Nye fylkesnamn skapar forvirring – er ho ein «viking»?

Peder Skjelten
Publisert
Oppdatert 21.01.2021 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk må sjølv finne ut kva dei vil bli kalla. Eg trur folk vil kalle seg det dei er frå. Eg er frå Jessheim i Ullensaker, vi kallar oss ullsokninger. Fylkesidentiteten er ikkje så sterk at det endrar kva vi kallar oss.

Det seier Tonje Brenna (Ap), som er fylkesrådsleiar i Viken. Ho er usikker på om det kjem til å bli noko felles nemning på innbyggjarane i fylket.

11 fylke frå 2020

I 2019 var det 18 fylke i Noreg. Etter regionreforma trådde i kraft etter nyttår har det blitt 11.

Viken, Vestland og Innlandet har oppstått som nye fylke, og nye fylkesnamn.

Troms, Finnmark, Vestfold og Telemark er fire fylke som har blitt slått saman til to, med ei samanstilling av dei førre namna: Troms og Finnmark og Vestfold og Telemark.

Agder er namnet på fylket som før var Vest-Agder og Aust-Agder. Trøndelag, som blei til etter samanslåing i januar 2018, har òg fått namnet frå ein kombinasjon av dei to samanslåtte fylka: Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag. Møre og Romsdal, Nordland, Oslo og Rogaland er som før.

Slik ser Noreg ut i 2020, men kva heiter innbyggjarane i fylka? Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Sjølv om fylkesgrensene og fylkesnamna er på plass, er det ikkje einigheit i namnet på innbyggjarane endå. Kva skal dei heite?

Nokre namn består

Daniel Ims er seksjonsleiar i Språkrådet. Han fortel at Språkrådet har moglegheit til å kome med forslag og råd om kva namna burde vere, men at dei ikkje har moglegheit til å bestemme.

For fylka Agder, som var Vest-Agder og Aust-Agder, og Trøndelag, meiner Språkrådet det er naturleg å behalde dei tidlegare namna på innbyggjarane: egde og trønder.

Også for dei nye fylka Vestfold og Telemark og Troms og Finnmark vil det vere naturleg å behalde namna på personane frå dei geografiske områda, trass i at dei fire fylka har blitt to.

– Vi har uttalt oss for Viken, Vestland og Innland fylke, som er dei fylka det kan vere aktuelt å ha nye innbyggjarnamn for. Det blir ikkje gjort vedtak om innbyggjarnamn slik som fylkesnamn og kommunenamn som er politisk bestemte. Innbyggjarnamn er noko som nokon kan fremme, og blir ikkje vedtatt på same måten, seier Daniel Ims på telefon til Framtida.

Daniel Ims frå Språkrådet. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Dobbel betyding

For Vestland og Innlandet oppstår det problem knytt til at namna har dobbel betyding.

– For Vestland fylke ligg vestlending naturleg, men vestlending er ikkje berre dei frå Vestland, men også Vestlandet, som inkluderer Sunnmøre og Rogaland. Nordlending har det same. Det betyr person frå Nordland, men i visse samanhengar personar frå Nord-Noreg.

– For det nye fylket Innlandet peikar innlending seg ut som eit alternativ, men der har vi også dobbelbetyding. Innlending kan brukast som det motsatte av utlending, eller det kan bety generell person frå Innlandet.

Bergen blir administrasjonssenteret for Fylkesrådmannen i Vestland. Foto: Gautam Arora

På Vestlandet har det vore strid i bruken av ordet Vestland på det nye fylket. Fleire i Rogaland og Møre og Romsdal kjenner seg eksludert frå betegnelsen vestlending. For Innlandet har det ikkje vore sameleis, som Ims meiner kjem frå at det ikkje er ei like stor tilknyting til ordet innlending frå før.

– Innlandet er ikkje eit spesifikt område. Innlendingar frå Øvre Telemark vil ikkje identifisere seg først og fremst som innlendingar, men telemarkingar.

Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane, som 1. januar 2020 blei samanslått med Hordaland til Vestland fylke, hadde ikkje eit felles innyggjarnamn tidlegare. I staden har der vore namn som går på kor i fylket innbyggjarane kjem frå.

– Sognig, sunnfjording og nordfjording. Det var ikkje naturleg med eit felles innbyggjarnamn sidan fylket var samansatt av to områdenamn. Den same situasjonen vil det vere for Vestfold og Telemark. I områder som tidlegare Austfold vil det kanskje vere samanhengar å snakke om austfoldingar framleis, sjølv om det er i Viken fylke.

Vikingar

Når det kjem til Viken fylke fortel Ims at Språkrådet ser føre seg vikværing. Namnet har vore det historisk brukte namna på personar frå Vika, altså Oslofjorden. Likevel har demonymet viking dukka opp som forslag utanfor Språkrådet.

– Nokre har nemnt det som eit alternativ. Viking betyr noko anna, og er ikkje knytt til Viken. Det ville vore uheldig om det var det namnet som skulle gjelde.

Viktige Viken

Av dei nemnte forslaga er fylkesrådsleiar i Viken, Tonje Brenna, mest entusiastisk for viking.

– Eg har respekt for Språkrådet, dei er flinke til å forklare logisk kva som er rett og gale. Vikværing har sikkert sine historiske og naturlege grunnar, men eg trur ikkje eg veit om nokon som kjenner seg som ein vikværing. Viking trur eg er mest nærliggande.

Samstundes har ho eit eige forslag.

– Vi har fleire variasjonar av Viken: Vikværing og viking. Eg synest «viktig» passar inn i det. Det hadde vore fint om folk i Viken kjente seg viktig.