1200 år gamal runestein tyder på at vikingar hadde klimaangst

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av verdas mest kjende runesteinar, Rökstenen i Sverige, har lenge vore eit mysterium.

I over 100 år har forskarar trudd inskripsjonane fortel om krigsbragder, men no presenterer svenske forskarar ein ny teori: Den fortel om klimaendringar.

Det melder Göteborg Universitet.

Gotisk konge

Foto: Bengt Olof Åradsson/Wikimedia Commons/CC BY 1.0

Den fire meter høge og ein meter breie Röksteinen vart reist i Östergötland på 800-talet. Steinen vart først funnen på 1600-talet, då ein antikvar oppdaga den i muren til eit hus ved Rök kyrkje.

Den lyse granittsteinen er pryda av Nordens lengste runeinnskrift, med heile 750 runer, og i årevis har inskripsjonen vore tolka og omtolka.

Inskrifta tyder på at det handlar om stridar, og lenge har ein trudd eine rune-passasjen viser til den gotiske kongen Teoderik den store som i si tid erobra Italia.

informasjonstavla ved sidan av steinen står difor denne tolkinga skriven:

«Då rådde Teoderik den dristige, sjøkrigerane sin høvding, over Reidhavets kyst. No sit han rusta på sin gotiske hest, med skjold over aksla, den fremste av mæringar.»

Svenske forskarar føreslår no ei heilt ny omsetjing, ei som ikkje viser til Teoderik:

«Den djerve krigaren, høvdingen av menn, reid på hesten over horisonten i aust. Sit no, den fremsta av dei berømte, rusta på sin hest med skjoldet klart.»

Kven er den djerve krigaren i dette tilfelle? Det er sola. For stridane som rune-inskripsjonane viser til handlar ikkje om krigar, men heller om kampen mot klimaet. Det meiner dei svenske forskarane bak den tverrfaglege artikkelen The Rök Runestone and the End of the World

Fimbulvinter-angst

– Det er rimelig å tenke at ein hadde eit medvite om at klimaet kunne endre seg på eit vis som skulle påverke overlevingsmogelegheitene, seier Per Holmberg til svenske Expressen.

Han er professor i svensk språk ved Göteborg universitet, og har leia forskingsprosjektet som har ført til artikkelen.

Forskarane meiner runene fortel om ein angst som vert utløyst når nokon mistar son sin, og frykta for ei ny klimakrise lik den som råka verda i år 536 – den segnomspunne Fimbulvinteren.

– Innan Röksteinen vart reist inntraff det fleire hendingar som må ha vore veldig illevarslande: ein kraftig solstorm farga himmelen i dramatiske raude fargar, haustingane vart påverka av ein ekstremt kald sommar, og seinare hende ei solformørking rett etter soloppgang, seier Bo Gräslund, professor i arkeologi ved Uppsala universitet.

– Det kunne vore nok med ei av dei hendingane for å vekke uroa for ein ny «fimbulvinter».

I norrøn mytologi er fimbulvinteren den harde vinteren som kjem før verda går under, og alt levande på jord døyr.

Gräslund var ein av dei første forskarane som forslo at Fimbulvinteren var ei verkeleg hending, og forsking i nyare tid har funne stadig fleire tydelege spor på at ei katastrofe faktisk ramma verda for 1500 år sidan.

Dette er det rekonstruerte fjeset av ei vikingkvinne funne i ei grav i Solør i Hedmark. Foto: National Geographic