Sakene me hugsar best frå året som gjekk

Framtida
Publisert


Desse republikanarane knivar om å bli verdas mektigaste

Chris Christie, Ron DeSantis, Mike Pence, Nikki Haley, Donald Trump, Tim Scott, Vivek Ramaswamy og Doug Burgum.

Det går på nytt mot presidentval i USA, og republikanarane står i ei knipe; Trump blir berre meir og meir populær for kvar rettssak, påklage og (frå eit norsk perspektiv) feiltrinn. Men kan partifellane hans stola på han i fire nye år? Og finst det eigentleg nokon som kan ta over?

Når ein sit på utsida av amerikansk politikk, kan det vera vanskeleg å lausriva seg frå både alvoret og fjaset. For det er jo heilt absurd å sjå vaksne menneskje stupe til å fokusera på einannan si vekt, seksuelle historikk og karisma i søknadsprosessen til verdas mektigaste stilling.

Det kjenst som å sjå på ein realitykonkurranse der dei potensielle vinnarane står på scena, medan dei resterande ~8,1 milliardane på kloden er potensielle taparar.

Her kan du lesa om alle som utfordrar Trump på republikansk side.


Framtidas julequizhefte – spørsmål og svar for heile familien!

Årets julequizhefte er eit arbeid frå hjarte og har utfordra meg kreativt.

I det siste har nyheitsbiletet vore ganske mørkt, då er det ei fryd å få jobba med noko kreativt som både tek ein heilt vekk frå aktuelle hendingar, og samstundes har potensial til å spreia glede.

Her kan du finna quizen og lasta ned heftet.

Siste dag med Fosen-aksjon: – Kjem tilbake om dei ikkje gjer jobben sin

Folk sit framfor Slottet.

Elise Sørensen sit framfor slottet i siste dagen med aksjon mot vindparken på Fosen. Foto: Åshild Slåen

For meg er dei beste sakene når vi får tid til å gå ut og prate med folk, spesielt engasjerte unge folk.

Då aksjonane mot Fosen Vindpark starta i februar var gatene i hovudstaden fylt med engasjerte demonstrantar, og vi visste ikkje kva som skulle skje frå ein dag til neste. Frå kontorvindauge kunne vi sjå politiet som bar aksjonistar vekk frå departement, og vi kunne springe ut og ta bilete og intervjue dei medan det skjedde.

Difor er det saka eg laga på siste aksjonsdagen, 3. mars, som er blant dei eg hugsar best.

Det å gå rundt i sentrum, ta bilete av folkemengdene og prate med fleire om kvifor dei møtte opp og kva dei ville skulle skje vidare, var både inspirerande og informativt. Det var både samiske demonstrantar som hadde reist langvegsfrå, men også ungdommar frå Oslo som hadde teke fri frå skulen for å vere med, og både engasjementet og stemninga var unik.

Les intervjua med dei seks unge personane som alle møtte opp for Fosen-demonstrasjonen.


Transpersonar brukar spleis.no for å få råd til kirurgi: – Urettferdig

Perosn med kort blondt hår stirer inn i kameraet.

– Eg føler ein veldig tryggleik i det å vere på midten av det spekteret, men at eg har moglegheita til å vere meir lent mot den maskuline delen av det, sa Myhre Skår. Dei er ein av dei som har brukt kronerulling for å få råd til kjønnsbekreftande behandling. Foto: Åshild Slåen/Framtida.no

I Fritt Ord-prosjektet vårt «Minoritet og makt» fekk vi prata med mange forskjellige personar om korleis dei opplever Noreg som samfunn. Ei av dei sterkaste historiene eg fekk høyre var korleis det er å møte helsevesenet som ein ikkje-binær transperson.

Myhre Skår kronerulla for å få råd til såkalla toppkirurgi, ein operasjon der ein fjernar brysta.

Dei fortalde om korleis livskvaliteten betra seg enormt etter operasjonen, kvifor dei måtte ty til dyre private aktørar og kvifor dei meiner det burde vore dekka av det offentlege helsevesenet.

Les heile intervjuet, kor utbreidd fenomenet er ifølgje spleis.no, og kva det offentlege helsevesenet seier om situasjonen


Dei unge grekarane

– Vi har kome til eit punkt der folk flest føler at landet vårt ikkje bryr seg om den nye generasjonen. Ikkje om liva våre, ikkje om korleis vi skal tene pengar, ikkje om korleis vi skal bu og leve. Då er det ironisk når dei eldre generasjonane vert sinte på oss unge viss vi vel å flytte frå landet, seier greske Chrysanthi (19).

