17-åringane røysta for første gong: – Det gir sjølvtillit

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 19.12.2023 13:12

Denne saka er del av artikkelserien «Dei unge grekarane», der vi undersøker korleis det er å vere ung i demokratiets vogge i 2023. Prosjektet er gjennomført med stønad frå Fritt Ord. 

21. mai var det parlamentsval i Hellas. Den sittande statsministeren Kyriakos Mitsotakis og høgrepartiet Nytt Demokrati vart utpeikt som soleklare vinnarar etter valet. Likevel vil det bli heldt ein ny runde 25. juni, ein mekanisme som skal skaffe vinnarpartiet reint fleirtal i parlamentet.

Beatriki Stoidou (17) fekk nytta røysta si for første gong i vår.

– Det var ei merkeleg oppleving, og eg følte meg meir vaksen. Eg var ikkje heilt førebudd, og var lenge i tvil om kva eg skulle røyste på. Eg bestemte meg ikkje før 20 minutt før. Eg er framleis ikkje sikker på om eg gjorde det rette valet, fortel ho.

Beatriki fortel at ho gjorde mykje research på internett, og at ho snakka med foreldra sine om dei ulike partia. Ho snakka også med venene sine om ulike tema. 

– Eg prøvde å kjenne etter kven eg sjølv var einig med, seier ho.

Blitt eit viktig tema

Hellas senka røystealderen frå 18 til 17 år i 2016. I årets val hadde 112.236 17-åringar rett til å røyste

Beatriki meiner det er viktig at unge bruker røysta.

Beatriki Stoidou (17) meiner det er viktig å bruke røysteretten. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Vi byrjar å bli informerte om kva som skjer i landet vårt. Alle burde gjere opp si eiga meining. Det er bra at vi kan byrje med det tidleg, sjølv om vi kan endre den i framtida.

Ho seier at retten til å røyste gjorde henne meir interessert i å lese seg opp på politikk. 

– Før tenkte eg ikkje på politikk i det heile. No for tida snakkar vi om det nesten heile tida, seier ho.

– Synest du det er bra at røystealderen vart senka?

– Eg er usikker. Når ein er 18 er vi modnare, og vi kan sjå ting med andre auge. Men eg er glad for at eg fekk røyste, det var ei fin oppleving.

– Tenker du det er ein god idé for andre land å senke alderen for stemmerett?

– Eg trur 16 er for ungt. 17 eller 18 er betre, meiner ho. 

– Påverkar alle

Også Sofia Sakouli (17) og Dimitris Petridis (17) røysta for første gong i vår.

– Eg er glad for å få røyste og ta del i valet. Det er alltid fint å inkludere ulike grupper, fordi styresmaktene påverker alle grupper, seier Dimitris.

Sofia Sakouli (17) og Dimitris Petridis (17) frå Thessaloniki røysta for første gong i årets val. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Kvar person tenker på dei sakene som påverker dei. For meg er det utdanning, medan andre tenker på løn og arbeid, og andre ting som eg ikkje tenker på, seier Sofia.

Ho fortel at røysteretten gir sjølvtillit. Det gir ungdommane tru på at dei eldre høyrer etter og respekterer meiningane deira.

Begge meiner det er viktig at deira jamaldrande nyttar retten til å stemme.

– Viss du ikkje har røysta, har du ikkje rett til å klage på styresmaktene. Kvifor gjorde du ikkje noko når du hadde sjansen, då? seier Sofia.

Dimitris seier seg einig. Men han fortel at det er eit problem at mange ikkje finn eit parti som representerer meininga deira godt. 

– Kanskje liker du ikkje nokre av dei største partia, medan ei stemme på eitt av småpartia kan vere bortkasta. Eg trur det skremmer mange vekk frå å røyste, seier han.

Bakgrunn er viktig

Stelios Maridakis (38) er visepresident i det greske nasjonale ungdomsrådet.

