Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det å skrive på nynorsk har gjort at eg har måtta vere mykje meir språkleg til stades enn når eg skriv på bokmål, seier Helene Guåker på Samlaget sine nettsider.

Forfattaren frå Nes på Hedmark har brukt heile sju år på ungdomsromanen Høgspenning, der ho har brukt eigne erfaringar frå livet til å skildre livet med ei psykisk sjuk mor.

Framtida.no sin bokmeldar jubla over at Guåker treffer ei heil rekke med spikrar på hovudet og kallar boka; «så velskriven og tilgjengeleg at det bokstaveleg talt er til å grine av.»

Me har teke ein kikk inn i bokhylla for å sjå kva bøker som forma ho.

Desse bøkene fekk Helene Guåker til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Brødrene Karamasov av Fjodor Dostojevskij.

Kva bøker les du helst?

Samtidslitteratur, historiske romanar (med fortrinnsvis kvinnelege hovudpersonar) og poesi.

Kor les du?

Kor som helst! På toget, på trikken, i senga, på balkongen, medan eg går (lydbok).

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

Mor mi las for meg og søstrene mine, og ho las alt mogleg, frå Disney til Den utrolige reisen av Sheila Burnford. Den kom me forresten aldri gjennom, fordi eg byrja grine kvar gong me kom til den staden der dyra byrjar gå åleine vestover for å finne att familien sin.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Beatles av Lars S. Christensen. Den har eg lese fleire gonger i løpet av livet. Då eg skreiv Sveiseblink i 2017, prøvde eg å lage ei hyllest til den boka, berre frå eit bygdeperspektiv. Boka er til og med dedisert til hovudpersonen i Betales, Kim Karlsen.

Men Kari Bøges Speilet fanger gjorde også sterkt inntrykk på meg. Eg trur det var første gong eg las om sex, og eg kjende meg som ein annan person etterpå. Ei dør hadde opna seg, og ho kunne aldri meir lukkast att.

«Speilet fanger» gjorde inntrykk med skildring av sex, medan «Beatles» inspirerte Helene Guåker då ho skreiv Sveiseblink. med Omslag: Aschehoug, Cappelen Damm. Illustrasjon: Emojipedia

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Min Kamp av Karl Ove Knausgård. Spørsmålet er jo då om verket hadde vorte like anerkjent om det var ei kvinnes kamp som vart skildra?

Kva meiner du gjer ei bok god?

Den må gje inntrykk, eller kanskje like mykje avtrykk. Viss ei bok sit at i deg etter at du er ferdig med ho, då er ho god, tenkjer eg.

Helene Guåker kjenner seg att i sterke barnebokkarakterar som Pippi Langstrømpe og Gummi-Tarzan.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Gummi-Tarzan, kanskje? Og litt Pippi Langstrømpe.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Sigrid Undset. Me skulle hatt Kristin Lavransdatter-tema på middagen.

Helene Guåker kunne lese den anonyme forfattaren bak pseudonymet Elena Ferrante eller Herbjørg Wassmo resten av livet. Foto: Foto: Rolf M. Aagaard, Gyldendal, Illustrasjon: Colourbox

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Herbjørg Wassmo eller Elena Ferrante.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Josefine Frida Pettersen (Skam-Noora).

Josefine Frida Pettersen har vorte ein populær skodespelar i kjølvatnet av seriesuksessen SKAM. Foto: NRK

Helene Guåker

  • Alder: 37
  • Frå: Nes på Hedmark
  • Utdanning: Nordisk språk og litteratur
  • Yrke: Forfatter og folkehøgskulelærar
  • Tal på lesne bøker i året: 30-40 bøker i året