I artikkelserien «Dei unge grekarane» møter vi ei rekke ungdommar i Hellas som fortel om utfordringane, kampsakene og framtidshåpa deira. Vi møter 17-åringar som røyster for første gong, transpersonen Hermis som kjempar for sine eigne rettar, Ria som ønsker å forlate heimlandet sitt for å finne betre moglegheiter, og ikkje minst demonstrantar som trassar frykta for tåregass og politivald for å uttrykke sinnet sitt.

Her kan du lese alle artiklane i artikkelserien som vart støtta av Fritt Ord.


Klimaberedskap i Noreg: – Vi er ikkje førebudde

Eit hus i Tangevik i Ål vart råka av ekstremvêret «Hans».

Oppslag om ekstremvêr verkar å komme tettare og tettare. I år herja ekstremvêret Hans over store delar av Sør-Noreg, medan sommaren baud på både dramatiske skogbrannar og store flaumar lenger sør i Europa.

Klimaendringane vil føre til villare og våtare vêr i Noreg, med hyppigare ekstremvêr. Men kor godt budde er vi eigentleg?

Ikkje godt nok, ifølge Margit Martinsen i Grøn Ungdom.

– Klimaberedskap er veldig underprioritert og har vore underkommunisert kjempelenge, seier ho.

Her kan du lese heile saka.


Maren Uthaug: – Vi er implisitt menn

Forfattar Maren Uthaug vart inspirert av stillehavssamfunn som drap guteborn då ho skreiv «11 %». Foto: Simon Klein-Knudsen/Samlaget

Personleg er ei av sakene eg hugsar best frå i år intervjuet med forfattar Maren Uthaug. Eg har lenge syntest at ho er ein svært spanande forfattar, og det var interessant å snakke med ho om samfunnsstrukturar, kjønnsroller og språk.

Uthaug er dansk, med norsk og samisk bakgrunn, og bøkene hennar er i Noreg blitt omsette til nynorsk.

Maren Uthaug les høgt frå boka «11 %» på Litteraturhuset i Oslo. Foto: Karoline Kilsti Vassenden

I år gav forfattaren ut ei bok som har fått stor merksemd, og vekt reaksjonar, både i Danmark og utanfor landegrensene. I boka 11 % skildrar ho eit samfunn i framtida der kvinnene har tatt over. Menn er heilt fjerna, og berre nokre få eksemplar av arten er å finne i avlssenter.

– Det eg ønsker å gjere, er å leike litt med kjønnsoppfattinga og dei strukturane som følgjer med dei oppfatningane vi har av mann og kvinne i samfunnet. Kva vil det seie å vere mann og kva vil det seie å vere kvinne? sa Uthaug til Framtida.no.

Les heile intervjuet her!


Sunniva (13) med lærebokoppgjer: – Berre kvite menn

Sunniva Rose Jacobs Steinberg skreiv meiningsinnlegg om mannsdominansen i KRLE-læreboka.

Det kan sjå ut som om kamp mot patriarkatet er ein raud tråd i sakene eg hugsar best frå i år. Eg vil òg trekke fram intervjuet eg gjorde med 13 år gamle Sunniva Rose Jacobs Steinberg som tok saka i eigne hender då ho oppdaga mannsdominansen i læreboka si.

Ungdomsskuleeleven starta i oktober ein debatt om innhaldet i læreboka i KRLE. I starten av boka hennar, var det ei tidslinje som synte 15 vestlege menn.

– Eg syntest eigentleg berre det var veldig rart at dei hadde gjort det sånn og at dei ikkje hadde skrive noko om kvifor dei hadde valt berre kvite menn, sa Steinberg.

Bilete frå KRLE-læreboka. Ingen kvinner eller menn frå andre delar enn Europa er med på tidslinja.

Eg intervjua 13-åringen etter at ho hadde fått eit meiningsinnlegg om saka på trykk i Klassekampen. Ho fortalde at gutar slenger kommentarar i klasserommet om at jenter ikkje kan kome seg fram i verda, og at ho difor synest det er viktig med mangfald i lærebøkene.

