Transpersonar brukar spleis.no for å få råd til kirurgi: – Urettferdig

Åshild Slåen
Publisert

– Eg var nettopp på ferie til Gran Canaria, og det var fyrste gongen eg var på ei strand utan BH og bikinitopp. Det var ei stor frigjerande kjensle.

Det seier Tiril Myhre Skår (25) når dei møter Framtida.no for ein prat. I haust tok dei ein såkalla toppkirurgi, der ein fjernar brysta, med pengar dei samla inn på Spleis.no.

Dei er ikkje nøgd med det medisinske tilbodet for ikkje-binære transpersonar i Noreg.

Kva vil det seie å vere ikkje-binær?

Enkelt forklart er ikkje-binære menneske som seier dei ikkje passar inn i eit system med berre to kjønn, mann eller kvinne, der du enten er berre det eine eller det andre.

For Skår tok det tid å lande på ikkje-binær som identitet, sjølv om dei kan sjå tilbake på teikn frå dei var barn. Dei var ikkje interessert i tradisjonelt feminine ting, og følte seg meir tilpass med gut som merkelapp.

– Men då eg vart eldre fekk eg ei breiare forståing av kjønn og kjønnsuttrykk. Ein må ikkje vere gut for å like ein ting og ein må ikkje vere jente for å like noko anna.

Dei summerer det slik:

På ein måte er eg veldig gut, men eg er også ikkje-gut. Eg har opplevd kvinnelegheit medan eg har vakse opp, samstundes som eg skulle ynskje at eg hadde ein meir maskulin oppvekst.

Når folk bruker ho-pronomen på grunn av namnet deira, følast det feil, samstundes som det ikkje verkar heilt korrekt når folk skal tenke på dei som gut.

Å finne ut av identiteten sin var godt for Skår, men det er avgrensingar i kor enkelt det er å leve identiteten fullt ut.

Kjønnsbekreftande behandling

Mobil i handa til nokon. På SKjermen er spleis.no oppe med innsamlingssida til Tiril Myhre Skår.

Skår brukte Spleis.no for å få råd til toppkirurgi. Dei nådde ikkje målet, men kunne spytte inn med akkurat nok sparepengar til at det gjekk. Foto: Åshild Slåen/Framtida.no

For nokre transpersonar er det nok å endre klesstil, frisyre, skifte namn, og be andre om å bruke spesifikke pronomen. I Noreg går det også an å skifte juridisk kjønn, men berre frå mann til kvinne og kvinne til mann.

Andre transpersonar vil ha medisinsk behandling, som kan inkludere både hormon og kirurgi. Tilgangen på dette i Noreg er meir avgrensa.

– Grunnen til at eg måtte gå ut og bruke ein spleis er fordi eg er ein ikkje-binær transperson. Det er ikkje noko den statlege helsetenesta aksepterer inn i sitt løp, seier Skår.

Den einaste offentlege helsetenesta som spesialiserer seg på medisinsk kjønnsbekreftande behandling av transpersonar er Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens (NBTK) ved Rikshospitalet i Oslo.

– Målet for den kjønnsbekreftande behandlinga er at pasienten opplever samsvar mellom identitet og kropp, færre avgrensingar for livsutfolding og auka livskvalitet, forklarar Kjersti Gulbrandsen, avdelingsleiar ved avdelinga for kjønnsidentitetsutgreiing av vaksne ved NBTK.

Behandlar ikkje ikkje-binære

Tal Aftenposten har henta inn frå i fjor viser at rekordmange ønsker medisinsk behandling ved NBTK. I 2022 vart 268 pasientar under 18 år vist til behandlingstenesta, ei auke på 13 prosent frå 2021. Blant vaksne var det ei auke på 19 prosent av pasientar under utgreiing og behandling.

Med mindre du er transmann eller transkvinne, har du ikkje tilgang på hormon eller kirurgi som kjønnsbekreftande behandling i den offentlege helsetenesta. Gulbrandsen grunngjev dette med at dei manglar dokumentasjon for at slik behandling gir gode resultat.

– Per i dag vurderast det ikkje å ligg føre tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag eller evidens for at hormonell og/eller kirurgisk kjønnsbekreftande behandling er rett eller effektiv behandling av andre kjønnsidentitetsopplevingar, inkludert ikkje-binær kjønnsidentitet.

– Eksisterer det eit offisielt statleg helsetilbod i Noreg som tilbyr kjønnsbekreftande behandling for ikkje-binære?

– Nei.

Ho viser vidare til kommunale og regionale tilbod for personar som slit med kjønnsinkongruens.

