Klimaberedskap i Noreg: – Vi er ikkje førebudde

Noreg er for naive i møte med klimaendringane, meiner Margit Martinsen, talsperson for Grøn Ungdom.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Vi er vane med å tenke at klimaendringane handlar om varmare vêr, og tullar med at det vert deilig med lengre somrar. Men mange tenker ikkje over at klimaendringane i Noreg i stor grad handlar om flaum, tørke og ekstremvêr, seier Margit Martinsen (21), talsperson i Grøn Ungdom.

Ho er sjølv frå Solør i Innlandet, der ekstremvêret «Hans» gjorde store skadar og øydela ein demning tidlegare i år.

– Eg trur veldig mange ikkje greier å trekke linene frå det eine til det andre, og det speglar seg veldig godt att i politikken, seier Martinsen.

Meir regn og vind

Ifølge ei oversikt laga av Carbon Brief, som har henta data frå 70 fagfellevurderte klimastudiar, vil ikkje Skandinavia få særleg finare vêr om sommaren ved korkje 1,5 eller 3 gradars global oppvarming. Vi vil derimot få varmare vintrar, og mykje meir regn gjennom heile året.

Meir ekstremt vêr vil utfordre bygg, vegar og annan infrastruktur, og Martinsen trur ikkje Noreg er budd på endringane.

– Klimaberedskap er veldig underprioritert og har vore underkommunisert kjempelenge, seier ho.

Ho meiner viktige tiltak for å førebu seg på endringane, er å tenke på klimaberedskap i alle nye byggeprosjekt, og ta vare på natur som kan dempe effektane av ekstremvêr. Til dømes kan levande myrer, skogar og grøfter langs vegane dempe effektane av flaum eller tørke.

85 milliardar bakpå

Ifølge Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har Noreg behov for flaumsikring og rassikring for rundt 85 milliardar kroner. Dette gjeld bygg som er i fare for skred, flaum, erosjon og kvikkleireskred. NVE tek atterhald om at det kanskje ikkje er samfunnsmessig rasjonelt å gjennomføre alle desse tiltaka.

Margit Martinsen meiner at staten må legge meir pengar på bordet til flaum- og rassikring. Det er kommunane sjølve som må sette i verk desse tiltaka, og i dag må kommunane betale ein eigenandel. Martinsen trur meir ville blitt gjort om ein hadde fjerna eigenandelen.

Regjeringa har dessutan føreslått å kutte Klimasats-ordninga, som sidan 2016 har delt ut ein pott på 100 millionar kroner til kommunar som ønsker å kutte i utsleppa sine.

– Det er kommunane som har ansvaret for beredskapen og dannar førstelina. Det er veldig synd at kommune på kommune nedprioriterer klimaberedskap og -kutt fordi dei ikkje har sterk nok økonomi. Vi treng ordningar som insentiverer arbeidet for å ta vare på tryggleiken til innbyggarane i åra som kjem, slår ho fast.

Ho påpeiker at det er kommunane som har ansvaret for den praktiske gjennomføringa, men at staten har ansvaret for tryggleiken til innbyggarane sine. Det er like viktig at ein tek det ansvaret når det gjeld trugslar frå klimaendringar, som når det gjeld trugslar frå militære styrkar, meiner ho.

– Klimaberedskap føreset eit godt samarbeid mellom stat og kommune, men staten kan ikkje skyve ansvaret frå seg, seier ho.

Margit Martinsen er talsperson for Grøn Ungdom. | Foto: Grøn Ungdom

Vert nedprioritert

Martinsen slår fast at det er meir «sexy» i ein valkamp å love å bygge motorvegar enn å sikre det ein allereie har. Ho trur mange veljarar tar for gitt at politikarane er opptekne av beredskap. Men når veljarane ikkje viser at dei er opptekne av det, vert det også nedprioritert av politikarane meiner ho.

– Det er trist. Vi ser kva konsekvensar ekstremvêr har fått i Pakistan og Tyskland, og også i Noreg.

– Er vi nøydde til å venne oss til øydeleggande ekstremvêr?

– Det kjem an på kva politikarane gjer i dag og i år. Vi veit at vi framleis har tid til å bremse ein del av dei verste klimaendringane. Men det føreset at ein tør å gjere store grep, å omstille oss frå fossil til fornybar energi, å satse på grønt næringsliv, å gjere noko med overforbruket vårt, og å sikre at grøne val alltid løner seg. Det er det ganske få politikarar og parti som har planar som monnar for.

