekologen.

– Det gjorde meg skikkeleg sint at eg hadde blitt nekta det, fortel Brustad-Johnsen på telefon til framtida.no i dag.

Avvist av gynekologen

– Kreft har inga aldersgrense. Om det ikkje er kreft, så kan det vere celleendringar som ein må følge med på. Eg forstår berre ikkje logikken med at ein skal måtte vente, seier 24-åringen.

For vel eit år sidan oppsøkte ho gynekolog fordi ho hadde hatt vondt i underlivet ei tid, eigentleg berre for å vera sikker på at det ikkje var noko gale.

Gynekologen undersøkte og sa at ho ikkje fann noko, og at det ville gå over av seg sjølv.

– Det var då eg kom på å spørje om celleprøve, sidan ho ikkje såg årsaka til at eg hadde vondt. 

Men gynekologen sa at ho var for ung. Berre 23 år. Det var for tidleg for å få livmorhalskreft.

Ny gynekologtime og nye resultat

Månadane gjekk, og smertene gjekk ikkje bort slik gynekologen hadde fortald. Etter vel eit år bestilte ho time hos ein annan gynekolog i vår. Den nye gynekologen meinte det var polyppar som var årsaka til smertene, men foreslo ei celleprøve i same slengen. 

To veker seinare kom telefonen: prøven hadde vist alvorlege celleforandringar. Gynekologen trudde ikkje det var kreft, men ho måtte inn for å ta vevsprøve. 

Sidan det var sommarferie måtte Sofia vente fem heile veker på konklusjonen, framfor dei tre vekene det vanlegvis tek. 

Då telefonen kom var Sofie på veg til Ålesund, men legen ville ha ho tilbake dagen etter for å ta blodprøve og gjere klart for MR. 

– Familien min ville berre snu bilen og kjøre heim att, men eg tenkte at då hadde kreften vunne allereie. Eg ville ha den veka med ferie i Ålesund først, fortel ho.

Sofia Brustad-Johnsen (24) irriterer seg over dei som klagar på at celleprøve er så vondt, noko ho er sterkt ueinig i og fryktar kan skremma folk frå å ta prøven. Foto: Privat

Frykta barnløyse

Det vart ei lang veke, med mykje tankar og googling. 

– Eg var meir redd for at eg ikkje skulle kunne få barn, enn for å dø. Det var også veldig ekkelt å tenke at ein har kreft i seg. Og veldig rart å seie at eg hadde kreft, eg følte meg jo ikkje sjuk.

Heime frå ferie tok ho blodprøve for sjekke om ho tålte MR, og så var det to nye veker med venting på innkalling. 

– Det var to kjipe veker. Det verste var å ikkje vite. Kan eg få barn? Kor alvorleg er det? Kor mykje har det spreidd seg? Eg visste berre at det var kreft, ikkje noko meir. Eg prøvde å ta ein dag om gongen og ikkje grave meg ned i det vanskelege, men å sitje å vente slik var ikkje særleg kjekt.

Kreftfri, med celleforandringar

MR-bileta viste at svulsten var på 3 mm, under grensa på 2 cm og dimed liten nok at dei kunne operere den vekk utan noko form for strålebehandling først. 

Det vart berre ei konisering på 15 minutt. Det er eit lite inngrep der den nedste delen av livmorhalsen, livmortappen, vert fjerna. Det skal hindre celleforandringar frå å utvikle seg til livmorhalskreft.

Svulsten vart sendt til sjekk for å sikra at dei har fått vekk all kreften.

– Førre veke fekk eg beskjed om at dei hadde fått vekk all kreften, men ikkje alle celleforandringane. Sidan mine celleforandringar hadde ført til kreft, så vil dei fjerne dei no og eg skal inn igjen i slutten av oktober. 

– Men kreftfri er eg i alle fall.

Jamlege sjekkar

Kvar tredje månad i to år må ho inn til sjekk, så er det kvart halvår i fem år. 

Sjølv om dei oppdaga kreften tidleg og ho slapp å måtte fryse ned egg og operere vekk livmora, vil kvar konisering gi auka risiko for eventuelle svangerskap i framtida.

– Det er noko høgare risiko for seinabort og tidleg fødsel, så ein må bli fulgt opp litt ekstra, forklarar ho. 

