Med prisvekst, brennheite samfunnsdebattar om transpersonar, skytevåpen og ein nyleg dom mot ein av kandidatane som bakteppe, møtest sju håpefulle republikanarar til debatt natt til torsdag.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Natt til torsdag norsk tid møtest sju håpefulle republikanarar til debatt på scenen i Ronald Reagan Presidential Library i California.

Kandidatane som oppfyller krava for å delta er Ron DeSantis, Vivek Ramaswamy, Nikki Haley, Mike Pence, Chris Christie, Tim Scott og Doug Burgum. Merkbart fråverande frå scenen, blir Donald Trump.

Eitt av krava set kjeppar i hjula for den tidlegare presidenten, som helst skulle sett seg innsett i det kvite hus og ikkje i eit føderalt fengsel frå januar 2025; eit løfte om å støtte den som blir vald, uansett kven det ender opp med å vera.

Kven får delta i debatten?

For å få innpass på scenen under den andre republikanske debatten må kandidatane oppfylla tre krav innan 48 timar før debatten startar. Dei må:

  • Ha minimum 3 % oppslutnad på to nasjonale meiningsmålingar
  • Ha minimum 50 000 unike donatorar med 200 unike donatorar frå minst 20 delstatar
  • Sverja å gje si støtte til den kandidaten som blir vald, uansett kven det måtte vera
Foto: Gage Skidmore via Flickr

Trump om viktige saker

Klimaendringar

Trump er stor tilhengjar av fossilt brensel.

Tidleg i den fyrste perioden sin som president trekte han USA ut av Parisavtalen, ein avtale som skulle plikta medlemslanda til å redusera utslepp og global oppvarming. Vidare i funksjonstida si, trekte den tidlegare presidenten tilbake over 100 lovar og reglar knytt til naturvern og miljø.

Trump har ikkje gjeve teikn til at politikken hans på området vil endra seg om han skulle bli vald til ein ny periode.

Krigen i Ukraina

Trump meiner krigen ikkje er ei viktig sak for USA, men hevdar han kan få slutt på den innan 24 timar.

Trump har uttalt seg fleire gongar om krigen i Ukraina. I starten av krigen rosa han Putin for eit «genialt» strategisk trekk. Han har sidan gått tilbake på rosen, og meiner no at krigen må ta slutt.

Om USA framleis vil senda stønad til Ukraina dersom han skulle bli vald på ny har han ikkje teke stilling til, men han hevdar at han vil gjera slutt på krigen innan 24 timar om han blir vald.

Abort

Han utnemnde dommarane som trekte tilbake Roe v. Wade, men svarer ikkje på spørsmål om nye lovar.

Trump sin posisjon på abortlovgjeving er like vanskeleg å nøste opp i som resten. Sjølv om det var han som utnemnde høgsterettsdommarane som gjorde tilbaketrekkinga av Roe v. Wade mogeleg, er han ikkje særs uttalt om sin eigen posisjon i saka.

Lekkasjar frå private samtalar hintar til at mannen som er ansvarleg for tilbaketrekkinga av Roe sjølv meiner hard politikk mot abort kan skada både han og partiet i kommande val. På spørsmål om eit mogeleg føderalt abortforbod kastar han som regel ballen vidare til delstatane, og seier det heller bør avgjerast på lågare nivå.

 

Den tidlegare presidenten blir ikkje å sjå på debattscenen denne veka, då han ikkje har lova å støtta kandidaten som står igjen til slutt om det ikkje blir han. Aksept av valresultat er nok eit sårt tema for Trump, som for augneblinken står midt i fleire rettssaker om nettopp aksept og utfordring av valresultat frå førre val.

Trump ligg klårt i teten med støtte frå 55,2 % av republikanarar på meiningsmålingane pr. 26. september.

Foto: Gage Skidmore via Flickr
Foto: Gage Skidmore via Flickr

DeSantis om viktige saker

Klimaendringar

DeSantis har arbeidd for å tilpassa Florida til klimaendringane, men har gjort lite for å motverka dei.

DeSantis er guvernør i delstaten Florida, eitt av områda i USA som ser ut til å bli hardast råka av både temperaturendringar og stigande havnivå. Som guvernør har han sett i verk fleire tiltak for å tilpassa infrastruktur til klimaendringar, men viser låg til ingen innsats for å motverka endringane.

Under eit intervju kalla han bekymringar for klimaendringar for venstresidegreier. Sidan har han uttalt «eg har alltid stått imot politisering av vêret».