Les intervjuet med Sunniva her, og sjå kva forlaget svarar.


 


Kristine (26) må betale i dyre dommar for å kome seg heim til jul – droppar heimreisa

Jente som ser inn i kameraet.

Kristine Sandtrøen (26) er vant med å betale høge prisar når ho reiser heim til Mehamn. Foto: Frida Tvedte Matre

Stigande prisar, rente og inflasjon er truleg noko dei fleste har kjent på det siste året.

Då Kristine Sandtrøen (26) såg på flybillettar heim til jul, kjente ho det godt i studentlommeboka. Som student i Oslo er ho vant med høge prisar for flybilletten når ho tek seg ein tur heim, men denne høgtida tek kaka. 

Då Framtida.no sjekka prisane for ein tur heim til Mehamn for Sandtrøen 28. november, kom billetten på til saman 13 900 kroner for ein studentbillett tur-retur Oslo-Mehamn. Til samanlikning er det rimelegare å reise tur-retur Oslo-New York i same tidsrommet. Billettprisen er også nesten like høg som to månadsleiger for bustaden hennar i Oslo.

– Når det står «studentbillett» på billetten og at den er såpass dyr, syns eg eigentleg er hårreisande, seier studenten.

Difor droppa Sandtrøen heimreisa til jul, og familien reiste sørover for å feire jul i Oslo i staden.

Her kan du lese saka.


Yrket mitt: Åsgeir (40) er jordmor

Mann i sykepleieruniform på sykehus.

Åsgeir Almvik visste ikkje at jordmoryrket var så breitt før han sjølv vart jordmor. Foto: Privat

Åsgeir Almvik visste heile tida då han gjekk på sjukepleiarstudiet at han ynskja å vidareutdanna seg, men tenkte meir i retninga mot anestesi- eller akuttsjukepleiar. Då dei lærde om reproduksjon og menstruasjonssyklusen på sjukepleia, fekk han auga opp for jordmorfagfeltet.

– Det syntest eg verka spanande, både som fagfelt, men også meir inn mot kvinnehelse. 

Før han byrja på utdanninga visste han ikkje at jordmoryrket var så vidt. Han hadde også forventningar om at han som mann inn i jordmoryrket kom til å bli møtt med skepsis og motstand.

– Det vil eg påstå at var ganske fordomsfullt av meg, for eg har ikkje møtt på så mykje av det.

Her kan du lese heile intervjuet.


Jødiske Maja (20) og Hannah (21): – Vanskeleg at di sorg provoserer andre

Frå venstre: Maja Haaland (20) og Hannah Dubowski (21) er jødiske vegvisarar fordi dei vil visa unge kva det vil seia å vera jøde i Noreg. Foto: Privat

Denne hausten har det grufulle terroråtaket til Hamas og Israel sine brutale kamphandlingar i Gaza opprørt ei heil verd.

Kort tid etter terroråtaket 7. oktober stilte dei jødiske vegvisarane Maja Haaland (20) og Hannah Dubowski (21) opp i eit intervju om frykta dei kjente på heime i Noreg, noko som gjorde inntrykk.

– Det er vanskeleg å føla at di sorg provoserer andre. Det er som eg føler at me ikkje skal ha rett til å sørga. Hadde eg vore i Israel med familien no hadde eg vore i gravferd nesten kvar dag den siste veka. Det er vanskeleg å føla på at andre slit med at eg føler på den sorga over dei sivile liva fordi dei er på israelsk side, sa Haaland, som frykta kva som ville skje vidare i krigen.

Her kan du lesa heile intervjuet.


Maria (16) har vakse opp med bilete av Gaza på TV: – Ein endelaus blodig syklus

Portrett av ung jente

Maria Abdallah (16) og familien flykta frå Gazastripa då ho var lita.

Også fortvilinga til Maria Abdallah (16), som kom til Noreg som flyktning frå Gazastripa saman med familien som 3-åring, gjorde sterkt inntrykk. Ho fortalde om frykta og korleis det er å stadig sjå heimstaden til familien bli bomba på tv.

– Eg er redd for at ingenting skjer. Ikkje at det blir gløymt, men at det blir kosta under teppet og at Israel ikkje blir halde ansvarleg for dette, sa ho kort tid inn i krigen, som no har vara ein og ein halv månad.

Her kan du lesa heile intervjuet.