«Hans» herja – men det kunne ha vore verre

Ekstremvêret «Hans» gjekk hardt ut over fleire stader på aust- og innlandet. Cicero senter for klimaforsking skriv mellom anna om korleis flaumsikring av elva Rukkedøla i Hallingdal sparte bygda Nesbyen for katastrofe.

Cicero trekker fram viktigheita av klimatilpassing, men slår også fast at det kan vere vanskeleg å forankre og gjennomføre tiltak. Dei viser mellom anna til at klimatilpassing går på tvers av mange avdelingar i kommunen, og at få kommunar har ei eiga fulltidsstilling til jobben.

– Det er ei kjent sak for fleire kommunar at det er kostnader forbunde med klimatilpassingstiltak, og at det difor ofte vert trenert eller nedprioritert, fortel Cicero-forskar Mikkel Vindegg i ein artikkel på heimesida deira.

– Pengar, kapasitet og kompetanse er typiske hindringar, særleg for små kommunar. Dei store kommunane gjer det merkbart betre på tilpassing, og det har samanheng med personalressursar, slår han fast.

Ein fersk rapport viser at éin av ti kommunar i Noreg droppar klimatilpassingar.

Lærer av konsekvensar

Ragnhild Berge Feidje jobbar med klimaomstilling i Vestland fylkeskommune. Landsdelen har mange tettstader som er bygde i område med stor risiko for flaum og skred. Titusenvis av bygg og mange mil med vegstrekningar ligg på utsette stader der dei ikkje ville blitt plasserte med dagens kunnskap.

Fylkeskommunen jobbar med overordna regionale planar, arrangerer kurs og konferansar, og rådgir kommunane. Dei har ikkje ansvar for å gjennomføre konkrete sikringstiltak.

– Vi ser at dei områda som har opplevd ein konsekvens av klimaendringane, fokuserer mykje på beredskap etterpå. Til dømes, viss ein kommune har opplevd skred eller flaum, vil han ha eit auka fokus på det, seier ho.

Vestlandet har ein fordel i så måte at terrenget toler meir regn enn Innlandet og Austlandet: Grovt rekna toler Vestlandet dobbelt så mykje regn før det skapar problem. Men på den andre sida er kysten meir utsett for regn. Når vêret blir meir ekstremt, vil ein få ganske mange ekstremvêrhendingar på Vestlandet, slår Feidje fast.

Trugar mat og drikkevatn

Også Feidje påpeiker kor viktig det er å ta vare på natur for å bremse klimaendringane. I mange tilfelle vil til dømes ei myr vere ei naturleg hindring for flaum, og skog kan sikre mot nokre typar skred.

I tillegg til akutte hendingar som ras og flaum er fylkeskommunen oppteken av tryggleik for mat og drikkevatn. Nokre område har allereie opplevd problem med drikkevasstilførsla som følge av tørke. Dette er prosessar som er veldig skumle, men som kjem sakte krypande. Det er viktig å førebu seg på dei også, slår Feidje fast.

– Desse saktegåande effektane har vi ikkje opplevd så mange eksempel på endå. Då er det litt mindre fokus på dei, seier ho.

Ragnhild Berge Feidje. | Foto: Privat

– Må sjå heilskapen

Feidje fortel at fylkeskommunen er oppteken av å sjå det store biletet og jobbe med heilskapen.

– Vi kan ikkje sjå skred og flaum som isolerte hendingar. Vi må tenke over korleis vi planlegg rundt dette, og unngå å bygge risiko inn i samfunnet, seier ho.

Ho trekker også inn folkehelse og sosiale faktorar. Mange klimatiltak kan råke urettvist, og økonomien kan gjere at ikkje alle har moglegheit til å gjennomføre klimatiltak. Desse perspektiva er bakt inn i den fylkeskommunale klimaplanen.

– På den andre sida kan ein få vinn-vinn-effektar. Viss vi vil jobbe med overvatn i eit område, kan ein planlegge slik at ein samstundes bygger ein fin park. Det kan vere eit godt folkehelsetiltak samstundes som det er eit klimatiltak, seier ho.