Utdanning

«Eg vil ikkje lære om berre menn på skulen»

Eg skjønnar ikkje at ei så ny lærebok kan bli gitt ut utan at kvinnene eller folk utanfor Europa er med, skriv Sunniva (13) om KRLE-boka.

Sunniva Rose Jacobs Steinberg (13)
Elev ved Sunndal ungdomsskule
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette meiningsinnlegget vart først publisert hjå Klassekampen.

Eg går i åttandeklasse i Sunndal, og på skulen brukar vi Cappelen Damm si KRLE-bok frå 2022. I starten av denne boka er det ei tidslinje med kjente folk gjennom historia. Men det er berre kvite menn frå Europa som fyller opp tidslinja. 

Dette synest eg er urettferdig! Det at det ikkje er nokon kvinner eller menn frå andre land og kulturar er ikkje greitt, for dei har også ein plass i historia. 

Når gutane i klassa mi seier at alle store tenkarar er menn, så har ikkje eg noko svar på det, fordi det er jo det vi alle har lært!

quote-left

Det at det ikkje er nokon kvinner eller menn frå andre land og kulturar er ikkje greitt, for dei har også ein plass i historia. 

quote-right

Mennene på tidslinja følgjer oss gjennom heile boka. Det er nokre bilete der jenter eller kvinner er med, men ingen har namn eller er sitert.

Det er ikkje noko forord eller noko som forklarar kvifor forfattarane har vald berre menn og akkurat desse mennene. Til dømes er C.S. Lewis med på tidslinja, men Gandhi er ikkje det, sjølv om begge har viktige tankar om etikk. Sartre er der, men ikkje Simone de Beauvoir. Eg lurar på kvifor det er sånn.

På nettsida til Cappelen Damm står det om boka at dei vil at den skal inspirere til at alle skal få sjansen til å seie det dei meiner, men i læreboka er det berre menn som snakkar. Viss tidslinja var berre kvinner, ville det blitt tatt opp med éin gong, men vi har lært oss å akseptere at menn er dei som har gjort store ting i historia.

Ei lærebok har mykje makt. Den vel ut kva som er viktig for oss å lære og formar det vi tenker. Kvifor har Cappelen Damm berre valt menn? Damene har jo alltid vore her og fortener også å vere ein del av kvardagen til alle åttandeklassingar i Noreg. Eg har i alle fall veldig lyst til å lære om kva kvinner har gjort, tenkt og fått til. Og også kva dei ikkje har fått gjort, nettopp fordi dei var kvinner!

quote-left

Ei lærebok har mykje makt. Den vel ut kva som er viktig for oss å lære og formar det vi tenker.

quote-right

Cappelen Damm kjem med den tredje boka i denne KRLE-serien no i haust. Det er boka som skal til 10. klasse. Eg skjønnar ikkje at ei så ny lærebok kan bli gitt ut utan at kvinnene eller folk utanfor Europa er med.

Eg vil ikkje lære om berre menn på skulen og eg vil heller ikkje at gutane i klassa mi berre skal lære om menn. Eg vil ikkje at det kvinner og folk frå andre kulturar har tenkt og gjort skal bli gløymd.