Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 19.12.2023 14:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er den første i artikkelserien «Dei unge grekarane», der vi undersøker korleis det er å vere ung i demokratiets vogge i 2023. Prosjektet er gjennomført med stønad frå Fritt Ord. 

Dagen er 8. mars. Anledninga er kvinnedagen, men det er ikkje berre feministar som har møtt opp ved Galerius-bogen i Thessaloniki, den nest største byen i Hellas.

Det er åtte dagar sidan den tragiske togkollisjonen i Tempi, som tok livet av minst 57 personar. Mange av passasjerane var studentar på veg tilbake til Thessaloniki etter ei karnevalsfeiring helga før.

Ifølge styresmaktene var det over 60 000 som demonstrerte i Aten og Thessaloniki onsdag. Fleire yrkesgrupper – inkludert togtilsette – streika same dag. Studentorganisasjonar har gått i bresjen for protestane etter togulukka, med støtte frå fagforeiningar, politiske organisasjonar og innbyggarar i alle aldrar.

– Dei fleste er sinte

– Eg trur dei fleste i landet er veldig sinte akkurat no, seier Chrysanthi (19). 

Ifølge offentlege tal skal rundt 20 000 personar ha tatt til gatene i Thessaloniki 8. mars. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho og Konstantinos (20) har kome til Thessaloniki frå Aten for å besøke familie. Dei hadde planar om å delta i kvinnedagsmarkeringa i Thessaloniki, før togulukka sette dagsordenen.

Avsløringane av menneskelege feil, underbemanning og systematisk svikt i jernbanesystemet har sett sinna i kok.

– Allereie før togulukka var det mange som var sinte. Ting har bygd seg opp meir og meir over tid. No er vi komen til eit punkt der det berre er solid sinne, seier Chrysanthi.

I det heile har kvinnesaka hamna i bakgrunnen, meiner dei. 

– Landet vårt bryr seg ikkje om den nye generasjonen

Fleire ulike saker har engasjert ulike grupper i det greske samfunnet i den siste tida. Mellom anna vart ein 16 år gammal romanigut skoten og drepen av politiet i desember etter at han skal ha stole drivstoff frå ein bensinstasjon i Thessaloniki.

– Fleire og fleire unge vert utsette for politivald, seier Chrysanthi.

– Hellas drep sine eigne unge, slår Konstantinos fast.

Chrysanthi (19) og Konstantinos (20) synest det er risikabelt å delta i demonstrasjonane, men dei meiner alternativet er verre. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Vi har kome til eit punkt der folk flest føler at landet vårt ikkje bryr seg om den nye generasjonen. Ikkje om liva våre, ikkje om korleis vi skal tene pengar, ikkje om korleis vi skal bu og leve. Då er det ironisk når dei eldre generasjonane vert sinte på oss unge viss vi vel å flytte frå landet, seier Chrysanthi.

– Difor tyr ein til vald

– Føler de at generasjonen dykkar har makt?

– Eg tenker at vi har makt, men vi har ikkje mange moglegheiter til å bruke den, seier Chrysanthi.

– Vi har ikkje mange lovlege val. Det er difor ein tyr til vald, seier Konstantinos, og viser til at det ofte oppstår valdelege konfliktar mellom demonstrantar og politiet.

– Kjenner de på ei kjensle av makt når de møter opp til ein demonstrasjon som dette?

– Eigentleg ikkje. Det kjenst meir som ei plikt. Om du ikkje møter opp, kjem ingenting til å forandre seg, seier Konstantinos.

– Det kjennest som at ein tar grep, framfor å berre sitje heime, seier Chrysanthi.

Aktivistar heldt talar frå scena like ved Aristoteles-plassen i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Vissa om korleis demonstrasjonar kan utarte seg når mange er sinte, gjer at det kan vere skummelt å møte opp til demonstrasjonar.

Dei to studentane fortel at dei sjølv har vore nære ved å bli utsette for blitsgranatar og tåregass frå politiet tidlegare. Dei hevdar at dei kjenner fleire unge som har vorte arresterte utan grunnlag – berre for å delta i protestar – og dei fryktar å kunne få falske skuldingar retta mot seg.

– Men å bli heime og vere trygg, er ikkje noko betre enn å gå ut og rope for det vi meiner er rett, seier Chrysanthi.

– Alle kvinner er blitt traumatiserte av patriarkatet

Framtida snakkar også med Evie (21). Ho er student, og er opphavleg frå Aten. Ho har møtt opp til demonstrasjonen for å markere kvinnedagen.

– Eg går alltid i denne demonstrasjonen, særleg dei siste åra. Så mange kvinner har vorte drepne av mennene sine, brør, vener, eller andre kjenningar. 

– Vi liker å tenke at Hellas er eit europeisk land, men rettane til kvinner er langt bak, samanlikna med andre land i Europa, seier Evie.

«Vi lever av flaks» står det på eit skilt i demonstrasjonstoget. Både feministar og LHBT-rørsla var synlege i toget. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

I 2021 hevda greske feministar at éi kvinne vart drepen av ein mann kvar månad – som regel av ein partnar.

– Eg og kvar einaste jente og kvinne eg kjenner, har vorte traumatiserte av patriarkatet på ein eller annan måte. Eg meiner dette er ein viktig dag å markere, seier ho.

«Gutar gret ikkje»

Evie meiner dei viktigaste sakene for greske kvinner i dag, handlar om at menn vert godt oppseda og opplyste. Ho seier at menn må verte lærte opp til å ikkje vere valdelege mot kvinner.

– Det er ikkje kvinnene som er problemet. Eg er lei av at berre halve befolkninga gjer ein innsats for å styrke likestillinga, for det er ikkje den rette halvdelen.

Evie meiner arbeidet må starte i heimen, med korleis mødrer og fedrar behandlar sønene og døtrene sine.

– Vi har ofte ei stereotypisk oppseding med «gutar gret ikkje», «mannen må tene pengane i heimen» og «jenter må snakke mindre og vere stille», seier ho.

Ho meiner det særleg gjeld i landsbygdene og mindre byar. 

«Liva våre betyr noko», var ein av dei feministiske bodskapane i toget. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Det er galskap det som føregår med jenter på landet. Det er nokre samfunn som heng igjen på 50-talet, seier ho.

– Ingen har særlege moglegheiter

– Vil du seie at kvinner har dei same moglegheitene som menn i Hellas?

– Ingen har særlege moglegheiter i Hellas. Det er like mykje eit klasseproblem som eit kjønnsproblem. Men kvinner ligg definitivt mykje lenger bak og har mange fleire utfordringar. Det er sanninga, seier ho.


«Ingen har rett til å dominere auga mine, munnen min, hendene mine, desse føtene mine som trår på jorda» står det på fana. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg