Sunniva (13) med lærebokoppgjer: – Berre kvite menn

Av historiske personar nemner læreboka 15 vestlege menn. Ungdomsskuleeleven meiner det bidreg til å legitimere haldningar om at kvinner ikkje duger.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg reagerte med éin gong eg såg det, og det var fleire i klassa som også reagerte.

Det seier Sunniva Rose Jacobs Steinberg (13) om innhaldet i læreboka i KRLE. Ho går i åttande klasse på Sunndal ungdomsskule.

I starten av boka frå Cappelen Damm er det ei tidslinje som viser kjende personar. Den inneheld 15 europeiske menn, men ingen kvinner eller personar frå andre kulturar.

– Eg syntest eigentleg berre det var veldig rart at dei hadde gjort det sånn og at dei ikkje hadde skrive noko om kvifor dei hadde valt berre kvite menn, seier Steinberg på telefon til Framtida.no.

Lenger ut i boka er det bilete av nokre kvinner, men det står ingenting om kven dei er, seier 13-åringen, som trur vi tar det for gitt at det er sånn. Det hadde blitt reagert på med éin gong viss det berre var kvinner på tidslinja, meiner ho.

Ny bok

Åttandeklassingen reagerer òg på at boka er så godt som ny, ifrå 2022.

– I Noreg er vi heldige som har moglegheit til å lære om andre, ikkje alle i verda har det. Men så brukar dei den ikkje, men vel å ha berre menn i bøkene.

Ho understrekar at ho ikkje synest at mennene ikkje fortener å vere i boka, men meiner det er plass til fleire.

Negative kommentarar frå gutar

– Kvifor meiner du det er viktig å inkludere andre enn desse mennene i pensum?

– Eg opplever når eg er i klasserommet at gutar slenger negative kommentarar om jenter – at vi ikkje kan gjere noko i verda og ikkje kan kome oss fram berre fordi vi er jenter.

Eleven meiner at å berre inkludere menn i lærebøkene bidreg til å legitimere haldningane.

– Det har ingenting med kjønn og kultur å gjere, du kan gjere akkurat like mykje. Det følast ganske nedlatande når dei har valt å berre ha med eitt kjønn.

Skreiv innlegg i Klassekampen

Sunniva Rose Jacobs Steinberg vart sjokkert då ho oppdaga mannsdominansen, og tok læreboka med heim. Mora oppmoda ho til å ta det vidare. 13-åringen tok først opp saka med rektor på skulen, og skreiv vidare eit meiningsinnlegg som vart publisert i Klassekampen. Responsen på innlegget har vore positiv.

– Eg er veldig takksam for alle som bryr seg og som vel å kommentere. Eg hadde ikkje trudd at det ville få så mykje respons, seier ho, og trekker fram at kjende profilar som Helene Uri og Lars Mæhle har engasjert seg etter at det vart delt i sosiale medium.

– Er det nokre stemmer du saknar, som kunne vore med i boka? 

– Eg har jo ikkje lært så mykje om dei, så eg har ingen spesielle namn, svarar Sunniva, før ho kjem på ein person ho blei tipsa om av ein professor.

– Han hadde ei veldig kul dame som heilt klart burde vore med; Simone de Beauvoir. Mannen hennar er med, men ikkje ho, og ho kunne kanskje vore enda meir aktuell. Ho skreiv så mykje viktig!

Etter at Sunniva Rose Jacobs Steinberg skreiv innlegget sitt, svarte universitetslektor Amund Børdahl med eit innlegg der han rosa ho for å løfte problemstillinga. Han skriv at Simone de Beauvoir sitt verk «Det annet kjønn» er ei mykje viktigare bok enn noko ektemannen Jean-Paul Sartre skreiv. Likevel er det han som har fått plass på tidslinja i Cappelen Damm si bok. | Foto: Moshe Milner – Flickr - Government Press Office (GPO) - CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons

Håpar på endring

Steinberg håpar at Cappelen Damm vil gjere noko etter kritikken.