DeSantis, lik Trump, er tilhengar av fossilt brensel, noko han meiner er naudsynt for å fremja amerikansk industri.

Krigen i Ukraina

DeSantis meiner at krigen ikkje er ei nøkkelinteresse for USA.

DeSantis er motstandar av å senda stønad til Ukraina i den grad USA gjer no. Han meiner heller at Europa bør bera meir av lasta når det kjem til finansiering av Ukrainas innsats i krigen.

I eit intervju kalla DeSantis krigen ein territoriell tvist, noko han fekk mykje kritikk frå både motstandarar og partifellar for. Sidan har han gått tilbake på omtala, og karakteriserer no krigen som ein invasjon. DeSantis meiner at krigen ikkje er ei nøkkelinteresse for USA, og at investeringane frå nasjonalbudsjettet bør spegla det.

Abort

Han er tilhengar av statleg forbod etter seks veker, men er tvitydig i svara sine om nasjonale innstrammingar.

DeSantis er motstandar av fri tilgang til abort, og har sjølv implementert lovar som regulerer aborttilgang i Florida der han er guvernør. I april stramma han inn tilgangen på abort og sat ei grense ved seks veker, halvparten av tidsrommet som gjaldt tidlegare.

Trass i strengt lovverk i Florida, har ikkje DeSantis teke eit standpunkt på føderale lovar og reglar når det kjem til abort.

Planlegg store kutt

Guvernøren er tilhengjar av å strippa makt og middel frå offentlege etatar og har lova å leggja ned skatteetaten, og dessutan utdannings-, handels- og energidepartementa. Ved å gjera det håpar han å «fundamentalt rekonstitusjonalisera myndigheitene». På dette området er DeSantis slåande lik på Trump sine valløfte frå 2016, då den tidlegare presidenten snakka om å «drain the swamp», å fjerna korrupsjonen i Washington.

DeSantis meiner Trump ikkje gjorde ein god nok jobb med å tømma sumpen.

Florida-guvernøren er den kandidaten som har innhenta mest frå donasjonar, men går sakte nedover på meiningsmålingane. Ved årsskiftet sa 40,5 % av veljarane at dei ville støtta DeSantis, no sit han med 13,9 % av oppslutninga blant republikanske veljarar, som set han på 2.-plass i dei siste målingane før debatten.

Foto: Gage Skidmore via Flickr
Foto: Gage Skidmore via Flickr

Ramaswamy om viktige saker

Klimaendringar

Ramaswamy trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar.

Under den fyrste republikanske debatten i august fekk kandidatane spørsmål frå ein yngre veljar om korleis dei stiller seg til det han såg på som den største saka for den yngre generasjonen; klimaendringane. Ramaswamy skilde seg ut frå mengda ved å kalla klimaendringane ein bløff og å hevda at tiltak for å bremsa klimaendringar drep fleire enn klimaendringane gjer. Svaret hans vart møtt med kraftig buing frå publikum.

Krigen i Ukraina

Ramaswamy ønskjer å kutta all stønad til Ukraina. 

Han ønskjer heller å inngå ein avtale med Putin om å avslutta krigen, som vil involvera at Ukraina gjev frå seg store delar av Donbas-regionen i byte mot eit løfte om å ikkje invadera Nato-land.

Entreprenøren meiner USA og Nato sin stønad til Ukraina bidreg til å dytta Russland og Putin nærare Kina, som han ser på som eit større problem enn invasjonen av Ukraina. Under debatten i august skulda han fleire av motkandidatane sine for å prioritera Ukrainas sjølvstende over USAs eigne grenser.

Abort

Ramaswamy meiner statane bør få innføra forbod etter seks veker.

Han kallar seg sjølv pro-life, eit omgrep som blir brukt om abortmotstandarar. Han er ikkje tilhengar av eit nasjonalt forbod, som han har sagt ikkje gjev meining for landet. Ramaswamy ser heller at saka blir send vidare til delstatane. Han linkar spørsmålet om abort til mord, som har ulike strafferammer i ulike delstatar.

Under debatten gjorde han stor figur med harde standpunkt på kjønn, klima og woke, som er kjernen i kampanjen hans.

Historisk ung

Om han blir vald, vil Ramaswamy bli den yngste presidenten nokosinne, med ein alder på 39 ved innsettingsdatoen i 2025. Trass sin eigen unge alder ønskjer Ramaswamy å auka aldersgrensa for å stemma frå 18 til 25 år, med unntak for dei som melder seg til militær teneste.