– Regionale senter for kjønnsinkongruens i helse Midt, Vest og Nord er under etablering og vil kunne tilby unge med kjønnsinkongruens psykososial oppfølging. Det finst tilbod om psykososial oppfølging og støtte til unge med kjønnsinkongruens i kommunehelsetenesta fleire stader i landet.

(Les heile tilsvaret til NBTK nedst i saka.)

Kirurgi eller ingenting

For Skår tydde det at dei måtte gå andre vegar.

– Eg visste for mange år sidan at eg ikkje var tilfreds med desse brysta. Former til ei tradisjonell kvinne, det ville eg ikkje ha.

Då dei var yngre tenkte Skår at det var vanleg, og at alle kvinner av og til ikkje vil ha bryst. Det fall dei ikkje inn før seinare at ubehaget dei kjente på var dysfori som kunne behandlast med kirurgi.

– Då eg fyrst innsåg at dette faktisk er noko eg må ta, då var eg på ein veldig mørk stad i livet mitt. Det var anten det eller ingenting.

Person stirer ut av biletet.

For Tiril Myhre Skår var toppkirurgi livsviktig. Dei fortel at det var ein periode der det sto mellom det eller å ikkje leve. Foto: Åshild SLåen/Framtida.no

Likevel såg dei ikkje på kirurgi som ei moglegheit, før dei såg andre ikkje-binære som hadde gjennomført det. Dersom dei samla inn nok pengar, kunne dei få råd til behandling.

– Eg fekk mest positive tilbakemeldingar på spleisen, men det var sjølvsagt også nokre negative.

Totalt samla dei inn 35 900 av dei 57 000 kronene dei tenkte det kom til å koste. Det var nok til at dei kunne finansiere resten sjølv.

Eg synest det var ganske skummelt, no sat eg på ein ganske stor pengesum, som på ein måte bestod av berre medynk. Og pengane var rett inn og rett ut, for alt vart brukt til operasjonen.

Auke dei siste åra

Framtida.no har vore i kontakt med Spleis.no for å få ei oversikt over innsamlingsaksjonar til kjønnsbekreftande behandling.

Kommunikasjonssjef Tone Mesna fortel at dei fleste slike innsamlingar har skjedd dei siste to åra.

– Hittil er det blitt samla inn til 24 spleisar, fordelt over dei siste åra. Til samen har det blitt samla inn 578 842 kroner, og innsamlingane er primært gjort i 2022 og 2023.

Det skriv Tone Mesna, kommunikasjonssjef for spleis.no, på ein e-post til Framtida når vi spør.

Innsamlingane fordeler seg slik: Det var ei innsamling i 2019, fjorten i 2022 og allereie ni år. Fire frå dei ni i år er ikkje avslutta.

Beløpa samla inn varierer frå like under tusenlappen til over 60 000 kroner.

Må utlevere seg sjølv

Skår er altså ikkje den einaste som har tydd til kronerulling for å få råd til behandling.

Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI) kan stadfeste at dette ikkje er uvanleg.

Ung mann med svart skjorte med ein variant av regnbogeflagget brodert på skjorta ser inn i kamerat.

Isak Bradley er leiar i Pasientorganisasjonen for Kjønnsinkongruens (PKI) Foto: Helge Brekke / PKI

– Eg har personleg hjelpt med å samle inn pengar til medisinsk behandling for mellom 10 og 20 personar, men eg veit om enda fleire som har hatt kronerulling gjennom forskjellige plattformer, seier PKI-leiar Isak Bradley på telefon med Framtida.

Bradley understrekar at det er ei belasting for personane det gjeld å måtte stå fram på nettet.

– Du må vere veldig utleverande med di eiga personlege historie, og kor mykje du får inn handlar om kor godt nettverket ditt er. Og det er ukomfortabelt å be om pengar.

Tone Mesna frå Spleis.no påpeiker at ein må identifisere seg med Bank-id i portalen deira for å ha ei innsamling, så det er vanskeleg å vere anonym med mindre ein får andre til å gjennomføre innsamlinga.

Ho kan ikkje vise til konkrete tal på at utleverande historier samlar inn meir pengar, likevel utelukkar ho det ikkje.

– Ein av faktorane for å lukkast med ei innsamling er å skrive ein overtydande tekst og få folk til å sette seg inn i situasjonen din, og det kan vere vanskeleg å forfatte ein slik tekst utan å utlevere seg sjølv og sin situasjon i noka grad.

Kven har ansvaret?

Bradley frå PKI er frustrert over at slik kronerulling er nødvendig, og synast ikkje NBTK tek det ansvaret dei burde for pasientgruppa hans, spesielt ikkje-binære. Han påpeiker at det regionale tilbodet som blir etablert berre gjeld for yngre personar, og at ein ikkje kan rekne med hjelp dersom ein er vaksen.