– Dei kan ikkje berre seie at det er dumt.

Åttandeklassingen er med i elevrådet på Sunndal ungdomsskule, og ønskjer at elevane på skulen skal få lære om viktige kvinner.

– Eg har veldig lyst til å prøve få til at i alle fall mi klasse eller åttandeklassingar i Noreg skal få ha timar der dei også lærer om kvinner.

Ho trekker fram Cappelen Damm si bok Kvinner i filosofien.

– Eg håpar dei kan gi den boka til skulen min eller skular i Noreg for at vi skal kunne ha moglegheita. Det ville vore betre viss alle var inkludert.

Står for innhaldet

Cappelen Damm seier til Framtida.no at det ikkje er snakk om ei komplett historisk tidslinje over viktige personar, men at boka er eit temabasert verk og at dei har valt å trekke fram dei personane som har vore mest synlege historisk i dei temaa dei presenterer for 8. trinn.

– Dette er meir eit visuelt grep vi har gjort, seier redaksjonssjef i grunnskuleavdelinga i Cappelen Damm Anne Nygård på telefon til Framtida.no.

Anne Nygård i Cappelen Damm.

Ho legg til at det i læraren si bok er ei oppgåve der elevane skal utforske og samanlikne med si eiga samtid. Elevane blir utfordra på korleis denne tidslinja ville sett ut og kven som ville vore viktige for dei temaa i dag.

Forlaget står for innhaldet i boka, og har stilt seg dei same spørsmåla som Sunniva.

– Forfattaren sjølv problematiserer akkurat det same. På side 124 i KRLE 8 spør ho om kvar kvinnene er og kvifor vi ikkje ser ein annan del av verda, og så kjem vi med ei forklaring på det og brukar tid på å problematisere.

Nygård presiserer at fokuset er på sentrale tankar og idear framfor personar, og at det historisk sett er menn som har vore mest synlege i den grunnleggjande filosofien.

– Men skjønar du at elevar reagerer når dei opnar ei lærebok og blir møtt av berre menn?

– Ja, det skjønar eg. Kanskje plasseringa har gjort at det har blitt tolka litt annleis enn vi hadde tenkt i bruk. Dette var ei visualisering av kven du møter i første og siste del av boka.

Forlaget tar til seg korleis tidslinja har blitt oppfatta, og tenkjer at dei må gjere hensikta meir tydeleg.

Kvinnene kjem

Ho er glad Sunniva Rose Jacobs Steinberg trekker fram boka Kvinner i filosofien, og sender gjerne boka til klassa hennar, sjølv om det ikkje ei lærebok for ungdomstrinnet.

Nygård fortel at elevane på 9. trinn vil ha om tema om identitet og samfunn. Der er Simone de Beauvoir med sidan det er tematisk naturleg. På 9. og 10. trinn er det ikkje sånn at menn er mest synlege, og ein vil også få meir perspektiv frå andre delar av i verda, lovar Nygård.

– Det går eit heilt år før elevane møter kvinnelege tenkarar – kunne ikkje det vore spreidd litt meir?

– No er det desse temaa og læreplanen vi forheld oss til. Vi såg det sjølv og problematiserer det grundig i boka og også i læraren si bok. Så tenkte vi at vi får ei betre framstilling om vi skal halde oss til tema, svarar ho.

Tynt svar

Sunniva Rose Jacobs Steinberg synest det er gøy at forlaget vil sende boka, men synest svaret var tynt. Om dei var opptekne av kvinners rolle har dei ei gyllen moglegheit til nettopp løfte fram den, meiner 13-åringen.

Elevrådet på skulen vil arbeide vidare med temaet.

Saka er oppdatert med reaksjon frå Sunniva Rose Jacobs Steinberg på svaret frå Cappelen Damm.