Han ønskjer òg å fjerna retten til statsborgarskap for barn som blir fødde på amerikansk jord til utanlandske foreldre. Ramaswamy har sjølv nytt godt av denne ordninga, då han fekk sitt eige statsborgarskap ved fødsel trass i at ingen av foreldra hans hadde statsborgarskap.

Ramaswamy kjempar foreløpig om 3.-plassen mot Nikki Haley. I siste måling før debatten har han tent opp tilliten frå 5,9 % av republikanske veljarar, som set han på 4. plass.

Foto: Gage Skidmore via Flickr
Foto: Gage Skidmore

Haley om viktige saker

Klimaendringar

Haley støttar karbonfangsttiltak, men ikkje tiltak for å bremsa utslepp.

Haley har anerkjend at klimaendringane er både ekte og menneskeskapte, men har òg kalla tiltak for å redusera utslepp «for liberale». 

Ho var USAs FN-ambassadør under Trump og spela ei viktig rolle i å trekka USA ut av Parisavtalen. I ei pressemelding frå 2017 sa ho at å trekka seg frå Parisavtala ikkje ville bety at USA ville slutta med miljøvern.

Under debatten i august svara Haley på spørsmålet om klimaendringar ved å kasta ballen over til Kina og India, som ho meiner bør ta ein større del av ansvaret for å senka globale utslepp.

Haley er stor tilhengjar av karbonfangst og -lagring; eit tiltak mange meiner kan bremsa klimaendringane samstundes som ein kan halda fram med å nytta fossile brensel.

Krigen i Ukraina

Haley meiner Biden har gjort for lite.

Haley skil seg frå fleire av motkandidatane sine ved å meine at det er i USAs beste interesse å få slutt på krigen i Ukraina. Ho meiner ein siger for Ukraina er «ein siger for oss alle» og har kalla Russland for fiende og Putin ein tyrann.

Ho har tidlegare kalla Biden sin innsats for å hjelpa Ukraina svak og treig. Haley ønskjer å sleppe Ukraina inn i Nato no heller enn å venta til krigen er over.

Abort

Haley innførte 20-vekers grense og ønskjer breiare tilgang til prevensjon.

Som guvernør i delstaten Iowa har Haley underskrive abortforbod etter 20 veker, men ho meiner ei nasjonal grense ikkje er gjennomførbar. Haley meiner det ikkje er sannsynleg at kongressen hadde vedteke ei grense, men har lova å underskriva eit forbod om det skulle hamna på pulten hennar som president.

Fyrste kvinne

Haley fekk nasjonal merksemd då ho vart utnemnd til FN-ambassadør av Trump. Som ambassadør var Haley ein nøkkelperson i å dra USA ut av Parisavtala, Iran-avtala og FNs menneskerettsråd mellom 2017 og 2018.

Om Haley skulle bli vald, blir ho den fyrste indisk-amerikanske og fyrste kvinnelege presidenten i USA.

I dei siste målingane før debatten ligg ho på ein ustabil 3.-plass med 6 % oppslutning blant republikanske veljarar, berre 0,1 % framfor Ramaswamy.

Nikki Haley | Foto: Gage Skidmore
Foto: Gage Skidmore via Flickr

Pence om viktige tema

Klimaendringar

Pence meiner bekymringar om klimakrisa er overdrivne og vil prioritera energiproduksjon i USA.

Den tidlegare visepresidenten har lagt fram ein plan for energiproduksjon som han ønskjer å setja i verk om han blir president. Ifølgje planen skal han reversera restriksjonane på olje- og gassproduksjon og innsatsar for å kutta i metangassutslepp som sitjande president Joe Biden har sett i verk. Pence sin plan involverer òg å investera breitt i både grøn og fossil energiproduksjon på amerikansk jord.

Pence har tidlegare ytra at natur- og miljøpolitikken som vart ført under Trump-regjeringa, då Pence var visepresident, ikkje gjorde skade på klimaet. Dette er noko klimaforskarar avkreftar.

Krigen i Ukraina

Pence støttar militær stønad til Ukraina.