Mykje tankar gjekk også til gynekologtimen over eitt år tidlegare der ho hadde bede om å få ta celleprøve.

– Det irriterte meg mest av alt! Eg kunne ha funne det ut allereie då eg var 23 år.

– Bestemt av nokon som ikkje har hatt kreft

I dag legg helsestyresmaktene og Kreftforeininga opp til at ein ikkje skal ta celleprøve før ein er 25 år, om ein ikkje får symptom. Denne tilnærminga synest Brustad-Johnsen at er skummel, og viser til at det kan ta lang tid før ein får symptom.

– Sjølv om det er liten sjanse for å få det, så kan det skje. Det skjedde med meg. Det er så dumme argument mot, eg forstår det ikkje. Det er openbart bestemt av nokon som ikkje har hatt kreft.

Særleg viktig meiner ho det er at hennar aldersgruppe vert opplyst om at dei hamnar mellom to stolar, og at alle over 20 år som vil ha celleprøve må få det. 

Dette er ein krefttype på vikande front fordi både gutar og jenter får HPV-vaksine på 7. trinn.

Brustad-Johnsen tilhøyrer ei gruppe jenter som havnar i mellom to stolar, fordi vaksina ikkje var innført då ho gjekk på 7. trinn og framleis ikkje vert fanga opp av Livmorhalsprogrammet.

– Eg tok HPV-vaksina i 2016 då det vart gratis for mi aldersgruppe, men det hjelper ikkje viss du allereie har viruset i kroppen. Det er mange som debuterer seksuelt før ein er 23 år liksom, og vaksina beskyttar framover – ikkje bakover.

Fryktar unødig behandling og bekymring

Torunn Janbu, Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet, som saman med Kreftregisteret er ansvarlege for Livmorhalsprogrammet, meiner dagens ordning er bra nok.

Avdelingsdirektør Torunn Janbu fortel på e-post til Framtida.no, at screening for kvinner under 25 år i liten grad vil kunne førebyggje krefttilfelle, fordi det er svært få (tre-seks i året) som får livmorhalskreft i denne aldersgruppa.

I  tillegg har dei også grunn til å tru at krefttilfella som oppstår hos kvinner under 25 år har spesielle eigenskapar som ikkje så lett blir oppdaga via screening.

– Kan det vere eit problem om fleire under 25 år får ta celleprøve?

– Ja, då fryktar vi at vi oppdagar for mange HPV-infeksjonar eller ulike grader av celleforandringar, som fører til mykje unødig oppfølging, mykje unødig bekymring og behandling som konisering (fjerning av delar av livmormunnen), heilt utan effekt på førekomst av livmorhalskreft.

Unge blir ikkje tekne på alvor

I Gynkreftforeningen støttar dei Helsedirektoratet og dagens Livmorhalsprogram.

Leiar, Jeanette Hoel, legg likevel vekt på at det fordrar god oppfølging av dei med symptom som er under 25 år.

– Eg har snakka med ein del yngre som ikkje har blitt tekne på alvor når dei kjem til legen  med diffuse symptom. Så har det gått tid og kreften har fått utvikla seg, for nokre så langt at dei har døydd. Det synest eg er veldig alvorleg. 

Jeanette Hoel, Gynkreftforeningen. Foto: Privat.

Ho understrekar at mange legar er gode på å ta desse på alvor, men meiner det enno kan bli betre. At fastlegar må få meir informasjon og bli flinkare til å på sida av Livmorhalsprogrammet, følgje opp dei med symptom og kvalitetssikre god oppfølging også for dei under 25 år.

– Dei unge kvinnene sjølv må også følgje med på helsa si, og ikkje oversjå eigne symptom og tenke: «Eg er så ung, det går bra». Det er veldig dumt. Det er mykje betre å ta den kanskje litt  ubehagelege undersøkinga, framfor å bli alvorleg sjuk. 

Om ein opplever å ikkje få ta celleprøve hos fastlegen når ein kjem med diffuse symptom, oppmodar ho til å krevje henvising til gynekolog.

– Elles kan ein vurdere å byte fastlege, dersom hen har slike haldningar.

– Folk trekk seg veldig, veldig ofte, seier Tomine Bauge (19), om reaksjonane ho får på at far hennar er død. Foto: Andrea Nøttveit