Maren Uthaug: – Vi er implisitt menn

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 20.12.2023 11:12

Maren Uthaug: – Vi er implisitt menn

«Nattevandringsmanien, som hadde halde stand i hundrevis av år etter Evolusjonen, hadde til slutt dabba av, og no orka dei færraste å leve ut det som kvinner før i tida ikkje hadde hatt høve til: Å gå aleine ute om natta utan å vere redd for å møte ein mann.» 

Vi er i Danmark fleire hundre år fram i tid. Etter ein revolusjon som blir kalla Evolusjonen, har kvinnene teke over og utrydda patriarkatet.

Menn er heilt fjerna frå samfunnet. Berre nokre få eksemplar av arten er å finne i avlssenter, kalla spa, der dei blir brukte til reproduksjon og til seksuell nyting for kvinnene.

– Det eg ønsker å gjere, er å leike litt med kjønnsoppfattinga og dei strukturane som følgjer med dei oppfatningane vi har av mann og kvinne i samfunnet. Kva vil det seie å vere mann og kva vil det seie å vere kvinne? 

Det fortel forfattar Maren Uthaug på telefon til Framtida.no. Når ho snakkar med Framtida.no er ho nettopp komen attende til Danmark etter å ha vore på noregsbesøk.

11 prosent menn

Uthaug er dansk, med norsk og samisk bakgrunn. Nyleg fekk ho den danske prisen De Gyldne Laurbær, som er den gjævaste litterære prisen i nabolandet vårt. Prisen fekk ho for sin nyaste roman, 11 %.

11 prosent viser til delen menn som trengst for at samfunnet skal kunne gå vidare utan for mykje innavl. 

I boka har både kvinnene og naturen fått nok, og teke tilbake verdskontrollen. Storbyar har blitt forvandla til slum. Patriarkalske former er fjerna, og menneska lever i runde hus. Kvinnelege prestar tilber Modera, og mensblod er heilagt.

Bokomslag syner ei nonne i korsett som syner brystvorta og noko som ser ut som blod. Tekst i gul skrift: Maren Uthaug 11 %

– Eg vart sjokkert over den norske framsida. Den er veldig «in your face». Den danske er veldig enkel. Eg ville ikkje farge innhaldet på førehand og ha med noko som kunne farge lesinga. Omslag: Samlaget

Radikal løysing

Idéen til romanen tok form då Uthaug gjorde research til sin førre roman, En lykkelig slutt. Då kom ho over eit øysamfunn i Stillehavet som var plaga av at mennene var i konstant krig. Kvinnene blei til slutt leie, og bestemte seg for at det dei neste 20 åra ikkje skulle vere nokon menn der. Gutebarn som blei fødde, blei drepne.

– Eg blei så provosert av det, å ta ei så radikal avgjerd, seier forfattaren, men legg humrande til at det jo var ei løysing på problemet.

– Tenk om vi blir så utmatta av menns måte å vere i verda at vi til sist berre seier «nei, viss vi skal bli betre som menneskeslekt, må det bli utan menn», seier ho oppgitt.

Er dei idiotar?

Sjølv om den underliggjande tematikken er alvorleg, gjennomsyrer humor og satire boka.

– Det eg gjerne vil, er å opne litt i hovudet. Få inn nye bilete og nye tankar. Få auge på dei patriarkalske strukturane.

Foto: Simon Klein-Knudsen

Ho ønskjer seg ikkje ein matriarkalsk struktur, men vonar at vi i fellesskap kan jobbe for at ikkje alt er på menns premiss i samfunnet.

– Og setje fokus på at det er menn som begår mest kriminalitet. Kvifor gjer dei det? Er det kulturelt eller er det fordi dei er idiotar, undrar ho.

– Eg har ikkje svaret på det. Uansett må vi gjere noko med det.

Boka skriv seg inn i ein debatt som pregar dagens samfunn. Uthaug trekker fram saka som dominerer nyheitsbiletet i Danmark medan vi snakkar saman. Ei 13 år gamal jente blei bortført og valdteken i Korsør. Den sikta i saka blir òg kopla mot andre overgrep og ei drapssak.

– Det er snakk om ein tilsynelatande velfungerande, ung mann. Ingenting indikerer at han skulle vere sjuk. Kva er det som gjer at det klikkar for han, og kvifor klikkar det ikkje for kvinner? spør ho seg.

Seksuell frigjering

Uthaug er oppteken av frigjering av kvinner og av seksualitet.

– Eg er overtydd om at vi ikkje får likestilling før vi har seksuell likestilling, sa ho frå scena då ho vitja Litteraturhuset i Oslo. 

Til Framtida.no utdjupar forfattaren kva ho legg i det.

– Eg synest at det er for lite fokus på kvinneleg seksualitet. I dag er all kvinneleg seksualitet målt i forhold til menn. 

I researchen sin har Uthaug oppdaga at det finst lite forsking på kvinneleg seksualitet, og dei som først forskar på det, er ikkje samde med kvarandre.

Noko anna som pregar måten kvinneleg seksualitet blir omtalt på, er skamma som ofte blir knytt til det. I boka ønska Maren Uthaug å fjerne denne.

Kvinnene har til dømes faget kropp på skulen, med emne som praktisk og teoretisk onani, og påbygg i partnarorgasme. Det er debattar mellom onanistar, vaginistar og penistar, og ein orgasme blir sett på som like daglegdags som å pusse tennene.

Maren Uthaug i samtale med Wencke Mühleisen på Litteraturhuset i Oslo. Foto: Karoline Kilsti Vassenden.

Feminisme i Noreg og Danmark

– Kva forhold har du sjølv til feminisme? 

– Eg er feminist, sjølvsagt er eg feminist, svarar Uthaug.

Ho utdjupar at feminisme er noko ho er oppteken av, men ho skriv ikkje berre feministiske bøker. Teikneseriestripene ho lagar for den danske avisa Politiken er i blant feministiske, men ikkje alltid.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Maren Uthaug (@maren_uthaug)

– Eg kan bli litt trøtt av femninistsnakk, og er ikkje så redd for å gjere narr av det eller sjå det radikale, seier ho, og legg til at døtrene hennar synest at ho ikkje alltid er feminist nok.

Uthaug forklarar at dei i Danmark er veldig redde for reglar og ikkje likar autoritetar, noko som kan forklare at metoo-rørsla kom seinare til Danmark enn andre europeiske land. Ho trur det strekker seg tilbake til då danskekongen vart avsett som eineveldig i 1848. Etter det skulle ingen bestemme over det enkelte mennesket.

Maren Uthaug les høgt frå boka «11 %». Utdraget ho les handlar om då den eine hovudpersonen skal få «prøve» ein mann på avlssenteret for første gong. Foto: Karoline Kilsti Vassenden

Patriarkalske strukturar i språket

Forfattaren har òg blitt merksam på at det i dansk er mange fleire ord som sluttar på mann enn kvinne. Ho har funne ut at det er 187 ord som endar på mann, medan berre 14 endar på kvinne.

– Vi er implisitt menn. Det augeblikket du føreslår at det språkleg skal vere dame, så held dei på å falle om.

Ho understrekar at dei patriarkalske strukturane er overalt, og viss du først byrjar å sjå dei, kan du nesten ikkje sjå anna.

– Du er nøydd til å utvikle ein sterk humoristisk sans for å ikkje bli eit rasande menneske.

Like stygt som patriarkatet

Forfattaren synest boka har blitt teken godt imot både i Danmark og Noreg. Men ho har hissa på seg nokre menn. Likevel har dei mennene som faktisk har lese boka, stort sett likt ho.

I tillegg til det humoristiske preget, har dei forstått at det faktisk ikkje er menn som enkeltpersonar ho går etter.

– Det er jo strukturar eg går etter. Eg har skapt eit matriarkat som er like stygt som eit patriarkat no. Det er så mykje i kulturen vår vi berre aksepterer at er sånn, som den kulturelle oppfattinga av sex.

Og nettopp det med sex verkar å vere noko danskane har hengt seg opp i.

– I Danmark er det overskrifter som får meg til å høyrest ut som ein sexgalning, ler ho.

– I Noreg har det vore meir fokus på humoren i boka.


Foto: iihs.org/Wikimedia