Mike Pence er ein av to kandidatar som har reist til Ukraina for å møta med Ukrainske styrkar og politikarar. Pence har, lik med Haley, vore tydeleg i å meine at stønad til Ukraina sender sterke signal til Kina om at «USA og Vesten vil ikkje tolerera bruk av militær styrke for å teikna nye internasjonale linjer». Pence var raskt ute for å kritisera Trump sine utspel om at Putin er eit geni, og understreka at han kunne «skilnaden mellom eit geni og ein krigsforbrytar»

Pence ønskjer ikkje å senda amerikanske styrkar til Ukraina, og ønskjer heller ikkje ukrainsk Nato-medlemskap før krigen er over.

Abort

Pence ønskjer å kriminalisera abort.

Den tidlegare visepresidenten ønskjer å innføra eit nasjonalt forbod mot abort i alle tilfelle. Han har tidlegare støtta lovforslag om å avgrensa tilgang på abort utover seks veker, til og med i tilfelle der fosteret ikkje er levedyktig. Han er stor tilhengjar av å gje foster status som fullverdige menneskje med alle rettar det medfører.

Pence har uttalt støtta å forby sal av nødprevensjon og medikamentell abort, som ofte blir nytta tidleg i ein graviditet.

Kyrkje-og-stat

Pence sin ideologi er tett knytt til hans eigne religiøse synspunkt. Som evangelisk kristen er han sterk motstandar av abort i alle situasjonar, ønskjer å stenga ute transpersonar frå militæret og har fleire gongar argumentert mot lovgjeving som beskyttar LHBT-personar frå diskriminering på arbeidsplassen.

På siste måling før debatten ligg Pence på 5.-plass med 4,4 % oppslutning blant republikanske veljarar.

Foto: Gage Skidmore via Flickr
Foto: Gage Skidmore via Flickr

Scott om viktige tema

Klimaendringar

Anerkjenner klimaendringar, men ønskjer ikkje å stoppa dei.

Senatoren frå Sør-Carolina har tidlegare anerkjend at klimaendringane skjer og at menneskje er mykje av grunnen til dei. Den gong sa han at ein måtte bu under ein stein for å ikkje få dette med seg.

Scott meiner likevel at ein ikkje bør ha hastverk med å innføra tiltak for å bremsa endringane, og føretrekker heller å fokusera på tryggleik på grensa mot Mexico, som han meiner er eit større problem.

Scott har vore motstandar av dei fleste tiltak for å kutta i CO₂-utslepp dei siste åra og stemte mot Biden-administrasjonen sin investeringsplan i grøn energi. Om Scott blir president ønskjer han å trekka tilbake alle reguleringane på energisektoren som Biden-administrasjonen har sett på plass.

Krigen i Ukraina

Scott støttar militær stønad til Ukraina, og meiner Biden-administrasjonen ikkje har gjort nok.

Scott meiner USA kom for seint på banen med stønad til Ukraina. Allereie i mars 2022 uttrykte han at kampen i Ukraina handla om «prinsippa som Amerika alltid har kjempa for». Seinare i 2022 stemte Scott for å utvida stønaden til Ukraina utover forslaget som Biden-administrasjonen la fram, og har skulda Biden for å venta for lenge med å gje for lite.

Abort

Scott ønskjer abortforbod etter 15 veker, kanskje mindre.

Scott bekrefta tidlegare i år at han støttar forslag om ei nasjonal grense ved 15 veker for tilgang på abort. Mykje tyder på at senatoren òg ville ha innført eit strengare lovverk om han hadde mogelegheita til det. Under eit intervju hevda han at han ville signera det mest konservative pro-life-lovverket som kunne finnast.

Scott var med på å introdusera eit lovforslag til kongressen som ville gjeve alle foster grunnlovsfesta rett til liv frå augneblinken eit egg er fertilisert, og med det gjort abort til drap i lovas auge.

Han vart fyrst utnemd som senator av Nikki Haley og vart seinare vald av innbyggjarane i Sør-Carolina med over 60 % av stemmene. Scott og Haley har jobba mykje saman. Best kjend er arbeidet deira for å fjerna sørstatsflagget frå hovudstadsbygget.

Scott seier sjølv at politikken han vil føra ikkje skil seg frå Donald Trump på mange punkt. Han har òg rosa den tidlegare presidenten og sagt han er takksam for at Trump blei vald i 2016. Scott ligg foreløpig på 7.-plass i målingane med 2,8 % oppslutning blant republikanarane.

Foto: Gage Skidmore via Flickr
Foto: Gage Skidmore via Flickr

Christie om viktige tema

Klimaendringar

Christie støttar tiltak for å bremsa klimaendringar.