– Det er dei som er nasjonalt kompetansesenter. Dersom dei ikkje tek ansvar, kven gjer det då?

Framtida.no spør Kjersti Gulbrandsen ved NBTK kva dei tenkjer om at transpersonar brukar spleis.no for å finansiere behandling privat, enten i Noreg eller utlandet.

– Høgspesialisert kjønnsbekreftande behandling bør ikkje tilbydast dersom det ikkje ligg føre ein klar indikasjon og utan at det er gjennomført ei grundig biopsykososial utgreiing i forkant, svarar ho i e-posten.

– Kjensla av å bli diskriminert

Person sit i sofa og ser ned.

Tiril kunne glede seg over fleire støttande kommentarar på spleisen, sjølv om det også kom litt negative ting. Foto: Åshild Slåen/Framtida.no

Bilete av hand med mobil. På skjermen er fleire støttande kommentarar.

Skår fekk fleire støttande kommentarar på spleisen sin. Foto: Åshild Slåen/Framtida.no

For Skår er livet betre no, enn før operasjonen. Likevel synast dei det er dumt at det norske helsevesenet ikkje er betre lagt opp for ikkje-binære.

– Vi skulle hatt eit desentralisert tilbod. At det ikkje berre er ein åleine som bestemmer om du skal ha behandling eller ikkje.

Dei ville gjerne hatt tilbod i fleire regionar enn Oslo, og med moglegheit til å velje eit anna statleg tilbod dersom ei har ei dårleg oppleving ein stad.

Skår påpeiker at ikkje alle har same miljø og støtteapparat for å få råd til behandling i same situasjon.

– Ein kjenner jo på kjensla av å bli diskriminert av det statlege, og det må det skje noko med.


Svaret frå NBTK, ved Kjersti Guldbrandsen, avdelingsleiar ved avdelinga for kjønnsidentitetsutgreiing for vaksne: (Trykk for å utvide)

– Kven er NBTK sitt tilbod for?

NBTK sitt mandat er å tilby høgspesialisert kjønnsbekreftande behandling, dvs. dei medisinske og/ eller kirurgiske behandlingstiltak med føremål å feminisere eller maskulinisere personar med alvorleg kjønnsdysfori og som oppfyller kriteria for diagnosen Z 76.80 (ICD-10) i samsvar med vedkommande sin kjønnsidentitet, som mann eller kvinne. Målet for den kjønnsbekreftande behandlinga er at pasienten opplever samsvar mellom identitet og kropp, færre avgrensingar for livsutfalding og auka livskvalitet.

Det tilbydast ikkje kjønnsbekreftande behandling ved NBTK til personar som ikkje oppfyller kriteria for diagnosen Z 76.80, då det per i dag vurderast ikkje å ligge føre tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag eller evidens for at hormonell og/ eller kirurgisk kjønnsbekreftande behandling er rett eller effektiv behandling av andre kjønnsidentitetsopplevingar, inkl. ikkje-binær kjønnsidentitet.

Etter pasient- og brukarrettigheitslova § 2–1 b andre ledd har pasientar rett til nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Ein pasients rett til nødvendig helsehjelp blir bestemt av kva som fell inn under omgrepet helsehjelp og kva hjelp som er nødvendig. Det avgjerande vil vere pasientens behov ut frå ei helsefagleg vurdering. Dersom ein pasient har krav på nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta, er det sjukehuset som må vurdere, og i utgangspunktet avgjere, kva slags helsehjelp som skal tilbydast, ut frå det tilbod og dei ressursar som ligg føre.

Helsehjelpa skal vere dokumentert effektiv, og det skal ligge føre vitskapeleg dokumentasjon for at pasientens tilstand kan forbetrast som følge av behandling i spesialisthelsetenesta. Det ligg vidare innebygd ei kost-nytte vurdering i kva som er å sjå som «nødvendig helsehjelp fra spesialisthelsetjenesten». Vilkåra er nærmare presisert i prioriteringsforskrifta (HOD, 01.01.2001). Forventa nytte vurderast ut frå om kunnskapsbasert praksis tilseier at helsehjelpa kan auke pasientens livslengd og/eller livskvalitet gjennom å gi auka sannsyn for (a) overleving eller redusert funksjonstap, (b) fysisk eller psykisk funksjonsforbetring eller (c) reduksjon av smerter, fysisk eller psykisk ubehag. Innhaldet i helsehjelpa må også vere basert på ein forsvarleg standard.