Han fortel at ein ikkje har oversikt over korleis dei unge røyster, men at dei gjerne deler seg inn i to kategoriar: Dei som kjem frå familiar som er politisk oppdaterte og oppmodar borna sine til å røyste, vert sjølv meir politiske. Andre trur ikkje på at deira røyst kan gjere nokon skilnad, eller avstår frå å røyste fordi dei ikkje finn eit parti dei ønsker å støtte.

Stelios Maridakis er visepresident i det nasjonale ungdomsrådet i Hellas. Foto: Privat

– Partia talar ikkje for å nå dei unge. Dei ønsker stemmene deira, men går ikkje inn for å forstå situasjonen til dei unge og prøve å hjelpe dei. Dei har ikkje politikk for dei unge. Partia har politiske idear for taxisjåførar, for sjukepleiarar, for andre grupper, men ikkje for unge, seier han.

Likevel seier han at dei unge som går ut for å røyste, i stor grad tek informerte val.

– Dei tenker før dei røyster, slår han fast.

Mykje snakk

Om dei ikkje hadde røysterett i år, kunne det fort ha gått fire nye år før Sofia og Dimitris for alvor hadde sett seg inn i partipolitikken i landet. 

– Eg var aldri interessert i å lære om politikk, men no følte eg meg forplikta til å gjere det. Om eg ikkje kunne røyste, ville eg ikkje ha gjort all den researchen som eg har gjort i år, seier Sofia.

– Det tvinger deg til å tenke gjennom og undersøke dei relevante sakene, seier Dimitris.

Dimitris Petridis (17) er glad for å få delta i årets val. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Sofia og Dimitris fortel at det ikkje har vore mykje fokus på valet i undervisinga på skulen, men at det vert mykje snakk blant venene.

– Vi snakkar om politiske saker generelt, ikkje berre på grunn av valet, seier Sofia.

– Er folk på dykkar alder interesserte i politikk og samfunnstema?

– Ja, i alle fall ein del, seier Sofia.

– Men vi bur i byen og går på skule i sentrum, så vi har ikkje eit objektivt synspunkt for heile landet. Ein stor andel verkar å ikkje bry seg, og røyster gjerne det same som foreldra gjer, seier Dimitris.

Lettare påverka

Dimitris er slett ikkje sikker på om 17 er rett alder til å kunne røyste.

– Unge bør vere representerte, og eg føler at eg og venene mine er ansvarlege, men eg ser at andre unge ikkje er det. Tenåringar vert lettare påverka av andre meiningar, og har ikkje så godt grep om kven vi er, seier han.

Han seier at nokre ungdommar ikkje har eigne meiningar og ikkje er informerte om kva som har skjedd i landet dei siste åra. Mange vil berre gjere seg opp ei meining basert på kva dei høyrer heime, trur han.

– Det kan gjelde for dei som er eldre òg, men eg trur det gjeld fleire tenåringar.

På den andre sida meiner Sofia at unge i dag har betre høve til å gjere eigne undersøkingar.

– Besteforeldregenerasjonen vår kunne ikkje søke på mobilen for å lære om andre parti. Eg veit ikkje kor informerte val dei gjorde då dei var yngre, og nokre røyster kanskje framleis på det same partiet fordi familien deira gjorde det då dei vaks opp, seier ho.

Sofia Sakouli (17) og Dimitris Petridis (17) går på skule i sentrum av den nest største byen i Hellas, og understreker dermed at meiningane deira ikkje representerer landet som heilskap. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Stoler ikkje på nyheitene

Korkje Beatriki, Sofia eller Dimitris følger nyheitene på TV. Media har generelt låg tillit hjå befolkinga i Hellas. I staden bruker dei internett og sosiale medium, og nokre lokal- og nisjeaviser, for å lære om politikk.

– Eg les kommentarfelta for å få ulike meiningar, og gjer meg opp ei meining sjølv, seier Sofia.