Den tidlegare guvernøren sa allereie i 2011 at det er «på tide å lytta når 90 % av ekspertane seier klimaendringar skjer og er menneskeskapte». Christie har uttrykt at han er open for å redusera utslepp og motivert for å forhandla med Kina om klimaendringane.

Christie har uttalt at han ønskjer å halda fram med bruk og produksjon av olje og gass til ei tid der det er meir aksept kring atomkraft og sol- og vindkraft er betre utvikla.

Som guvernør i New Jersey la Christie ned forbod mot å opning av nye kolkraftverk og jobba for å etablera havvindparkar utanfor kysten av delstaten. Havvindparkane blei likevel aldri verkelege. 

Krigen i Ukraina

Christie støttar militær stønad til Ukraina.

Christie er den andre kandidaten, etter Pence, som har reist til Ukraina for å møta ukrainske styrkar og Zelenskyj. Christie meiner USA bør halda fram med stønaden til Ukraina heilt til krigen er over.

Under debatten i august understreka han likevel at stønaden ikkje kan halda fram på ubestemt tid, og er open for at USA medverkar i forhandlingar med Russland på eit tidspunkt der Ukraina kan beskytta områda sine på eiga hand.

Abort

Christie ønskjer ikkje nasjonalt abortforbod, med mindre delstatane blir samde.

Christie har uttalt at han, som president, ikkje hadde underskrive eit abortforbod med mindre alle 50 delstatane ber han om det, noko han ikkje trur at kjem til å hende.

Trump-kritikar

Christie var ein av Trump sine største tilhengjarar fram til 6. januar 2021. Etter det har Christie uttalt seg fleire gongar som motstandar av den tidlegare presidenten. Han kalla Trumps oppførsel i vekene etter opprøret «heilt uakseptabel», og sa vidare at «Valet var ikkje stelt. Han tapte».

Christie held for augneblinken fast i 6.-plassen med 3,0 % på målingane. Sjølv med historisk låge tal på målingane held Christie fast ved kandidaturet sitt. Rolla hans i løpet er gjerne heller som ein utfordrar, då han er ein av få som under førre debatt ytra misnøye med Trump sine utspel og handlingar dei siste åra.

Foto: Gage Skidmore via Flickr
Foto: Doug Burgum for America

Burgum om viktige tema

Klimaendringar

Burgum støtta karbonfangst som guvernør.

I rolla som guvernør i Nord-Dakota har Burgum arbeidd for å motverka klimaendringane og etablert karbonnøytralitet som mål innan 2030 for delstaten.

Burgum er tilhengjar av karbonfangst- og lagring, som han meiner vil frikjøpa staten frå å fasa ut olje og gass. Burgum har likevel sagt lite om korleis han vil imøtekomma klimaendringane og utfordringane som følgjer med dersom han blir vald.

Krigen i Ukraina

Burgum støttar stønad, så lenge han får kvittering. 

Guvernøren har gått hardt ut mot både Putin og Russland, og kalla ukrainsk tap «ein siger for både Russland og Kina». Burgum meiner USA bør halda fram med å gje stønad til Ukraina, men berre om mottakarlandet kan gje grundig oversikt over kva «kvar einaste dollar» blir brukt på.

Abort

Nær-ulovleggjorde abort i eigen delstat, men ønskjer ikkje nasjonalt forbod.

Som guvernør innførte Burgum ei ny abortlov i Nord-Dakota som ulovleggjer abort gjennom heile svangerskapet for dei aller fleste. Dei einaste unntaka for lova er i tilfelle av incest og overgrep, men berre innan dei fyrste seks vekene, og seinare om liv og helse står i fare.

Burgum ønskjer likevel ikkje å innføra eit nasjonalt forbod, då han er redd det set ein presedens for ovanfrå-og-ned-styring.

Burgum er den lågast rangerte kandidaten som er invitert til den andre debatten. Med berre 1,1 % av dei republikanske veljarane på si side i kumulative målingar, er det lite truleg at me kjem til å sjå Doug Burgum som president i nær framtid.

Sjølv om sjansen for siger er liten, har Burgum sagt at han ikkje vil akseptera tilbod om å bli visepresident eller minister om han ikkje vinn nominasjonen.

Burgum held 8.-plassen på lista, 0,6 % framfor Asa Hutchinson og 0,8 % framfor den lågast rangerte i løpet: Will Hurd.

Foto: Doug Burgum for America

Debatten blir send direkte på Fox News sine kanalar frå kl. 03:00 natt til torsdag.