Til sist gjeld, ved alle avgjerder om medisinsk behandling, «å intet skade»-prinsippet. Forsvarlegheitskravet er forankra i helsepersonellova § 4, spesialisthelsetenestelova § 2–2 og helse- og omsorgstenestelova § 4–1 og retten til nødvendig helsehjelp som følger av særlovgjevinga, jf. Pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1b. Forsvarlegheitskravet skal alltid ligge til grunn for val og gjennomføring av både utgreiing og behandling. Kravet er ein rettsleg standard som endrast i tråd med medisinsk og teknologisk utvikling.

– Kva synast de om at ein privat aktør tilbyr ein slik kirurgi?

Når det gjeld nasjonale behandlingstenester i spesialisthelsetenesta så er desse regulert i lov; Forskrift nr. 1706 av 17. desember 2010 om godkjenning av sjukehus, bruk av nemninga universitetssjukehus og nasjonale tenester i spesialisthelsetenester, kap. 4.

Lovverket rangerast etter følgjande hierarkiske inndeling; grunnlov, nasjonal lov og forskrift. Ei forskrift er ei rettsleg bindande regulering som må ha heimel i lov. Å bryte forskrifter kan vere straffbart.

Felles for alle nasjonale behandlingstenester, inkl. NBTK, er at det dreier seg om tilbod om utgreiing og behandling av ei lita gruppe pasientar som har behov for høgspesialisert kompetanse eller bruk av avansert medisinsk utstyr. Det er eit mål at styringssystemet både varetar nasjonale heilskaplege kvalitetsomsyn, sikrar rasjonell ressursutnytting på nasjonalt nivå, og legger til rette for ein likeverdig tilgang til kompetanse og høgspesialisert pasientbehandling av høy kvalitet.

Føresegna inneber at berre dei helseføretak som er gitt ansvar for ei nasjonal eller fleirregional behandlingsteneste skal drive høgspesialisert pasientbehandling innanfor det fagområdet som tenesta er godkjent for. Alle andre sjukehus og helseføretak forpliktast å vise pasientar til det behandlingstilbodet den nasjonale/fleirregionale behandlingstenesta er gitt ansvar for.

 – Kva tenker de om at transpersonar brukar spleis.no for å finansiere behandling privat, enten i Noreg eller utlandet?

Høgspesialisert kjønnsbekreftande behandling bør ikkje tilbydast dersom det ikkje ligg føre ein klar indikasjon og utan at det er gjennomført ei grundig biopsykososial utgreiing i forkant.

Kvar i det norske helsevesenet burde ikkje-binære personar som meiner dei treng medisinsk behandling spesifikt for kjønnsinkongruens eller dysfori vende seg?

Regionale senter for kjønnsinkongruens (KI) i helse Midt, Vest og Nord er under etablering og vil kunne tilby unge med kjønnsinkongruens psykososial oppfølging. Det finst tilbod om psykososial oppfølging og støtte til unge med kjønnsinkongruens i kommunehelsetenesta fleire stader i landet.

– Eksisterer det eit offisielt statleg helsetilbod i Noreg som tilbyr kjønnsbekreftande behandling for ikkje-binære?

Nei

– I mars skreiv Aftenposten om at rekordmange ønsker kjønnsbekreftande behandling. Har NBTK kapasitet og ressursar til å gi eit godt tilbod til alle pasientane slik situasjonen er no?

Behandlingstenesta har dei siste åra opplevd kapasitetsutfordringar grunna ein auke i antal viste pasientar og har blitt kompensert med fleire stillingar.

NBTK ønsker å yte pasientane sikre og føreseielege forløp og jobbar kontinuerleg med forbetring av tenesta.


Fritt Ord-logo, blåDenne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Jane-Victorius Bonsaksen (Foto: Ingvild Eide Leirfall), Markus Farstad Andersen, Kajsa Elvestad Andersen, Stian Antonsen, Ine Harsten, Marianne Støle-Nilsen, Maja Brannstorph (foto: @firecroft) og Finn Schjøll (foto: Eivind Senneset/TV2).

Ordliste for transtematikk

  • Kjønnsinkongruens er det medisinske ordet på opplevinga mange transpersonar har. Dette er når ein person opplever at kjønnsidentiteten deira ikkje stemmer overeins med kroppen deira.
  • Kjønnsdysfori er det ubehaget personar med kjønnsinkongruens opplever fordi kroppen deira ikkje stemmer overeins med kjønnsidentiteten deira.
  • Kjønnsbekreftande behandling er behandling som har som mål å få kroppen til å stemme betre overeins med kjønnsidentiteten til ein person.
  • Ikkje-binær er ein kjønnsidentitet som vil seie at ein person ikkje identifiserer seg utelukkande med enten mann eller kvinne kjønn.
  • Juridisk kjønn er kjønnet du har i dei juridiske dokumenta dine, som til dømes passet ditt.

Kjelde: SNL