– Du stoler ikkje på at nyheitene er objektive?

– Nei, ikkje eigentleg. For dei er ikkje det.

– Dei største partia har kvar sine kanalar som snakkar deira sak, slår Dimitris fast.

– Saman har vi ein effekt

Føler de at røysteretten gir dykk makt?

– Den eine røysta mi vil ikkje gjere ein skilnad. Men det er mange grunnar til å røyste likevel. Saman gjer vi ein skilnad, seier Sofia.

– Eg håpar at andre folk på min alder er eining med meg, og at vi saman kan ha ein effekt, seier Dimitris.

Han meiner det er vel så viktig å lære om kva du røyster for. Elles kan du ende opp med å røyste for noko som ikkje betyr noko for deg.

For både Sofia og Dimitris er utdanning ei viktig sak. Særleg korleis avslutningseksamenane på vidaregåande skule vert gjennomført. Dei meiner eksamenane er urettferdige for elevar på skular med dårlegare ressursar eller svake lærarar, noko som gjer det vanskelegare å komme inn på høgare utdanning.

Kvart år vil dei fleste avgangselevar bruke timesvis kvar einaste dag, i både helger og feriar, for å førebu seg til ein avgangseksamen som vil avgjere heile framtida deira. Mange tyr også til privatlærarar.

– Systemet krev ei radikal endring og ei sakte endring, meiner Dimitris.

Båe to meiner også betre miljøpolitikk er viktig. 

– Ingen av dei store partia har ein agenda for miljøet, seier Dimitris.

Sofia Sakouli (17) og Dimitris Petridis (17) meiner at utdanningssystemet i landet treng radikale endringar. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Servile ungdomsparti

Stelios Maridakis i det nasjonale ungdomsrådet fortel at dei rådande politikarane ikkje gjer stort for å engasjere ungdommar.

Tidlegare hadde landet ungdomsparti som utfordra moderpartia sine med eigen politikk, men desse har minka og grodd nærare moderpartia sine. Dei har ikkje lenger ei viktig røyst, meiner han.

– Eg trur det er fordi partia ikkje lenger er ønskte på universiteta. Studentane er mindre partiorienterte, og partia har mindre og mindre filosofi bak politikken sin. Då er ikkje studentane like interesserte i å diskutere den, seier han.

Dessutan er det ikkje så populært å engasjere seg i politikk, seier Maridakis. Dei unge har tankar og idear, men går ikkje ut og seier det. Berre etter store hendingar, som den fatale togulukka i februar, vert fleire engasjerte.

Både unge og gamle tok til gatene i demonstrasjon i mars. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Treng opplæring

Maridakis meiner det var eit positivt trekk å minke røystealderen frå 18 til 17, og han meiner andre land bør vurdere det same.

– Men det krev at ungdommane får opplæring i politikk først, så dei kan forstå den politiske situasjonen. Det held ikkje å be dei om å røyste utan å gi dei kunnskapen som krevst, seier han.

21. mai var første runde i årets parlamentsval i Hellas. Det greske parlamentet i Aten har 300 seter. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Får greske 17-åringar den kunnskapen?

– Viss dei heime er interesserte i politikk: ja. Viss ikkje: nei. Når ungdommane fyller 18 og byrjar å studere, forstår dei ting betre. Når du går på skule har du éin ting i fokus: å gå på universitetet. Andre ting betyr ikkje så mykje. Men etter skulen, når du må tenke på økonomi, jobb og andre ting, er det fleire saker som er relevante, meiner han.

– Har den unge generasjonen i Hellas ei viktig og effektiv røyst?

– Eg er ikkje sikker, men eg har lyst til å tru det. Eg har tru på det, seier han.


Les også: Ria og Nikos vil forlate heimlandet: – Få moglegheiter i Hellas

Greske Ria Tzika (24) ønsker å flytte ut av Hellas. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg